Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 22.12.2021 kl 14:30 - Oppdatert: 22.12.2021 kl 14:44
Det vart politijakt langs Ørstavegen tysdag kveld etter at ein sjåfør køyrde i ruspåverka tilstand. Mannen nekta å stanse i rutinekontroll og heller ikkje når politiet køyrde etter og gav signal om at han måtte stanse.
Publisert: 22.12.2021 kl 13:00
Mykje av idretten opplever full stopp, men KFUM Volda Volleyball sine elitedamer skal trene heile romjula fram mot neste seriekamp. Klubben vil også prøve å gje eit treningstilbod til ungdom, så langt det let seg gjere.
Publisert: 22.12.2021 kl 11:00
Volda kommune har utfordringar med bemanninga i barnehagane våre, og oppmodar derfor foreldre om berre å bruke barnehagane i eit omfang som stettar behovet for å vere på arbeid.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 22.12.2021 kl 08:55 - Oppdatert: 22.12.2021 kl 12:42
Volda kommune har siste døgn fått meldt fem nye tilfelle med Covid-19. Alle har kjent smitteveg. Tre med ukjend smitteveg og to nærkontaktar.
Publisert: 22.12.2021 kl 09:15 - Oppdatert: 22.12.2021 kl 09:20
Ein sjåfør vart meldt til politiet etter tungkøyretøykontroll på Kjøs natt til 21. desember. Vedkommande hadde manglande etterregistrering av anna arbeid på sjåførkortet.
Publisert: 22.12.2021 kl 07:00
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar Volda kommune oppstart av arbeid med detaljregulering av gbnr. 20/610 med fleire i Volda kommune. Namn på planen er «Detaljregulering for Heltnemarka».
Publisert: 21.12.2021 kl 18:00
I dag er det vintersolkverv, og «sola snur» som det vert sagt på folkemunne. Vi går lysare kveldar i møte.
Publisert: 21.12.2021 kl 15:44
29. desember er det drop-in vaksinering i Ørsta, men Ørsta kommune bed om at dei som kan bestiller time på førehand. Kommunen opnar no for barn frå 12-15 år, ungdom og vaksne over 18 år.
Publisert: 21.12.2021 kl 13:46
Ørsta kommune fekk meldt 2 nye tilfelle av Covid-19 i går kveld, måndag 20. desember.
Publisert: 21.12.2021 kl 13:00
Ordførar Sølvi Dimmen (Sp) har vore i møte med leiar av Transportkomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp) om E39 Voldatunnelen. – Han er open for ei auke av kostnadsramma, men mykje er avhengig av kva som kjem fram i verdianalysen av prosjektet, seier Dimmen.
Publisert: 21.12.2021 kl 08:31
Volda kommune har fått melding om fem nye smittetilfelle med Covid-19. Tre av tilfella har ukjent smitteveg.
Publisert: 21.12.2021 kl 07:00
I dagane før jula2020 var det markant færre bulkeskadar enn i åra før. Årsaka er mogleg heimekontor og netthandel.
Publisert: 20.12.2021 kl 18:00
Sverre Osdal og Krohn pyroteknikk er klar med nytt, stort fellesfyrverkeri på nyttårsaftan. No håper Osdal fleire vil vere med å bidra.
Publisert: 20.12.2021 kl 16:30
Søndag spelte KFUM Volda Volleyball ein av dei viktigaste kampane denne sesongen når dei tok imot TIF Viking frå Bergen.
Publisert: 20.12.2021 kl 13:59
Trass ein nedgang i talet på nye smitta, kjem Volda kommune med ei oppmoding om å redusere talet på nærkontaktar og ha låg terskel for å ta ein test. – Det er forholdsvis mange av dei smitta som har ukjent smitteveg.
Publisert: 20.12.2021 kl 11:57
Mørenett følgjer den politiske oppmodinga om å utsetje innføringa av ny nettleigemodell. - Frå nyttår held vi fram med same nettleigemodellen som vi har i dag, stadfestar adm. direktør Rune Kiperberg.
Publisert: 20.12.2021 kl 07:00
Kyrkjene i Volda kommune følgjer dei nye nasjonale reglane. – Det som får dei største konsekvensane, er at vi ikkje kan vere meir enn femti personar til stades, fortel sokneprest Per Kristian Hovden Sætre.
Publisert: 20.12.2021 kl 08:40
Volda kommune har fått melding om fem nye smittetilfelle med Covid-19. To har ukjent smitteveg.
Publisert: 19.12.2021 kl 18:00
På styremøtet 9. desember vart det vedtatt ein investeringsplan for Høgskulen i Volda for dei komande åra.
Publisert: 19.12.2021 kl 13:00
Volda rideklubb har opplevd stor medlemsvekst etter at dei opna ridehallen på Vollane. No er det klart til innflytting i ny klubbstall, og medlemstalet berre held fram med å vekse. – I 2020 var vi 119 medlemmar. I dag har vi 162, fortel klubbleiar Edle Holmin.
Publisert: 19.12.2021 kl 07:00
Julegryteinnsamlinga nærmar seg no innspurten, og Frelsesarmeen håpar på like godt resultat som i fjor.
Publisert: 19.12.2021 kl 09:02
Volda kommune har fått melding om tre nye smittetilfelle med Covid-19. Alle er knytt til smitteutbrotet på Øyra.
Publisert: 18.12.2021 kl 18:00
Volda kommunestyre godkjende torsdag detaljreguleringsplan for Storgata 7 og 9. Det opnar for 18 nye sentrumsleilegheiter og næringsareal.
Publisert: 18.12.2021 kl 13:00
Dei neste fire vekene må det aller meste av kampaktivitet i Handball-Noreg setjast på vent. Det vart klart då regjeringa la fram si nye tiltaksliste måndag. Unntaket er eliteserien for begge kjønn, som kjem inn under toppidrettsomgrepet. For alle andre er det stans i all kampaktivitet til og...
Publisert: 18.12.2021 kl 10:00
Alti kjøpesenter i Ørsta skal utvidast og eit nytt torgareal knyt Alti nærmare sentrum og gågata. Det er planar om nye forretningsbygg, fleire nye bueiningar, parkeringshus og nye parkeringsplassar med plass til over 300 bilar.