Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 17.12.2021 kl 18:00
Volda kommunestyre vedtok torsdag alternativ 1B, ei flytebru med høgbru i enden, for vidare utarbeiding av kommunedelplan for kryssing av Voldsfjorden.
Publisert: 17.12.2021 kl 15:40 - Oppdatert: 17.12.2021 kl 15:46
Volda kommune har fått fleire positive koronaprøver som er knytt til utestaden Tredet laurdag 11. desember.
Publisert: 17.12.2021 kl 15:23
Volda kommune melder om stor pågang og høgt tempo på vaksineringa. – Vi merkar også at mange fleire uvaksinerte no melder seg til vaksinering. Det ser ut som mange har vakna, og det er vi veldig glade for, seier ordførar Sølvi Dimmen.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 17.12.2021 kl 08:35 - Oppdatert: 17.12.2021 kl 10:27
Volda kommune har fått melding om ni nye koronasmitta. Fem av dei har vore på treningssenter i smitteførande fase.
Publisert: 17.12.2021 kl 09:32
Helse Møre og Romsdal melder at dei innfører besøksforbod ved alle sjukehusa i fylket frå og med i dag, fredag 17. desember.
Publisert: 16.12.2021 kl 18:00
Egil Olsen held digitalt plateslepp komande fredag, og slepp singelen «Whoopsie Daisy». Olsen lovar òg ny musikk kvar tredje fredag utover våren.
Publisert: 16.12.2021 kl 14:00 - Oppdatert: 16.12.2021 kl 15:26
KFUM Volda er i helga klar for ny heimekamp i eliteserien i volleyball. Grunna korona-restriksjonar er dette ein kamp som går utan publikum til stades.
Publisert: 16.12.2021 kl 11:01
Eldsjelene bak Trivsel i sentrum fekk torsdag tildelt Frivilligprisen 2021 av Volda kommune.
Publisert: 16.12.2021 kl 11:36
Ørsta kommune har fått melding om eit nytt tilfelle med Covid-19. Personen skal vere smitta i husstanden.
Publisert: 16.12.2021 kl 11:05
Sak om finansiering av symjeanlegg i Volda sentrum er trekt frå sakskartet til dagens kommunestyremøte.
Publisert: 16.12.2021 kl 11:34
Det har vore god oppslutning om oppfriskingsdosar i Ørsta, og kommunen opnar for Drop-in vaksinering i Ørsta kulturhus i ettermiddag, i tillegg til dei planlagde vaksineringstimane.
Publisert: 16.12.2021 kl 09:51
Tussa Installasjon AS har inngått avtale om å kjøpe alle aksjane i Stryn Elektro AS.
Publisert: 16.12.2021 kl 08:40
Volda kommune har siste døgn fått meldt fem nye tilfelle med Covid-19.
Publisert: 15.12.2021 kl 18:00
I dag skal kommunestyret ta stilling til finansiering av symjeanlegg i Volda sentrum. Ottar Skare i Stiftinga Voldabadet håper politikarane går for tilrådinga frå formannskapet.
Publisert: 15.12.2021 kl 14:55 - Oppdatert: 15.12.2021 kl 15:03
Onsdag ettermiddag melder Ørsta kommune om to nye smittetilfelle med Covid-19. Elevar i 7. klassene ved både Vikemarka skule og Velle skule vert rådd til å teste seg.
Publisert: 15.12.2021 kl 12:52
Volda rideklubb får kr. 5.000 i midlar frå ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Pengane skal m.a. gå til førstehjelpsutstyr.
Publisert: 15.12.2021 kl 07:00
Kommunestyret legg til rette for at det kan etablerast lagerbygg for næringslivet, deriblant Vik Ørsta, på Ørstaterminalen. I tillegg vert kaia rusta opp og forlenga.
Publisert: 15.12.2021 kl 08:30
Volda kommune har fått melding om tre nye smittetilfelle med Covid-19. Alle har kjend smitteveg.
Publisert: 14.12.2021 kl 19:00 - Oppdatert: 15.12.2021 kl 23:00
Ørsta kommune melder om ein ny smitta tysdag 14. desember.
Publisert: 14.12.2021 kl 18:00 - Oppdatert: 15.12.2021 kl 10:19
Jula kan vere ei tung høgtid, og for mange medfører tida framover både økonomisk og følelsesmessig stress. Dette ynskjer Amalie i Juleglede Volda å gjere noko med.
Publisert: 14.12.2021 kl 15:00
– Vi skal i møte med leiar av Transportkomiteen denne veka, svarar ordførar Sølvi Dimmen (Sp) på utfordringa frå Ivar Otto Kristiansen og Volda Høgre om kva kommuneleiinga gjer for Voldatunnelen.
Publisert: 14.12.2021 kl 13:36
– Det er viktig at pasientane møter opp til avtalt time og behandling. Vi har gode smittevernrutinar, seier fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Torstein Hole.
Publisert: 14.12.2021 kl 13:31 - Oppdatert: 14.12.2021 kl 13:32
Helse Møre og Romsdal meiner dei har involvert brukarane i saka om flytting av Mork rehabiliteringssenter til Volda sjukehuset, og at dei vil involvere brukarane i vidare planlegging.
Publisert: 14.12.2021 kl 10:30 - Oppdatert: 14.12.2021 kl 10:33
- Vi må vere budde på kritikk og heftig meiningsutveksling, ris og ros. Men truslar om at vi skal drepast skal vi aldri tole!, skriv Kommunedirektørutvalet i Møre og Romsdal i ei helsing til kollegaen sin i Herøy, Trond Arne Aglen.
Publisert: 14.12.2021 kl 11:50
FHI tilrår kortare vaksineintervall, ned mot 4,5 månadar mellom 2. og 3. vaksinedose for dei mellom 45 og 65 år.