Publisert: 14.02.2020 kl 07:00
På laurdag kveld var det mange som hadde tatt seg turen til det årlege Hjørundfjordmeisterskapet i sjakk.
Publisert: 13.02.2020 kl 11:45 - Oppdatert: 13.02.2020 kl 11:54
- Vi har lagt bak oss eit historisk godt år. 2019-rekneskapen kjenneteiknast ved at banken tek marknadsandelar, har høge inntekter på finansielle investeringar og har god underliggande drift. Dette kjem både kundane, eigenkapitalbeviseigarane og samfunnet til gode.
Publisert: 13.02.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:12
Det ligg svært langt inne for Sogelaget å godta ei anna plassering enn Røed-tomta ved Svendsengarden. Sogelaget viser til at Fylket, som er svært kritiske til plasseringa, ikkje har mynde til å stanse eit vedtak i kommunen.
Publisert: 13.02.2020 kl 07:50
Onsdag kveld var tre køyretøy innblanda i eit trafikkuhell på Vartdalsstranda i Ørsta kommune.
Publisert: 12.02.2020 kl 18:00
Volda langrenn og skiskyting stilte med åtte løparar til start på Landsdelsmeisterskapen i skiskyting i Vik i Sogn i helga.
Publisert: 12.02.2020 kl 15:45
Onsdag opna dørene til den nye butikken Varmesen i Volda. Mange tok turen innom opninga, og etter alle godorda frå kundane å dømme er det tydeleg at dette er eit ynskja og etterlengta tilbod i Volda.
Publisert: 11.02.2020 kl 23:25 - Oppdatert: 12.02.2020 kl 09:07
- Eg har vore på mange musikalar i London og eg synest de er like flinke som dei profesjonelle.
Dette sa varaordførar Sverre Leivdal etter at han hadde fått med seg den 24. musikalen som musikklinja, medielinja og linja Kunst-design og arkitektur står bak.
Publisert: 12.02.2020 kl 12:47
Tysdag 4. februar hadde Volda og Ørsta KrF felles årsmøte i Volda.
Publisert: 12.02.2020 kl 07:00
Bandet IKNOW, tidlegare kjende som Ufokusert, varmar opp for Hjerteslag på Rokken fredag.
Publisert: 11.02.2020 kl 18:00
I helga var lag frå Vestland og Møre og Romsdal samla til turnering i Voldahallen. Dette var serierunde for jenter og gutar under 17 år.
Publisert: 11.02.2020 kl 13:00
Nok ein gong greidde studentane å imponere med vekerevyen! Med ei takhøgd utan ende og uttrykk som ikkje eignar seg på trykk, skapte dei eit show på Rokken som gjorde at tida gjekk fort, ja for her gjekk alt i eit forrykande tempo!
Publisert: 11.02.2020 kl 11:43
Det har vore snakk om 93 leilegheiter og åtte etasjar på Mørebiltomta i Ørsta sentrum. No ser ein seg nøydt til å endre på og kanskje skalere ned prosjektet.
Publisert: 11.02.2020 kl 02:02
Floda natt til tysdag kom nesten opp mot rekordane målt tidlegare i Volda og Ørsta.
Publisert: 10.02.2020 kl 22:55 - Oppdatert: 10.02.2020 kl 23:21
Den melde flodtoppen nærmar seg. Lukka er at det ikkje er bølger eller pålandsvind.
Publisert: 10.02.2020 kl 23:10 - Oppdatert: 10.02.2020 kl 23:38
Den varsla rekordfloda: mVolda kommune har gått gjennom beredskapsplane og er klare til innsats om nokon skulle trenge hjelp.
Publisert: 11.02.2020 kl 07:00
Restauranten My Kitchen i Volda har sidan dei opna dørene i mai 2019, "lege lavt" når det kjem til underhaldning frå si romslege scene i lokale ved ferjekaia. Dette vil dei no forandre litt på, og har i så måte levert inn ein søknad til Volda kommune om ei konseptendring.
Publisert: 10.02.2020 kl 18:00
Fredag 7. februar opna Fugl Føniks i Ørsta med eit nytt konsept.
Publisert: 10.02.2020 kl 07:00
– Eg har alltid gått og tenkt at eg har lyst til å drive min eigen butikk, og no skjer det endeleg, smiler butikkdrivar Anne Grethe Schjelderup. Onsdag opnar den nye butikken Varmesen i dei gamle Narvesen-lokala i Volda.
Publisert: 09.02.2020 kl 18:00
– Det handlar ikkje så mykje om korleis sluttproduktet blir, det sosiale er vel så viktig, seier Synne Bergem Lia (19) før sin fjerde musikal.
Publisert: 09.02.2020 kl 16:55
Voldadamene gjorde jobben i jakta på kvalifiseringsplass og vann søndagens oppgjer i Førdehuset 26-20. Med denne sigeren ligg dei berre to poeng bak Rælingen og sende samtidig Førde eit steg nærare 2.divisjon.
Publisert: 09.02.2020 kl 13:00
Volda skal samarbeide med Herøy, Hareid og Ulstein om kart- og oppmålingstenestene. Ulstein vert vertskommune for samarbeidet.
Publisert: 09.02.2020 kl 09:25 - Oppdatert: 09.02.2020 kl 16:03
Ein mann i Ørsta hadde tydeleg vis fått nok av eit forbodsskilt. Dermed kutta han det ned og kasta det på sjø. Ikkje overraskande hadde skiltet noko med råning å gjere.
Publisert: 09.02.2020 kl 07:00
Thea, Lucas og Thea-Lovise i Mork barnehage gler seg til å feire mamma på morsdagen.
Publisert: 08.02.2020 kl 22:20 - Oppdatert: 08.02.2020 kl 22:45
Brannvesenet i Volda og Hornindal melder at dei har rykt ut til ei trafikkulukke ved Maurset.
Publisert: 08.02.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 08.02.2020 kl 18:51
Formannskapet i Volda vil at kommunen skal søke om pilotstatus for ordninga «Fritidskortet», som born og unge mellom 6 og 18 år kan bruke til deltakaravgift på fritidsaktivitetar.