Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 07.10.2021 kl 13:00
Etter siste tildeling av koronastøtte til lokale verksemder, har Volda kommune framleis att 340.730 kroner i støttemidlar. Midlane må nyttast innan 1. november, elles går dei attende til staten. Kommunen forlenger difor søknadsfristen til 13. oktober.
Publisert: 07.10.2021 kl 07:00
Bassenget ved Mork rehabiliteringssenteret vart før sommarferien tømt for vatn då det ikkje lenger er forsvarleg å bruke det. Det er i dag uvisst om, og eventuelt når, bassenget kan takast i bruk att.
Publisert: 06.10.2021 kl 18:00
Onsdag var det stor aktivitet ved E-blokka på Heltne. Truleg var det filminnspeling som gjekk føre seg.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 06.10.2021 kl 10:55 - Oppdatert: 06.10.2021 kl 10:58
Under feiringa av idrettslinja sitt 50 årsjubileum gjekk turen forbi leikeparken Jungelen, som svært mange Volda-born har og har hatt eit nært og kjært forhold til. No er den populære parken stengt av.
Publisert: 06.10.2021 kl 14:00 - Oppdatert: 06.10.2021 kl 14:03
I eit grunngjeve spørsmål i kommunestyret, bed Raudt og SV om at Volda kommune ser på tiltak mot aukande fattigdom i Volda. Dei vil ha tiltak i 2022-budsjettet, men det vert opp til formannskapet korleis ein går vidare i saka.
Publisert: 06.10.2021 kl 10:50 - Oppdatert: 06.10.2021 kl 10:56
I år er det 50 år sidan Høgskulen i Volda fekk ei idrettslinje, og studentane i det aller fyrste kullet møttest denne veka for å feire jubileet. – Då vi møttest var det som om nesten ingen tid har gått.
Publisert: 05.10.2021 kl 18:00
Fleire unge voldingar enn ørstingar veks opp i låginntektsfamiliar.
Publisert: 05.10.2021 kl 17:48
Tysdag kveld melder politiet at Eiksundtunnelen er stengt.
Publisert: 05.10.2021 kl 15:42
Ørsta kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle av Covid-19.
Publisert: 05.10.2021 kl 13:30
Volda kommune har skrive avropsavtale om å vere med vidare i arbeidet for Helseplattformen, og skal tilsette ein eigen prosjektleiar for innføringa av det nye pasientjournalsystemet.
Publisert: 05.10.2021 kl 12:03
Volda kommune har fått melding om to nye tilfelle av Covid-19.
Publisert: 05.10.2021 kl 10:00
Laurdag var det avduking av minnesteinen for Peter Eiken (1887–1981) ved Musikkpaviljongen i Uppheimsparken i Volda sentrum.
Publisert: 04.10.2021 kl 23:45 - Oppdatert: 04.10.2021 kl 23:49
Jarle Myklebust meinte eit mål for Bjørke-området er 20–40 nye arbeidsplassar.
Publisert: 04.10.2021 kl 23:35 - Oppdatert: 04.10.2021 kl 23:51
Trass i at ein del problemstillingar vart reiste, var det likevel optimisme som prega møtet om turistsatsing i Volda. John Leirvik meinte det som kom fram under møtet var som musikk i øyra.
Publisert: 04.10.2021 kl 20:52 - Oppdatert: 04.10.2021 kl 23:54
Det handlar om å få dei beste turistane til å kome, dei som er her lengst og betalar best. Arbeidsplassar og identitetsskaping er viktige biprodukt av ei rett turistsatsing. For å lukkast er samarbeid og god innsats frå alle helt nødvendig.
Publisert: 04.10.2021 kl 20:00
KFUM Volda er i helga klar for serieopning i eliteserien i volleyball. Dette er tredje året i toppserien, etter at laget tok ein sterk 5.-plass i første sesongen. Fjorårssesongen vart stoppa på nyåret på grunn av covid-19, og på det tidspunktet låg KFUM Volda på ein 4.-plass.
Publisert: 04.10.2021 kl 18:00
Denne helga vart det endeleg kornølfestival i Hornindal igjen, og der gjorde Ørsta og Volda bryggarlaug reint bord i NM.
Publisert: 04.10.2021 kl 12:45
A. Våge AS har skrive kontrakt med Herøy kommune om bygging av to nye kaier på næringsområdet på Mjølstadneset.
Publisert: 04.10.2021 kl 07:00
Sunnmøre Torsk AS har søkt om løyve til å etablere eit nytt oppdrettsanlegg for torsk ved Vindsneset, i portalen til Hjørundfjorden. Trass fare for både forureining og naturforringing, er kommunen positiv.
Publisert: 04.10.2021 kl 08:30 - Oppdatert: 04.10.2021 kl 09:48
Det var manuell dirigering på Fv 655 i krysset mellom Dalevegen og Mosmarkvegen i Ørsta måndag morgon, etter at ein moped velta.
Publisert: 03.10.2021 kl 18:00
Fredag 1. oktober kom folkemusikarane i Majorstuen ut med to singlar; «Jord och himmel» og «Menuett for alle vindar». Dette skjedde i forkant av at gruppa legg ut på ein avslutningsturné. – Etter det er Majorstuen historie, kunngjer gruppa i ei pressemelding.
Publisert: 03.10.2021 kl 17:15
KFUM Volda Volleyball sine jenter har vunne sølv i U17-NM.
Publisert: 03.10.2021 kl 16:20
Søndag møtte Volda Charlottenlund i CSK Varmbo Arena i Trondheim. Trønderane sto med tre sigrar på rad før møtet mot Volda og voldatrenar Halldor S.Haraldsson var klar på at Charlottenlund vart ein tøff motstandar.
Publisert: 03.10.2021 kl 07:00
Historie vert skapt torsdag 7. oktober når Ørsta kyrkje og Bygdepride inviterer til regnbogemesse i Ørsta kyrkje. Det er fyrste gong det vert ei slik gudsteneste i ein kyrkjebygning i denne regionen.
Publisert: 02.10.2021 kl 19:15
KFUM Volda Volleyball er klare for finalen i U17 NM. Dei møter Kristiansand SK søndag ettermiddag.