Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 01.05.2021 kl 08:59
Fredag kveld kl. 23.15 melde Ørsta kommune om to nye smitta av korona.
Publisert: 01.05.2021 kl 07:00
Det er løyvd 750.000 kroner til forprosjekt for nytt basseng i 2021 i Ørsta, og Ørsta Frp reagerer på at prosjektet enno ikkje er sett i gong. Dei meiner prosjektet bør sjåast i samanheng med bygging av nytt tilbygg ved Ørsta ungdomsskule.
Publisert: 30.04.2021 kl 18:00
Volda kommune har fått beskjed om at Steinsvik Olivine AS byrja å nytte anleggsvegen mellom dagbrotet og utskipingsanlegget 22. april. No har dei sendt ut varsel om dagmulkt.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 30.04.2021 kl 16:00
Volda Hornmusikk byrjar å vakne til liv i vårsola etter koronadvalen, og no vil dei vekkje bygda også.
Publisert: 30.04.2021 kl 14:58
Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet forlenger regjeringa intervallet mellom første og andre dose av mRNA-vaksiner, som Pfizer-BioNTech og Moderna. Intervallet vert auka til inntil 12 veker for alle aldersgrupper under 65 år.
Publisert: 30.04.2021 kl 15:37
Møre og Romsdal politidistrikt har avgjort at det vert sett i gang etterforsking av ein serveringsstad i Ålesund som er anmeldt for brot på smittevernet.
Publisert: 30.04.2021 kl 14:45 - Oppdatert: 30.04.2021 kl 14:47
– Volda Arbeidarparti, Volda SV og LO på Søre Sunnmøre har lang tradisjon med felles 1. mai markering. Det vert ikkje noko unntak i år, seier Magnus Sunde, styremedlem i Volda AP, Ingrid Opedal, leiar i Volda SV og Morten Osdal frå LO.
Publisert: 30.04.2021 kl 12:47
I neste veke vert sentrumsgatene i Volda både kosta og spylte. Arbeidet vert gjennomført på kveld og natt i perioden 2.-5. mai.
Publisert: 30.04.2021 kl 10:14
Det er meldt om nye koronatilfelle i Stad og Ålesund, og i Giske kommune er det registrert tileffe av den indiske mutasjonen av koronaviruset.
Publisert: 30.04.2021 kl 10:01
Ålesund kommune har torsdag 29. april beslutta å stenge Toldboden i ei veke for brot på smittevernreglane i perioden 16. -18. april. Kommunen melde óg selskapet bak Toldboden til politiet for brot på smittevernreglane.
Publisert: 30.04.2021 kl 07:00
Ørsta kommunestyre er ikkje nøgde med det nye flyrutetilbodet ved Hovden Lufthamn som Samferdselsdepartementet har lagt ut. Kommunestyret krev no minst fire daglege avgangar tur/retur Oslo-Hovden, der tre av desse er direkte.
Publisert: 29.04.2021 kl 20:00
I bandet Crashville har nokre medlemmar gått ut, og nye medlemmar er på plass.
Publisert: 29.04.2021 kl 16:03
Ordførarane i Volda kommune og Ørsta kommune, legetenesta, politiet og russepresidentane møttest ved teststasjonen i Hovdebygda for å gi råd til russen for ei kjekk og trygg russetid.
Publisert: 29.04.2021 kl 14:08
Ein person har skadd seg på ned frå Koppefjellet i Volda kommune, og Røde Kors Hjelpekorpset er på veg for å hjelpe vedkomande ned. - Det er ingen dramatikk, seier operativ leiar i Hjelpekorpset, Torgeir Bratteberg.
Publisert: 29.04.2021 kl 11:10
Ørsta kommune har fått melding om fire nye koronasmitta. Det eine av desse tilfella vart feilaktig meldt til Volda kommune i går kveld.
Publisert: 29.04.2021 kl 11:32
I dag skal Volda kommune sette over 400 dosar av Pfizer-vaksinen på Samfunnshuset. - Vi kjem truleg ned til alder 65 år denne veka, seier kommunen.
Publisert: 29.04.2021 kl 09:46
Onsdag kveld melde Volda kommune om eit nytt koronatilfelle. Det syner seg at personen høyrer heime i Ørsta kommune, men har fastlege i Volda.
Publisert: 29.04.2021 kl 10:45 - Oppdatert: 29.04.2021 kl 11:00
E39 Rotsethorntunnelen er opna etter at eit køyrefelt var stengt på grunn av bilstans.
Publisert: 29.04.2021 kl 09:53
Onsdag kveld fekk Ålesubnd kommune melding om 17 nye koronasmitta. Det er høgaste talet nye smitta under pandemien.
Publisert: 29.04.2021 kl 07:00
Tysdag valde formannskapet i Ørsta å gå for opsjon 1, å byggje eit nytt tilbygg til Ørsta ungdomsskule med auka volum frå 1590 til 1855 kvadratmeter. Kostnadsramma er sett til 65 millionar kroner, men ei utviding av arealet vert berre sju millionar kroner dyrare.
Publisert: 28.04.2021 kl 21:48
Onsdag kveld har Volda kommune fått melding om eit nytt tilfelle av koronasmitte.
Publisert: 28.04.2021 kl 18:00
Volda Røde Kors har behov for fleire frivillige, og set no opp eit startkurs der interesserte kan kome og få ei innføring i kva organisasjonen driv med.
Publisert: 28.04.2021 kl 11:28
Nynorsk kultursentrum fekk sist veke den gledelege meldinga om at Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit gjerne vil vere beskyttar for stiftinga.
Publisert: 28.04.2021 kl 09:59
Smitteutbrotet i Ålesund held fram. Etter melding om åtte nye smittetilfelle tysdag, sit no 57 personar i isolasjon og over 600 er i karantene. Ålesund kommune melder at fem av smittetilfella er relatert til tur til Ørsta kommune.
Publisert: 28.04.2021 kl 07:00
Ørsta kommune må kjøpe ut ei bustadtomt på Velle for å kunne byggje ny sentrumsskule, men til no har ikkje kommunen og huseigarane blitt samde om pris og det har vore diskutert oreigning. Fredag vedtok kommunestyret å kome huseigarane i møte.