Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 04.06.2024 kl 05:00
På ein litt grå laurdag vart Volda sentrum fylt opp av folk, fargar og mat. Det var duka for Voldafestivalen, og her var det høve til å smake mat og oppleve kulturen til mange ulike land.
Publisert: 03.06.2024 kl 18:00
Laurdag 1. juni var det duka for storbandtreff i Volda for fjerde gong. Storband frå heile Sunnmøre samla seg i Volda og fylte sentrum med musikk.
Publisert: 03.06.2024 kl 12:00
Denne helga viste Ørsta og Volda ballettskule fram vårens arbeid, og sette opp tre framsyningar med Peter Pan i Ørsta kulturhus.
Publisert: 31.05.2024 kl 12:00
Storband frå heile Sunnmøre kjem til Volda for å ta del i Storbandtreff 2024 kommande laurdag.
Publisert: 31.05.2024 kl 05:00
Voldingen Jekeziahrem Acuna Villanueva, også kjent under artistnamnet Jeki, slepp ein ny låt i dag: «Play with fire».
Publisert: 30.05.2024 kl 18:00
- I Møre og Romsdal har vi truleg hogd 1,5 mill. m3 for mykje gran dei siste åtte åra, og det medfører enorme økonomiske tap for skogeigarane og samfunnet, seier Håkon Johan Eliassen, som er leiar for Møre og Romsdal skogeigarforum. I mai var det skogdag i Åmdalen, og der fekk deltakarane...
Publisert: 28.05.2024 kl 15:46
Frank Willy Utgård spelar gitar i det superpopulære festcountrybandet Vassendgutane. Men han spelar også i rockeband, driv ein møbelfabrikk og ein nettbutikk for gitardelar. Og han hadde meir enn ein finger med i spelet då artisten Adam Douglas gjorde nordmann av seg.
Publisert: 27.05.2024 kl 12:00
Det var perfekte forhold på Botnasanden søndag, med om lag 27 grader i lufta og svak bris. Mange synest nok dette var litt i varmaste laget, og det var difor godt å få kjøle seg av i vatnet. Badeplassen var ganske full, og ein måtte parkere langs vegen for å få plass. Dette var i 15-tida.
Publisert: 24.05.2024 kl 12:00
Songar frå Joni Mitchell, Bill Withers, Donald Fagen og Nik Kershaw har fått nye arrangement når vokalgruppa Mju Vocal kjem med albumet «Just the four of us» fredag 24. mai. Som tittelen seier, er det stemmene til dei fire songarane som ber musikken fram.
Publisert: 24.05.2024 kl 05:00
- Eg har fått grunnlag for å kunne seie at sigling er ein kjekk aktivitet som eg vil drive meir med, seier Sunniva Sæther Tennfjord, som deltok på Bjørkedal kystlag sitt kurs i sigling av gamle tradisjonsbåtar i mai.
Publisert: 22.05.2024 kl 05:00
Hornindal og Markane skyttarlag hadde rigga klart til årets første bilbingo på skytebana i Hornindal. Tradisjonen tru, så vart bingoen arrangert første søndagen etter 17. mai.
Tradisjonen tru, møtte fleire opp for gudsteneste og familiedag ved Hovdevatnet andre pinsedag. Dagen var i regi av Trimgruppa i Hovdebygda og Ørsta kyrkjelyd, som var svært takksame for det flotte vêret.
Publisert: 20.05.2024 kl 18:00
Rune Hovde ære dei frå Volda som med sitt mot og sin tapperheit kjempa for Noreg sin fridom i krigane frå 1807-1814 og 1940-1945. - Når vi legg ned kransen her i dag gjer vi det med ei fornya forplikting til å stå imot dei øydeleggjande kreftene vi ser kring oss, minna han om. Les heile...
Publisert: 19.05.2024 kl 18:00
Olav Øyehaug Opsvik heldt hovudtalen for dagen i Volda sentrum 17. mai. Han la vekt på at: "Sjølv om eit dokument som den norske Grunnlova har stor verdi, er den åleine ingen garanti for at rettane våre er sikra. Orda på papiret kan raskt miste sin verdi om dei ikkje blir følgde opp med...
Publisert: 18.05.2024 kl 18:00
Fire damer. Ein forfattar. To illustratørar. Ein grafisk designar. Alle med lokal tilknyting til Volda og Ørsta. Samspelet mellom desse damene har gjort at boka Blåklokka, Haren og Morfar har funne sin harmoniske form.
Publisert: 18.05.2024 kl 12:00
I naturskjønne omgivnader kunne folket i Austefjord atter ein gong feire 17. mai. I år gjekk toget frå Samhald til skulen. Det var matsal begge stader. Ved skulen var det tale og meir korpsmusikk.
Publisert: 17.05.2024 kl 23:15 - Oppdatert: 17.05.2024 kl 23:30
Drilltroppa frå Mork imponerte under årets folketog.
Publisert: 17.05.2024 kl 18:40 - Oppdatert: 18.05.2024 kl 08:06
I Hornindal skjer det noko gjennom heile nasjonaldagen. Det er program for både store og små. Korpset har ei viktig rolle. I år var dei 40 spelande musikantar og 16 drillarar.
Publisert: 16.05.2024 kl 12:00
Volda mållag markerte årsdagen for jamstellingsvedtaket Stortinget gjorde 12. mai i 1885, på Fruenes kafé laurdag.
Publisert: 15.05.2024 kl 18:00
Dra laksen gutekor syng vanlegvis berre offentleg på 17. mai, men i år gjorde dei eit unntak. Tysdag fekk Volda omsorgssenter ei vitamininnsprøyting av ein konsert.
Publisert: 14.05.2024 kl 18:00
Måndag var Stig Ulvestad, alias Stig Ulv, i Dalsfjord kyrkje for å spele inn plate. Denne gongen har han late seg inspirere av eigen barndom.
Publisert: 13.05.2024 kl 12:00
Vinnarane av Nymfeprisen vart Sophia Quick, Matias Hammersborg og Tobias Lystad. Dei studerer i Volda og hadde laga filmen «Sissa pappa fatteren».
Publisert: 12.05.2024 kl 12:00
Volda og Ørsta Bryggarlaug sikra seg pallplassar under NM i heimebrygging.
Publisert: 11.05.2024 kl 20:50 - Oppdatert: 13.05.2024 kl 09:37
Så mange som åtte ordførarar/varaordførar frå Søre-Sunnmøre og Nordfjord, pluss fylkesordføraren i Møre og Romsdal gjekk i årets bygdeprideparade. Dei gav gjennom appellar uttrykk for stor støtte til dei skeive.
Publisert: 11.05.2024 kl 18:00 - Oppdatert: 13.05.2024 kl 09:32
Ein av grunnane til at ein i Ørsta kan arrangere Regnbogemesse for 4. gong, er fordi den nyvalde leiaren i Kyrkjerådet, Gard Sandaker-Nielsen, i si tid tok opp kampen for dei homofile sine rettar i kyrkja. Torsdag var han gjest, og vart intervjua av sokneprest Arne Moltubakk. I same gudsteneste...