Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 05.10.2016 kl 07:00
Lensmann Guttorm Hagen har vendt seg til Statens vegvesen med ynskje om ei synfaring på Vikebygdvegen, Fv. 45.
Publisert: 03.10.2016 kl 18:00
Ein ser no enden på fleire år med planar. Nye Uppheim har fått nye vindauge, påbygg, himling og nytt kjøkken, vrimlerom og toalett. Om ikkje så mange månader blir det innflytting.
Publisert: 02.10.2016 kl 18:00
I oktober går årets TV-aksjon av stabelen. No vert næringslivet i Volda invitert med på dugnaden.
Publisert: 01.10.2016 kl 18:00
Henning Bauer Westbye, styreleiar i Volda Ørsta Brettspillklubb, søkjer Volda kommune om 10.000 kroner i støtte til innkjøp av spel.
Publisert: 01.10.2016 kl 07:00
Volda Maskin AS gratulerer Håkon Bratteberg, Laurits Ørjasæter, Håvard Næss Skåden og Sindre Stadeløkken med fagbrev i anleggsmaskinførarfaget.
Publisert: 29.09.2016 kl 18:00
For nokre veker sidan skreiv Møre om elevane ved Møre Folkehøgskule som var på jakt etter frukttre dei kunne få plukke frukt frå. To hageeigarar i Volda stilte opp.
Publisert: 28.09.2016 kl 18:00
Syklane låg klare til bruk medan deltakarane fekk instruksar om løypa. Med musikk på anlegget og skinande sol var det ei stemningsfull atmosfære ved Snauderåsa Downhill søndag. Deltakarane var klare for fart og spenning.
Publisert: 27.09.2016 kl 18:00
Kjellen fanga merksemda til publikum i det showet starta. Ikledd dress og slips gjekk premiera ”Kjellen – Med prostata mot stjernene” av stabelen.
Publisert: 27.09.2016 kl 07:00
Norsk Epilepsiforbund tildelte søndag jojo-kunstnaren Eirik Sætre Hove frå Volda prisen Årets rollemodell.
Publisert: 25.09.2016 kl 18:00
Volda kommune inviterte i sommar åtte ulike firma til å kome med tilbod på levering av støyskjermar i element/modular til Storgata-Lerkane i Volda sentrum. Ingen vil ha jobben.
Publisert: 25.09.2016 kl 13:00
I samband med markeringa av Eldredagen 1. oktober, spanderer Volda eldreråd ei kinoframsyning på kommunen sine pensjonistar.
Publisert: 23.09.2016 kl 18:00
John Lamb laga ein musikkvideo i teknikken rotoskopering i 1979. I 1980 fekk han ein teknisk Oscar for denne. Gunnar Strøm har skrive forordet i ei bok med skisser frå filmen. På opningsdagen av «Animation Volda»-festivalen møttest mennene i galleriet til Norsk animasjonssenter (NAS) i Volda.
Publisert: 22.09.2016 kl 15:39 - Oppdatert: 22.09.2016 kl 16:02
I halv fire-tida torsdag ettermiddag skjedde det ei trafikkulykke ved Volda ferjekai.
Publisert: 21.09.2016 kl 18:00
Voldatunnelen vert planlagt med to løp, men i første omgang blir berre det eine løpet bygt.
Publisert: 20.09.2016 kl 18:00
Rektor ved Volda vidaregåande skule, Trond Hjelseth, seier dei kvart år oppmodar sine elevar og tilsette til å parkere på Steinrøysa, aust for skulen. – Men vi kan sjølvsagt ikkje kontrollere dette, seier han.
Publisert: 19.09.2016 kl 18:00
Då Volda Fotball bytta ut sponsoren på sine drakter nyleg, vart det mange gamle drakter til overs. Desse er no på veg til Kenya, og skal gjevast bort til born i slummen.
Publisert: 18.09.2016 kl 18:00
UDI, IMDI, fylkesmannen og fylkeskommunen kjem 21. september til Volda for å bli informert om kva som gjer at Volda kommune lykkast i arbeidet med å vere ei robust integreringskommune.
Publisert: 17.09.2016 kl 18:00
Utbetring av Botnavegen vert dyrare enn planlagt. Administrasjonen ber no politikarane godkjenne ei tilleggsløyving på nær 19 millionar kroner.
Publisert: 16.09.2016 kl 18:00
Førre søndag arrangerte Volda Røde Kors Omsorg pensjonisttur til den over 100 år gamle turnhytta ved Dinglavatnet.
Publisert: 16.09.2016 kl 07:00
Per Ola Godø har vore pastor i pinsekyrkja i over 15 år. No skal han verte pensjonist, og reiser frå kyrkjelyden med sorg.
Publisert: 15.09.2016 kl 18:00
Klesbutikken Cubus har i nokre år hatt lenger opningstid enn tidlegare, for at kundar skal få tid til å handle etter jobb og barnehage.
Publisert: 15.09.2016 kl 10:22
Parkeringssituasjonen i Seljebakken er framleis utfordrande, og har vore det over lang tid. Ein av dei som er oppgidde, er Odd Kåre Fløtre. - Kven sit med ansvaret her? spør han seg.
Publisert: 14.09.2016 kl 18:00
Før helgas seriestart i Stigaligaen i Molde, var Volda og Ørsta bordtennisklubb klare favorittar, og det var tydelegvis ikkje utan grunn.
Publisert: 14.09.2016 kl 10:43
Lars Mæhle skal vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela 29. juni–2. juli neste år. Festspelpublikummet kan gle seg til å møte ein aktuell forfattar med ein svært mangfaldig forfattarskap.
Publisert: 13.09.2016 kl 18:00
Anita Bratteberg valte å følgje draumen om å starte eigen butikk. I helga var det nøyaktig eit år sidan ho opna Egal Design på Spinneriet.