Annonse
- Sikrar berre ein langsam død

Kritisk til regjeringa sitt domstolforslag:

- Sikrar berre ein langsam død

Publisert:

- Regjeringa sitt forslag sikrar ikkje aktivitet ved tingretten i Volda. Dei legg opp til ein langsam død, i staden for ein brå død slik domstolkommisjonen gjorde, seier sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik.

Opplyser Noregs befolkning om koronaviruset

Eline og Birgitte frå Austefjorden:

Opplyser Noregs befolkning om koronaviruset

Publisert:

To kvinner frå Austefjorden står i desse dagar sentralt i arbeidet med å opplyse Norges befolkning om det nye koronaviruset. Eline Korsnes Sundal og Birgitte Elise Bøen er kommunikasjonsrådgjevar og seniorrådgjevar i Helsedirektoratet.

Trygt nede ved bilveg

Trygt nede ved bilveg

Publisert:

I 03-tida natt til søndag melde politiet at redningsaksjonen på Eidskyrkja var over.

Grev seg ned og søkjer ly mot  full storm

Ny vending for redningsmannskap og turfølgje på Eidskyrkja:

Grev seg ned og søkjer ly mot full storm

Publisert: - Oppdatert: 07.03.2020 kl 22:33

Dramatisk redningsoperasjon: Redningsgruppa og den redda gruppa på tre personar, har bestemt seg for å grave seg ned, før dei startar turen ned.

På veg ned frå Eidskyrkja i storm

Publisert: - Oppdatert: 07.03.2020 kl 22:27

Politiet melder at redningsmannskapa har funne dei tre verfaste personane på toppen av Eidskyrkja.

Fem meter sikt og full storm

Redningsmannskapa har nådd toppen av Eidskyrkja

Fem meter sikt og full storm

Publisert: - Oppdatert: 07.03.2020 kl 22:27

Kl. 20.53 melde Politiet på Twitter at redningsmannskapa har nådd toppen av Eidskyrkja.

Redningsgrupper mot Eidskyrkja både frå Grøndalen og Skinnviksetra

Redningsgrupper mot Eidskyrkja både frå Grøndalen og Skinnviksetra

Publisert: - Oppdatert: 08.03.2020 kl 19:46

Laurdag kveld: Volda Røde Kors Hjelpekorps tek seg fram mot Eidskyrkja både frå Grøndalen og Skinnvikdalen.

Redningsaksjon på Eidskyrkja

Publisert: - Oppdatert: 08.03.2020 kl 19:46

Laurdag vart tre personar overraska av veret då dei var på tur til Eidskyrkja (1482) i Volda.

Store materielle skader på bil i Ørsta

Store materielle skader på bil i Ørsta

Publisert:

I 16-tida laurdag køyrde ein bil utfor vegen og inn i autoveret i Ørsta.

Pride får flagge, men ikkje 8. mai

Pride får flagge, men ikkje 8. mai

Publisert:

Volda formannskap lånar vekk festflaggstenger i sentrum til Pride, men 8. mai vil dei berre sjå det norske flagget vaie i vinden frå offentlege flaggstenger.

Siste heimekamp denne sesongen

Handball 1.divisjon damer:

Siste heimekamp denne sesongen

Publisert:

Voldadamene spelar søndag sin siste heimekamp denne sesongen og det er trondheimslaget Charlottenlund som kjem på besøk i Voldahallen. Trønderane står med tre sigrar på rad og er eit lag som svingar i prestasjonane. Sist laga møttest imponerte Volda med å vinne med ti mål i Trondheim.

OnklP kjem til Volda

Heile Noregs onkel til X2 Festivalen:

OnklP kjem til Volda

Publisert:

OnklP har i 15 år levert songar som heile Noreg diggar, ler og grin til. Fredag 17. april entrar han storscena i Propellhallen, med gamle klassikarar frå tida med Jaa9, De Fjerne Slektningene, Hver Gang Vi Møtes til rykande ferske låtar frå det nye albumet «Pål Tøien» som kom ut for kun ei ...

Volda skulekorps med utfordringar

Volda skulekorps med utfordringar

Publisert:

Under årsmøtet til Volda skulekorps vart det tatt opp fleire problem i korpset, eit av dei var at korpset er i ferd med å miste medlemmar. Og utan medlemmar vert det lite musikk. Men Volda skulekorps gir ikkje opp.

Byggjer seg grindløde av skog frå Lauvstad

Byggjer seg grindløde av skog frå Lauvstad

Publisert:

Birgit Aam og familien har fått seg eit nytt og litt spesielt båtnaust i fjøra nedanfor heimen sin på Digerneset. Naustet er reist som ei grindløde, etter gamle handverkstradisjonar.

Vidare til siste runde i bootcamp

Vidare til siste runde i bootcamp

Publisert:

Det var duka for intimkonsert i denne runda av Idol og Jeki hadde valt låten «River» av Bishop Briggs.

Vil satse stort i Volda

Vil satse stort i Volda

Publisert:

Tysdag fekk formannskapet i Volda ei orientering om utbyggingsplanane på BKB3 ved Sjukehusrundkøyringa. Framlegget vart møtt med forsiktig applaus.

- Bli med å gjere ein skilnad

Volda-russen saman mot kreft:

- Bli med å gjere ein skilnad

Publisert:

No er tida inne for den årlege aksjonen «krafttak mot kreft». 8. – 9. mars går Volda-russen frå dør til dør med bøsser i Volda og Ørsta.

KFUM Volda Volleyball klar for U19 NM

KFUM Volda Volleyball klar for U19 NM

Publisert: - Oppdatert: 06.03.2020 kl 11:48

Klubben stiller med både jente- og gutelag når NM opnar i Kristiansand i dag, fredag 6. mars.

Fersk bakst, litteratur og feminisme

Ivar Aasen-tunet feirar kvinnedagen

Fersk bakst, litteratur og feminisme

Publisert: - Oppdatert: 06.03.2020 kl 10:10

I høve den internasjonale kvinnedagen inviterer Ivar Aasen-tunet til ei ny utgåve av «Bok og bakverk» søndag 8. mars. Bibliotekar Siri Beate Gjerde stiller med fersk bakst og refleksjonar rundt kvinner i litteraturen.

Taket på nytt observatorium har fått motordrift

Kometland:

Taket på nytt observatorium har fått motordrift

Publisert:

Taket på det nye observatoriet ved astronomisenteret Kometland har fått motordrift, slik ein enkelt kan skyve det ut når ein skal observere nattehimmelen med storteleskopet.

Volding er ny leiar i NITO Møre og Romsdal

Volding er ny leiar i NITO Møre og Romsdal

Publisert:

- Det blir spanande med nye utfordringar. Eg ser fram til å bli ny avdelingsleiar i NITO Møre og Romsdal, seier Knut Øystein Ekroll frå Volda.

Ikkje ny dekan for mediefag no

Ikkje ny dekan for mediefag no

Publisert:

Det vert ikkje tilsett dekan for Avdeling for mediefag. Stillinga må lysast ut på nytt på grunn av at den som var innstilt takka nei.
Det er Khrono.no som

– Er de ikkje flaue i Volda?

Heftig ordskifte om symjeanlegg:

– Er de ikkje flaue i Volda?

Publisert:

Etter presentasjonen av Voldabadet i folkemøtet på Volda Turisthotell, vart det opna for spørsmål frå salen. Det enda med eit engasjert ordskifte mellom heidersgjesten Dag Lindebjerg og kommuneleiinga ved varaordførar Sverre Leivdal.

Miste førarkortet i Vikebygdvegen

Miste førarkortet i Vikebygdvegen

Publisert: - Oppdatert: 05.03.2020 kl 14:55

Torsdag ettermiddag miste ein bilførar førarkortet etter at han vart målt til 89 km/t i 60-sona i Vikebygdvegen.

– Voldingar, ta dykk saman og gjer noko!

Dag Lindebjerg med brannfakkel om symjeanlegg:

– Voldingar, ta dykk saman og gjer noko!

Publisert: - Oppdatert: 05.03.2020 kl 12:47

Dette var den sterke oppmodinga frå tidlegare symjetrenar i Volda og mangeårig NRK-profil Dag Lindebjerg under folkemøtet om nytt symjeanlegg. – Det er utruleg at symjebygda med stor S har hamna i denne situasjonen.