Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 06.05.2021 kl 11:40 - Oppdatert: 06.05.2021 kl 11:41
Då søknadsfristen gjekk ut hadde det meldt seg 13 søkjarar på stillinga som Studiedirektør ved Høgskulen i Volda.
Publisert: 06.05.2021 kl 10:41
Ein inneliggande pasient ved Nordfjord sjukehus testa onsdag positivt for covid-19. 16 tilsette i spesialisthelsetenesta i Nordfjord er sett i karantene.
Publisert: 06.05.2021 kl 10:55
Ved bruk av hurtigtestar har to nye personar i Stad kommune fått påvist covid-19. Begge er nærkontaktar til den tidlegare smitta, og allereie sett i karantene.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 06.05.2021 kl 07:00
Volda kommune skiftar vaksineringsstad frå Samfunnshuset til Voldahallen. Alle som har fått innkalling skal no møte der.
Publisert: 05.05.2021 kl 18:00
Årets hingsteutstilling for fjordhest på Nordfjordeid går på grunn av koronapandemien utan publikum. Denne veka møter 45 hingstar dommarane ein og ein for å hindre smittespreiing. Dei to fyrste dagane har meir enn 1000 sjåarar, frå alle verdsdelar, følgd strøyminga frå utstillinga.
Publisert: 05.05.2021 kl 14:00
Møre og Romsdal tingrett har dømt Cato Aurstad til eit år og ni månader i fengsel for grov formuesforringelse.
Publisert: 05.05.2021 kl 12:35 - Oppdatert: 05.05.2021 kl 12:42
Ørsta brannvern har rykt ut til melding om branntilløp på eit toalett ved Ørsta ungdomsskule.
Publisert: 05.05.2021 kl 09:49
I år som i fjor vil Tussa vil vere til stades med kamerateam på markeringar i dei sju kommunane på søre Sunnmøre, og vise korps, paradar, helsingar frå ordførarar og mykje meir i ei direktesending leia av Thomas Ryste.
Publisert: 05.05.2021 kl 10:00 - Oppdatert: 05.05.2021 kl 10:00
Tysdag kveld fekk Stad kommune melding om at ein ny person har fått påvist covid-19 etter testing på Nordfjordeid måndag.
Publisert: 04.05.2021 kl 18:00
Frå tysdag til torsdag i veke 16, fekk elevane frå Ulvestad barneskule oppleve den fantastiske Yksnøya.
Publisert: 04.05.2021 kl 12:00
Møre ringde Kate Inger Bjørneset Hauken, leiar i 17. mai-nemnda for Volda sentrum, for å høyre litt om korleis 17. mai-feiringa er planlagt å haldast i år.
Publisert: 04.05.2021 kl 07:00
I desember 2020 etterlyste Ørsta kommunestyre natteramnar i Ørsta sentrum på nattetid. No kjem natteramntilbodet tilbake, og ungdom kan kjenne seg trygge i sentrumsgatene.
Publisert: 03.05.2021 kl 20:00 - Oppdatert: 03.05.2021 kl 20:17
Tre elevar frå Volda vidaregåande skule kan ta seg vidare til europeisk statistikkfinale for ungdom.
Publisert: 03.05.2021 kl 14:07
Måndag vart det markert at Ørsta ridehall har fått tett tak og veggar. Dette vart gjort med servering av kaker og kaffi og med inviterte gjestar. Hallen er 32,5m x70m stor. Det er Ørsta Hest AS som står bak ridehallen.
Publisert: 03.05.2021 kl 13:00
Ungdomspanelet i Møre og Romsdal fylkeskommune har fordelt første tildeling av ungdomsmidlar i 2021. Ni tiltak har fått støtte, tre av dei i Volda.
Publisert: 03.05.2021 kl 13:25
Måndag ettermiddag har Ørsta brannvern vore kalla ut til ein bråtebrann som kom ut av kontroll på Vartdal.
Publisert: 03.05.2021 kl 11:04
Koronautbrotet i Ålesund held fram, og i løpet av helga er det meldt om åtte nye smitta.
Publisert: 03.05.2021 kl 07:00
Ørsta kommunestyre vedtok og gav stor skryt til den nye handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, fredag. – Koronasituasjonen har aktualisert denne utfordringa, så det er på høg tid at vi har denne planen, seier Gunnar Knutsen (V).
Publisert: 02.05.2021 kl 18:35 - Oppdatert: 02.05.2021 kl 19:29
Søndag kl. 17.59: Det vart meldt om at det var brann i ei løe på Vartdal.
Publisert: 02.05.2021 kl 18:00
Volda og Ørsta avverka i 2020 langt meir tømmer enn det som er tilrådd. Bruttoverdien på tømmeret var nesten 23 millionar kroner.
Publisert: 02.05.2021 kl 13:00
For tredje året på rad er Tussa kåra til vinnar av Noreg sin beste kundeservice i kategorien energi. Tussa vann også kundeserviceprisen i 2017, 2019 og 2020.
Publisert: 02.05.2021 kl 07:00
– Etter nok ei ulykke på E39 gir det eit umiddelbart inntrykk av at vi som kommune bør sende ei sterk oppmoding til Statens vegvesen om ei snarleg utbetring på dette utsette punktet rett aust for ferjeleiet på Festøy, seier Idar Henning Vatne (Frp) i ein interpellasjon til ordføraren.
Publisert: 01.05.2021 kl 23:14
Laurdag kveld melde Ørsta kommune om eit nytt smittetilfelle av korona. Smittevegen er ukjend.
Publisert: 01.05.2021 kl 18:00
Kan det bli terrassehus eller lågblokker på Støyperi-tomta?
Publisert: 01.05.2021 kl 13:00
- Generasjonen som skal reise seg etter korona, kjem til å trenge sosiale tilbod som Ungdomsklubben meir enn nokon gong, seier Margrete Trovåg (Ap) etter ei orientering om folkehelsa i Volda som syner at ungdomen saknar sosiale møtestadar der ein berre kan vere saman med jamaldrande utan å...