Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 09.05.2021 kl 16:00
– Det er sjølvsagt eit lite sakn etter ei normal russetid, men vi gjer det beste ut av situasjonen og har det kjekt likevel, seier Eir Kjærbech og Amalie Tomasgard, årets russepresidentar ved Volda Vidaregåande skule.
Publisert: 09.05.2021 kl 14:00
Sidan utviklingsplanen for Volda sentrum vart vedteken, har det vore ei kommunesamanslåing og mange nye politikarar har kome til. Med fleire nyetableringar under vegs i sentrum, meiner ordførar Sølvi Dimmen (Sp) det kan vere godt med ei oppfrisking om Gehl-planen og inviterte formannskapet på...
Publisert: 09.05.2021 kl 11:00
– Hjortebestanden er generelt alt for stor. Det er ei utfordring, seier viltansvarleg i Volda kommune, Peder Magnussen, etter at det er telt 1.806 hjort under vårteljinga i Volda.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 09.05.2021 kl 07:00
Det har ikkje blitt spelt handballkampar i Noreg sidan januar. Denne veka gav regjeringa grønt lys for at topphandballen kan avslutte sesongen, men det er berre lag frå den øvste divisjonen som kan spele. Kampane som skal spelast er «seriefinalen» mellom Vipers og Storhamar, cupfinalen...
Publisert: 08.05.2021 kl 20:00
I ei arbeidsmiljøundersøking seier fleire kvinnelege prestar i Møre bispedøme at dei har opplevd uønskte hendingar basert på deira yrke og kjønn.
Publisert: 08.05.2021 kl 18:00
Bufdir løyver 100.000 kroner til Volda kommune til tiltaket "Ferieaktivitet for barnefamiliar".
Publisert: 08.05.2021 kl 15:30
Torsdag 6. mai var første dag i nye vaksinelokale i Voldahallen, men ikkje alle hadde fått med seg at vaksinelokalet vart flytta.
Publisert: 08.05.2021 kl 13:00
Ein innbyggjar i Ørsta irriterer seg over at isbilen køyrer rundt i byggjefelta på sjølvaste kviledagen, og det med ein lyd han kallar for ei «veldig høg skjerande sirene.
Publisert: 08.05.2021 kl 11:00
– Vi får stadig større krav til dyrevelferd og sikker produksjon. Dette er fint, og vi har lyst til å vere best på dyrevelferd i verda og lage skikkeleg mat, men på den andre sida må vi investere tungt for å få dette til. Vi er i ein spagat i å skulle investere meir og ikkje tene pengar...
Publisert: 08.05.2021 kl 07:00
Frå hausten får alle born og unge i Volda mellom 6 og 18 år tilbod om Fritidskortet. Då får dei kr. 1.000 i halvåret å bruke til faste organiserte aktivitetar. No håpar Volda kommune at flest mogleg lag og organisasjonar blir med. – Vi får ikkje mange deltakarar utan mange tilbod å...
Publisert: 08.05.2021 kl 07:50
Natt til laurdag melde politiet om både slagsmål og støy i Volda og Ørsta.
Publisert: 07.05.2021 kl 22:00
Jonas Kvalen spelar EM-kvalik i Ungarn og Portugal 7.–9. mai. – Vi er ikkje favorittar og «underdogs», noko vi kan bruke til ein fordel i kvaliken, seier Kvalen i eit intervju til Norges volleyballforbund.
Publisert: 07.05.2021 kl 18:00
Ein mann i 30-åra frå Vanylven er dømt til fengsel i eitt år etter ei valdshandling i Volda i oktober 2020. Mannen må i tillegg betale 70.000 kroner i oppreisningserstatning til den fornærma.
Publisert: 07.05.2021 kl 13:35 - Oppdatert: 07.05.2021 kl 13:37
Ørsta kommune har fått bekrefta at det positive tilfelle av Covid-19 som vart meldt laurdag 1. mai var ein falsk positiv.
Publisert: 07.05.2021 kl 11:16
Snødekte fjelltoppar, grøne åssider og ei strålande sol på blå himmel skapte rammene rundt kabelleggingsskipet ‘Nexans Aurora’ sin prøvetur denne veka. Stemninga om bord er like solskinsblid. Prøveturen starta med verftet sine testar frå måndag 3. mai, og gjekk over til den...
Publisert: 07.05.2021 kl 07:00
Det er snart 10 år sidan terroren råka Noreg, og dette skal markerast i fleire kommunar rundt om i landet. Ørsta Ap ynskjer at historia skal bli teke i vare i skulen, og innarbeidast som ein del av fagfornyinga.
Publisert: 07.05.2021 kl 09:22
Torsdag ettermiddag fekk Stad kommune melding om ein ny person som hadde testa positivt på covid-19. Den smitta er elev ved Nordfjordeid skule.
Publisert: 06.05.2021 kl 19:25 - Oppdatert: 06.05.2021 kl 19:27
Torsdag like før kl. 19.00 melder politiet om røykutvikling i ein fritidsbåt i Ørsta kommune.
Publisert: 06.05.2021 kl 18:00
Etter gjentekne aksjonar for gangveg mellom skulane i Åmdalen er innbyggjarane endeleg høyrt. Samferdsleutvalet tilrår at fylkeskommunen løyver 15 millionar kroner til prosjektet.
Publisert: 06.05.2021 kl 13:41
Ørsta-Volda lufthamn Hovden er ein av få flyplassar som ikkje har flybuss. Det blir forandring på frå hausten, og lufthamnsjef Svein Arne Vik seier dei har gjort alt klart til å ta imot bussane.
Publisert: 06.05.2021 kl 13:00 - Oppdatert: 06.05.2021 kl 14:08
Då russen samla seg ved Volda stadion førre helg, kvidde administrasjonen i VTI Fotball seg for ryddejobben som venta dei. Men då dei møtte på jobb måndag morgon fekk dei seg ei kjempeoverrasking.
Publisert: 06.05.2021 kl 11:40 - Oppdatert: 06.05.2021 kl 11:41
Då søknadsfristen gjekk ut hadde det meldt seg 13 søkjarar på stillinga som Studiedirektør ved Høgskulen i Volda.
Publisert: 06.05.2021 kl 10:41
Ein inneliggande pasient ved Nordfjord sjukehus testa onsdag positivt for covid-19. 16 tilsette i spesialisthelsetenesta i Nordfjord er sett i karantene.
Publisert: 06.05.2021 kl 10:55
Ved bruk av hurtigtestar har to nye personar i Stad kommune fått påvist covid-19. Begge er nærkontaktar til den tidlegare smitta, og allereie sett i karantene.
Publisert: 06.05.2021 kl 07:00
Volda kommune skiftar vaksineringsstad frå Samfunnshuset til Voldahallen. Alle som har fått innkalling skal no møte der.