Annonse
Ny adm. dir. i Helse Møre og Romsdal

Ny adm. dir. i Helse Møre og Romsdal

Publisert: - Oppdatert: 29.10.2019 kl 16:25

Sjukehusdirektør i Aleris, Øyvind Bakke (41), blir ny toppsjef i Helse Møre og Romsdal.

Åtvarar mot svindel

Åtvarar mot svindel

Publisert:

SpareBank 1 Søre Sunnmøre seier dei merkar ein betydeleg auke i svindelforsøk mot norske bankkundar og kjem med ei åtvaring.

- Dette er ein vits!

Fråsegn til nye ferjeruter i Hjørundfjorden:

- Dette er ein vits!

Publisert:

Samfunnsutvalet i Ørsta reagerer sterkt på forslaga til dei nye tidstabellane på buss og ferje i kommunen. Ein må nesten ha ei mastergrad for å forstå kvar tid ein kan kome seg til Trandal eller Skår, seier Ann Sølvi Vatne (H).

- Skal brukast om det er behov for overvåking

Kommuneoverlege i Volda og Ørsta Inger Lise Kaldhol om ambulansetransport:

- Skal brukast om det er behov for overvåking

Publisert: - Oppdatert: 12.02.2020 kl 13:56

Kommuneoverlege i Volda og Ørsta, Inger Lise Kaldhol, seier til Møre at dersom ein pasient er stabil er ikkje ambulansetransport naudsynt.

Stor aktivitet på Joplassen

Stor aktivitet på Joplassen

Publisert: - Oppdatert: 29.10.2019 kl 10:05

Aktiviteten i anleggsområdet på Joplassen berre aukar, og lokale entreprenørar er no i full gang med fundamenteringa av idrettshallen Volda Campus SpareBank 1 Arena. Samstundes førebur Høgskulen i Volda bygginga av Sivert Aarflot-huset.

– Vi får ikkje vite kva som feilar pasienten

Fungerande dagleg leiar ved Volda Taxisentral Jan Magne Bjørdal:

– Vi får ikkje vite kva som feilar pasienten

Publisert: - Oppdatert: 12.02.2020 kl 14:00

Dersom du er sjuk og må til eit sjukehus kan du bli plassert i ein taxi i staden for sjukebil, dersom legen meiner det går bra. Taxisjåføren som skal køyre får ikkje vite kva som feilar pasienten, og kan leggje ut på ein lang tur med ein passasjer som kan bli alvorleg sjuk.

Avtale mellom nye Ålesund og Høgskulen i Volda

Avtale mellom nye Ålesund og Høgskulen i Volda

Publisert:

Ålesund kommune og Høgskulen i Volda (HVO) har inngått ein samarbeidsavtale for å sikre fagleg utvikling – særleg innan forsking, utdanning og nyskaping. Høgskulen blir også samarbeidspart i FNs framtidslab.

- Ein hobby med mykje frisk luft

Himmelseglarane med nytt kurs:

- Ein hobby med mykje frisk luft

Publisert:

Volda og Ørsta Himmelseglarlag er på ein god opptur, og har fått ei dobling i medlemstalet på berre to år. Tidleg i november startar Himmelseglarane nybyrjarkurs i paragliding.

– Det må takast ei heilskapleg vurdering

Hanne Haavde Stenseth om pasientane si heimreise:

– Det må takast ei heilskapleg vurdering

Publisert: - Oppdatert: 12.02.2020 kl 14:03

Hanne Haavde Stenseth, som er Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal, fortel til Møre at helsepersonell må ta ei total vurdering av pasienten sin helsesituasjon når ein skal avgjere kva type pasienttransport som er nødvendig.

Uroa over tilhøva for symjegruppa

Uroa over tilhøva for symjegruppa

Publisert:

VTI-Allianse er uroa over tilhøva for VTI-Symjegruppa, og ber kommunen trå til.

– Kven har ansvar?

Annlaug Årflot om det å frakte pasientar trygt frå Volda til Ålesund sjukehus og heim:

– Kven har ansvar?

Publisert: - Oppdatert: 12.02.2020 kl 14:01

Borna til Inger Årflot vart provoserte av korleis mora vart behandla, og vil no klage det inn. Men dei har også ein heil del spørsmål.

– Ville sende mamma heim frå Ålesund i nattkjole på bussen

Taxitur til Ålesund med mogleg blindtarmbetennesle

– Ville sende mamma heim frå Ålesund i nattkjole på bussen

Publisert: - Oppdatert: 30.03.2020 kl 16:48

Fredag førre veke opplevde Inger noko ho ikkje unner nokon andre. Ho vart så sjuk at ho måtte leggjast inn på sjukehus. Men sidan dette skjedde fredag etter klokka 16.00 vart ho sendt i taxi til Ålesund. Då ho kom fram var der ingen som tok henne i mot.

Hugs å stille klokka

Hugs å stille klokka

Publisert:

Natt til søndag 27. oktober må du stille klokka ein time tilbake. Dei vil seie at du får ein time ekstra.

Vil vidareføre godt brannsamarbeid

Vil vidareføre godt brannsamarbeid

Publisert:

Frå og med 01.01.2020 vert Hornindal brannvern ein del av Volda kommune. Det er likevel ynskjeleg at dei kan bistå ved utrykkingar i Stryn og Eid.

Volding nominert til «Sunnmøres eldsjel 2019»

Volding nominert til «Sunnmøres eldsjel 2019»

Publisert:

John Ove Høydal i Volda TI Fotball er nominert til prisen «Sunnmøres eldsjel 2019». Han vert av Volda TI Fotball beskriven som både Mr. Volda, Mr. Dugnad og Mr. Altmoglegmann.

Over 40 år erfaring med lampar

Ny lampebutikk i Hornindal:

Over 40 år erfaring med lampar

Publisert:

John og Synnøve Leirvik har drive lampebutikk i over 40 år. No har dei flytta alle lampene til Grodås camping – og butikken i fjøskjellaren på Kalvatn har blitt nytt selskapslokale.

Feira ny beintettheitsmålar

Volda sjukehus:

Feira ny beintettheitsmålar

Publisert: - Oppdatert: 25.10.2019 kl 15:40

Fredag ettermiddag var det offisiell overrekking av ny beintettheitsmålar ved Volda sjukehus, men maskina har vore i bruk sidan september. Behovet for maskina er tydeleg. 180 pasientar er allereie undersøkte, og ventelista er på ti veker.

Nytt formannskap valt

Nytt formannskap valt

Publisert:

Torsdag valde Volda kommunestyre nytt formannskap for den nye fireårsperioden.

Mistanke om promillekøyring på Vartdal

Mistanke om promillekøyring på Vartdal

Publisert:

Under ein fartkontroll i 60-sona på Vartdal, har politiet stoppa ein bilførar som køyrde for fort. Føraren er også mistenkt for promillekøyring.

- Planane om biogassfabrikk bør skrinleggast

Klagar på Melsgjerdet-planen:

- Planane om biogassfabrikk bør skrinleggast

Publisert:

- Vi vil på det sterkaste åtvare mot planane VØR og samarbeidspartane har for området på grunn av dei store ulempene dette medfører for mange folk i Ørsta.

Vil leggje ny kunstgrasbane i Hovdebygda

Vil leggje ny kunstgrasbane i Hovdebygda

Publisert:

Hovdebygda IL har planar om ei ny kunstgrasbane som vonleg skal stå ferdig sommaren 2020.

Mogleg dynamittfunn i Hovdebygda - men eskene var tomme

Mogleg dynamittfunn i Hovdebygda - men eskene var tomme

Publisert:

Politiet melder torsdag ettermiddag at dei hadde vore på ein privat eigedom i Hovdebygda etter at det var meldt om eit mogleg dynamittfunn. Men det synte seg at eskene var tomme.

Sølvi Dimmen er første ordførar i nye Volda kommune

Sølvi Dimmen er første ordførar i nye Volda kommune

Publisert:

Sølvi Dimmen er valt til første ordførar i nye Volda kommune av konstitueringsmøtet.

1.767 personar pendlar inn til Volda – 1.110 av dei er ørstingar

1.767 personar pendlar inn til Volda – 1.110 av dei er ørstingar

Publisert:

Det er 1.110 ørstingar som pendlar inn til Volda, medan 754 voldingar pendlar inn til Ørsta.

– Helsekost er for mannen i gata

Sunkost Volda er fem år

– Helsekost er for mannen i gata

Publisert:

Denne veka er det fem år sidan Janne Moe opna dørene til Sunkost ved Volda Elektriske Mylne. Jubileet vert feira i fem dagar på rad, med mykje konkurransar og aktivitetar i butikken.