Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 03.07.2021 kl 10:00
Heile sju spelarar frå KFUM Volda Volleyball er tekne ut til samlingar for ungdoms- og juniorlandslag. – At så mange deltek på landslagssamling samtidig har nok ikkje hendt tidlegare, seier klubbleiar Kristin Indresøvde.
Publisert: 03.07.2021 kl 07:00
Det sa Anne Sølvi Vatne (H) då kommunestyret vedtok å løyve midlar til å sikre vindauge og fjerne pyntestolpar på rådhuset. For nødvendig renovering av rådhuset er utsett så mange gongar at ein no må ta frå driftsbudsjettet for å utføre hastetiltak.
Publisert: 02.07.2021 kl 18:00
Marvel-filmen «Black Widow», med Scarlett Johansson i hovudrolla, kjem på kino 7. juli. Delar av filmen er spelt inn på Sæbø.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 02.07.2021 kl 16:00
Volda kommune og Volda Næringsforum har fått trykt eit nytt opplag rykande ferske turistbrosjyrar for Volda.
Publisert: 02.07.2021 kl 13:00
Etter 15 månadar utan aktivitet er breiddefotballen i gong igjen. – «Endeleg» var ordet som gjekk igjen, både på bana og på tribunen, seier klubbutviklar i VTI Fotball, Solveig Storeide etter første treningskamp for Volda 2, som dei vann 5-1 mot Sæbø.
Publisert: 02.07.2021 kl 07:00
Marit Aklestad og Magnar Hjertenæs (SV) bad Ørsta kommune utarbeide felles retningslinjer for kantslåtten i kommunen, og peika på at mangfaldet av villblomar som veks langs vegar og i grøfter er viktige i kampen om å bevare insekt, bier og humler.
Publisert: 01.07.2021 kl 18:00
Denne veka er det friluftsskule for mellomsteget på Skinstøylen. I det fine vêret som er lova resten av veka, skal dei vere ute i naturen og avslutte med ein overnattingstur i hengekøye.
Publisert: 01.07.2021 kl 15:50 - Oppdatert: 01.07.2021 kl 15:59
Tidlegare kommuneoverlege i Volda, Inger Lise Kaldhol, sa opp frå 18. juni. Kommunen har enno ikkje fått ny kommuneoverlege, og kan måtte prioritere oppgåver grunna situasjonen.
Publisert: 01.07.2021 kl 13:44
Volda-firmaet Norwegian Group AS har inngått avtale om kjøp av Endúr-konsernet sitt heileigde dotterselskap, AAK. Det medfører at Norwegian Group er blitt størst i marknaden innan arbeid i høgda.
Publisert: 01.07.2021 kl 11:40 - Oppdatert: 01.07.2021 kl 12:02
I 11:30-tida torsdag køyrde ein personbil av vegen i Kårstadvegen. Bilførar sat fast i bilen, men fekk hjelp av naudetatane til å kome seg laus.
Publisert: 29.06.2021 kl 12:43 - Oppdatert: 01.07.2021 kl 09:11
Volda Rideklubb har søkt kommunen om løyve til å byggje stall ved den nye ridehallen på Rotevatn. Der skal det vere ti faste stallplassar til rideklubben sine medlemmar.
Publisert: 30.06.2021 kl 18:00
Med ei strøken bane og i strålande sommarver så var rammene bortimot perfekte for ei av årets storturneringar, Sparebank 1 Søre Sunnmøre Open 2021.
Publisert: 30.06.2021 kl 16:01
1. juli går ferjeprisane ned med 25 prosent. Prisreduksjonen gjeld både riksveg- og fylkesvegferjene i Møre og Romsdal.
Publisert: 30.06.2021 kl 13:00 - Oppdatert: 30.06.2021 kl 14:14
Nasjonal transportplan for 2022–2033 inneheld gode nyhende for både Voldatunnelen og ny veg over Strynefjellet, men den gav også bruforkjemparar ei gladnyheit: prinsippa for brukarbetaling og ferjeavløysingsmidlar kan nyttast på riksvegprosjekt også.
Publisert: 30.06.2021 kl 11:20 - Oppdatert: 30.06.2021 kl 12:36
Sidan opninga for 50 år sidan har i overkant at 2,1 millionar passasjar reist over Ørsta-Volda Lufthamn Hovden. Onsdag vart flyet som landa 10.25 ønskt velkomen med ein vassportal då det taxa inn frå landingsstripa.
Publisert: 29.06.2021 kl 14:27 - Oppdatert: 30.06.2021 kl 09:21
Volda kommune er no i gong med å spyle vassleidninga til Lauvstad vassverk. Dette vil gå føre seg i tre dagar.
Publisert: 30.06.2021 kl 07:00
Volda kommune lyser rehabiliteringa av Samfunnshus-fasaden ut på anbod. Oppdraget inneheld både betongrehabilitering og måling av den etter kvart så omtala Samfunnshusveggen.
Publisert: 29.06.2021 kl 18:00
Ove Bruheim og sonen Sander Bruheim Løvlid driv slått både i Hornindal og Skjåstaddalen. Dei fortel at førsteslåtten er verken spesielt tidleg eller sein i år.
Publisert: 29.06.2021 kl 16:29
Volda og Ørsta kommunar får hjelp av Kjellen Bigset til å "overtale" 18-24 åringane i kommunane til å ta koronavaksinen.
Publisert: 29.06.2021 kl 13:00
Johannes Eiksund er den raskaste sprintaren frå Ørsta IL friidrett på lang tid. I helga sette han ny klubbrekord på 100 m og tangerte klubbrekord på 200 m.
Publisert: 29.06.2021 kl 09:30
Regjeringa har opna for vaksineprioritering av lærarar og barnehagetilsette, men Volda kommune vil vurdere status for framdrifta i det lokale vaksineprogrammet før ein gjer slike særskilde prioriteringar. – Skulane har teke ferie og dersom vaksineprognosane held stikk, vil 92 % av dei over 18...
Publisert: 28.06.2021 kl 18:00
På Volda Stadion er årets sommarcamp i gang, og deltakarane har fått ei variert og spennande første veke.
Publisert: 28.06.2021 kl 13:35
Formannskapet i Volda kommune forskoterer midlar til å gjere Volda til «Skravlekoppkommune». – Det er mange som er einsame, kanskje endå fleire under pandemien, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp).
Publisert: 28.06.2021 kl 07:00
Ifølgje barnehagelova har alle born busett i kommunen rett på barnehageplass. Seksjon barnehage i Ørsta har dei siste fem åra meldt frå om at det er behov for ein ny stor kommunal barnehage i sentrum.
Publisert: 27.06.2021 kl 18:00
Montasjar er eit prosjekt der musikk, dans og film går i møte med ein særeigen del av den kystnære industrihistoria: Produksjonen av båtmotorar og gir ved Volda mekaniske verkstad, som no heiter Brunvoll Volda AS. Under Dei Nynorske Festspela fekk publikum oppleve smakebitar av framsyninga som...