Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 07.05.2015 kl 13:35
Norske og nordiske komponistar er godt representert i programmet til Sunnmøre Kammermusikkfestival denne hausten.
Publisert: 28.04.2015 kl 09:20 - Oppdatert: 28.04.2015 kl 09:21
Fabian Greenberg og Bård Kjøge Rønning har laga film om Geir Hovind Frøyseland alias «Bokmannen». Stryningen har bokhandel i Volda. Han er ein storlesar og boksamlar som spelar sjakk. Filmen hadde premiere under «Dokfilm» laurdag.
Publisert: 26.04.2015 kl 21:59
Det vart delt ut mange gjeve prisar under Dokfilmfestivalen laurdag kveld. Den gjevaste av dei var Gulllflugeprisen
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 24.04.2015 kl 15:17
Etter 30 år med Radio Sentrum endrar radioen namn til Radio Sunnmøre frå og med 1. mai. I tillegg kjem radioen med ny og flott heimeside.
Publisert: 24.04.2015 kl 12:37
Fylkesdelen av Ungdommens kulturmønstring vart førre helg arrangert på Herøy Kulturhus, og var eit samarbeid mellom Møre og Romsdal musikkråd, Herøy kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Publisert: 23.04.2015 kl 16:30
Festspeldiktar Gunnhild Øyehaug får selskap av tre tidlegare festspeldiktarar og ein ung poet og romandebutant når ho entrar Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet fredag 26. juni.
Publisert: 23.04.2015 kl 09:59
18 år gamle Olav Standal Tangen frå Volda fekk heiderleg omtale for filmen sin «Buldraren» under årets DokTalent. DokTalent er ein kortfilmkonkurranse for elevar ved vidaregåande og folkehøgskular.
Publisert: 14.04.2015 kl 13:22 - Oppdatert: 14.04.2015 kl 13:31
- Hald ut og gi aldri opp, var den daglege leiaren for Furene i Volda si helsing til Ørsta og Volda handikaplag då dei feira 40 års jubileum.
Publisert: 10.04.2015 kl 11:57
Laurdag under festspela kjem D.D.E. med frontfiguren Bjarne Brøndbo til Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet for å spele konsert under Dei nynorske festspela.
Publisert: 09.04.2015 kl 15:11 - Oppdatert: 09.04.2015 kl 15:15
Vinteren er snart over, og Husflidslaget gler seg til vår og lysare dagar! Laurdag byr dei inn til handverkskafe.
Publisert: 31.03.2015 kl 13:24 - Oppdatert: 01.04.2015 kl 07:45
Trandalblues går i år av stabelen 3. og 4. juli på Christian Gaard, i den vesle veglause bygda Trandal i Hjørundfjorden. I år for 8. gong.
Publisert: 30.03.2015 kl 09:48 - Oppdatert: 01.04.2015 kl 07:55
21. mars vart Nowruz feira på studiet Mat, kultur og konservering på Høgskulen i Volda. Høgskulelektor Kari Ryslett hadde invitert sin tidlegare kollega Maria Roshan frå Ørsta ungdomsskule til å fortelje om denne høgtida, og laga mat frå mellom anna Iran.
Publisert: 26.03.2015 kl 09:37
Det gjekk over styr for billetør og ferjemann Kjellen under vaffeldagen.
Publisert: 23.03.2015 kl 21:33
MDG Ørsta/Volda er no delt i to lokallag. Bjørn Helset er ny lokallagsleiar i Ørsta. I Volda er Helge Standal leiar av lokallaget.
Publisert: 12.03.2015 kl 11:40 - Oppdatert: 12.03.2015 kl 16:19
For første gong i historia skal Høgskulen i Ålesund i regi av Ålesund Studentsamfunn, arrangere revy. Regissøren av revyen er voldingen Thomas Hjelseth.
Publisert: 12.03.2015 kl 10:16 - Oppdatert: 12.03.2015 kl 19:17
Vi i Møre er i vårstemning og arrangerer ei fotokonkurranse med tema "Vårstemning".
Publisert: 11.03.2015 kl 14:33 - Oppdatert: 11.03.2015 kl 14:37
Blandakoret Fjordafolk inviterte til korkafé søndag. Sjølv om vêret ute var ruskete, var målet å syngje inn våren.
Publisert: 11.03.2015 kl 22:04
Ellen Horn sluttar som teatersjef ved Riksteatret, og takkar for seg som skodespelar på turné med den kritikarroste og sterke framsyninga «Natten er dagens mor». Fredag 20. mars kjem ho til Operahuset Nordfjord.
Publisert: 10.03.2015 kl 15:50 - Oppdatert: 12.03.2015 kl 09:25
I april blir revyen «Grense Åmdalselv» å sjå både på Åmdal ungdomshus og i kinosalen på Ørsta kulturhus. I helga hadde revygjengen si første store øving med kostyme og band.
Publisert: 05.03.2015 kl 12:09 - Oppdatert: 13.03.2015 kl 15:18
I ein mannsalder har Ingrid Opedal vore ein markant kvinnelege politikar i Volda. Føtene kjem ikkje på bordet enno, no vil ho bruke engasjementet til det ho verkeleg brenn for.
Publisert: 03.03.2015 kl 09:55 - Oppdatert: 03.03.2015 kl 10:30
Kunsthistorikaren og forfattaren Jorunn Veiteberg (59) er kåra til Årets nynorskbrukar 2015.
Publisert: 26.02.2015 kl 13:38 - Oppdatert: 26.02.2015 kl 21:54
Fredag er det duka for premiere på dokumentaren «Kunsten å leggje seg paddeflat». SpareBank 1 Søre Sunnmøre og Austefjord grendalag stiller med raud løpar og forfriskingar.
Publisert: 24.02.2015 kl 12:58 - Oppdatert: 26.02.2015 kl 21:55
Måndag fekk Eldbjørg Tvergrov SpareBank 1 sin ærespris. Dei siste 30 åra har ho vore ein sentral person for idretts- og kulturarbeidet i Ørsta og særskild i Hjørundfjorden.
Publisert: 23.02.2015 kl 15:40 - Oppdatert: 26.02.2015 kl 21:55
28. juli står sjølvaste Vamp på scena utanfor Hotel Union på Øye.
Publisert: 23.02.2015 kl 12:56 - Oppdatert: 26.02.2015 kl 21:55
Styret i Kyrkjebåten Kulturformidling søkjer Ørsta kommune om tilskot til restaurering av Kyrkjebåten frå Bjørke.