Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 13.09.2021 kl 17:28 - Oppdatert: 13.09.2021 kl 19:06
Politiet melder om trafikkulukke ved Kjøs bru på E39 mellom ein bil og ein motorsykkel.
Publisert: 13.09.2021 kl 16:23
Volda kommune har fått melding om eit nytt smittetilfelle. Vedkomande er nærkontakt til tidlegare smitta.
Publisert: 13.09.2021 kl 09:35 - Oppdatert: 13.09.2021 kl 09:37
Magne Hetle var ein av dei første som røysta i Volda sentrum på valdagen. Han meiner det er viktig å nytte røysteretten sin i eit demokrati.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 13.09.2021 kl 13:43
Torsdag 16. september vert Rotsethorntunnelen heilt eller delvis stengt mellom kl. 19 og 22.30 på grunn av beredskapsøving.
Publisert: 13.09.2021 kl 09:54
Det var roleg i Ørstahallen når dørene opna for Stortingsvalet 2021. Svært mange har røysta på førehand, 40,75 prosent i Ørsta.
Publisert: 13.09.2021 kl 07:00
– Eg har vist denne filmen over heile verda, og eg har aldri hatt eit så lite publikum før nokosinne. Det er ingen grunn til å bli verande her om det er ingen her for å sjå filmane. Det er sløseri av tida mi, seier Tony Palmer (80) til Møre etter filmvisninga på Rokken tysdag.
Publisert: 12.09.2021 kl 18:00 - Oppdatert: 15.09.2021 kl 16:22
Det er ikkje mange 20-åringar som tek steget ut og startar si eiga verksemd, men tatovør Anniken Hjelle har bestemt seg for å satse. Tatoveringsstudioet Bygdablekk opna 10. september. – Det er litt skummelt, men når det er draumen så er det berre å hoppe i det, seier ho.
Publisert: 12.09.2021 kl 15:35
Det blei ein jamn og spanande kamp mellom heimelaget Levanger og Volda i Trønderhallen søndag. Mange var nok spente på om Volda greidde å heve seg etter den svake kampen mot Byåsen i cupen. Det gjorde dei.
Publisert: 12.09.2021 kl 13:00
– Eg tenkjer at ein del av Volda-kulturen er industrikulturen, og at det er ein viktig del av Volda-historia som ikkje bør gløymast. Gjennom Montasjar har vi lyst å lage litt motvekt til tanken om Volda som berre studie- og kulturstad, seier Geir Hjorthol i Presens.
Publisert: 12.09.2021 kl 07:00
Per Are Sørheim (H) er ikkje overraska over at den nye sentrumsskulen for 5. – 7. trinn i Ørsta vert 50 millionar kroner dyrare enn fyrst anteke, og at summen er i underkant av 200 millionar kroner. – Ja, det er dyrt, men ikkje overraskande. Her er likevel nøkternheit i kvar kvadratmeter.
Publisert: 12.09.2021 kl 08:31
Natt til søndag rykte politiet ut til studentar som hadde fest og lag støy i Volda.
Publisert: 12.09.2021 kl 08:35
Natt til søndag vart det meldt om høg musikk i Ørsta sentrum.
Publisert: 11.09.2021 kl 18:00
– Alle store plassar med respekt for seg sjølv har eit selfiepunkt! Det seier Odd Martin Lindvik Velsvik, og slår eit slag for ein turistattraksjon på Aksla.
Publisert: 11.09.2021 kl 13:00
Vertikal Service AS har hatt ei stødig utvikling framover, og er no i full gong med å tileigne seg kompetansen som skal til for å ta del i det grøne skiftet – og sikre norsk verdiskaping på norsk sokkel. – Vindkraft kan bli det neste norske industrieventyret, seier Jørn Eggum, leiar i...
Publisert: 11.09.2021 kl 07:00
Det velkjende gamle Grøne Treet i Volda sentrum står fram i ny drakt og skal stå fram som Tredet. Bak ligg fleire 1.000 dugnadstimar med sveitte, preik og planlegging. Etter ein prat med nokre av aksjonærane sit ein att med eit klart inntrykk av at både det dugnadsmessige- og økonomiske...
Publisert: 11.09.2021 kl 08:45
Cupeventyret er over for Volda sine handballdamer som måtte sjå seg slått heile 34-18 av Byåsen i Volda Campus Arena onsdag kveld. Heimelaget var fullt på høgde med eliteserielaget før pause og då laga gjekk i garderobene sto det 14-12 til trondheimslaget. Etter pause vart det totalkollaps...
Publisert: 11.09.2021 kl 09:01
Fredag kveld kl. 20.45 gjekk Ørsta kommune ut med denne meldinga:
Publisert: 11.09.2021 kl 09:10
Vanylven kommune melder at dei har meir eller mindre har kontroll over utbrotet det tilsaman 59 har blitt smitta av korona.
Publisert: 10.09.2021 kl 20:00
I statsbudsjettet for 2021 vart det for fyrste gong gitt statstilskot til Kystpilegrimsleia. I statsbudsjettet for 2022 vert tilskotet auka frå 1 til 2 millionar kroner, og regjeringa varslar at opptrappinga vil halde fram.
Publisert: 10.09.2021 kl 16:05
Fredag ettermiddag har Volda kommune fått melding om to nye positive Covid-19-testar.
Publisert: 10.09.2021 kl 18:00
Mesterhus Sunnmøre opnar i løpet av kort tid salet av to nye leilegheitsbygg i Prestegata. – Vi har stor tru på dette prosjektet, seier salssjef Odd Martin Lindvik Velsvik.
Publisert: 10.09.2021 kl 14:36
Det gamle dynamittlageret er ferdig renovert og oppgradert som badstove, og Volda kommune har no starta utleige av badstova.
Publisert: 10.09.2021 kl 12:45
Ørsta brannvern har rykt ut til alarm ved Hovden skule, men det synte seg det var matlaging som var årsaka.
Publisert: 09.09.2021 kl 20:00
Volda kommune har etterspurt meir informasjon frå Vinmonopolet knytt til ei eventuell framtidig plassering i Voldaportalen. No har Hege Sjølie i Vinmonopolet sendt over ei skisse som syner plassering i første etasje på bygget.
Publisert: 09.09.2021 kl 18:00
I dag er ein stor dag for utbyggar Arne Johan Rebbestad i ASKO Eiendom AS og eigedomsmeklar Maria Abeltun i Eiendomsmegler1 Midt Norge. No startar nemleg salet av dei 30 første leilegheitene i Voldaportalen.