Annonse
Ombygging tek lengre enn venta

Lensmannskontoret i Volda og Ørsta:

Ombygging tek lengre enn venta

Publisert:

Lensmannskontoret i Volda og Ørsta er under ombygging for å få på plass nye pass-kioskar. Men no melder poltiet i Møre og Romsdal at ombygginga kjem til å ta lengre enn venta.

Fem av åtte fekk bot for mobilbruk

Trafikkontroll på Nørestranda:

Fem av åtte fekk bot for mobilbruk

Publisert: - Oppdatert: 14.03.2019 kl 15:22

Fem bilførarar vart tekne for mobilbruk bak rattet då politiet gjennomførte ein trafikkontroll på Nørestranda.

Easy2you er konkurs - avisleveringa lever vidare

Easy2you er konkurs - avisleveringa lever vidare

Publisert:

Selskapet Easy2you distribusjon og hjemlevering AS er konkurs. Det går ikkje ut over Easy2you Transport og Logistikk As, som mellom anna leverer ut nokre av avisene til Møre på laurdagane.

Har forsterka gangbrua

Vert ikkje fjerna likevel:

Har forsterka gangbrua

Publisert:

Gangbrua mellom Bratteberg og Røyslida/Heltne vert ikkje fjerna likevel. I alle fall ikkje enno.
– Brua er forsterka så den skal halde over sommaren. Det gjev betre tid til å kome fram til ei løysing, seier einingsleiar for anlegg og drift i Volda kommune, Malvin Kile.

Klar til bruk neste skuleår

Nytt skulebygg tek form i Hornindal:

Klar til bruk neste skuleår

Publisert:

Elevar og tilsette ser fram til å ta i bruk den nye skulen hausten 2019. – Den nye skulen vert kjempebra. Vi får ein skule som er bygd for framtida, og som vi kan vekse i.

Heimevernsøving på Søre Sunnmøre

Heimevernsøving på Søre Sunnmøre

Publisert:

I ei pressemelding opplyser Heimevernet HV11-211 Søre Sunnmøre at det vert gjennomført øving på Søre Sunnmøre i veke 11 og 12.

Fylket er med på laget

Fylket er med på laget

Publisert:

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik rår til at fylket går inn i ein langsiktig leigeavtale i Volda Campus SpareBank 1 Arena. Då vil finansieringa av den nye idrettshallen i Volda vere på plass.

– Det mest kritiske vi har opplevd

Søre Sunnmøre tingrett:

– Det mest kritiske vi har opplevd

Publisert:

Sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik, meiner DA si motvilje til å finne nye lokale er ei forskotering av nedlegging.
– Dette er det mest kritiske vi har opplevd, seier ho om brevet der DA stadfestar at dei har sett nye lokale på vent.

– Låg risiko for eksponering av muggsopp

– Låg risiko for eksponering av muggsopp

Publisert:

Stamina Helse har som bedriftshelseteneste for Volda kommune gjennomført luftmålingar ved Volda Ungdomsskule. No er rapporten klar.

Frigir namnet på den omkomne

Snøskredet i Sykkylven:

Frigir namnet på den omkomne

Publisert: - Oppdatert: 12.03.2019 kl 11:33

Politiet i Møre og Romsdal opplyser at det var 51 år gamle Egil Rune Åmbakk frå Ørsta som omkom i snøskredet i Sykkylven.

Ynskjer to ferjesamband i Hjørundfjorden

Kan bevare Skår-ferja:

Ynskjer to ferjesamband i Hjørundfjorden

Publisert:

Fylkeskommunen ser på moglegheita for å dele opp Hjørundfjorden i to samband, med to ferjer. – For å få til dette, må vi ha godkjenning frå kommunaldepartementet. Vi har sendt søknad, og så langt har vi fått positive tilbakemeldingar.

Den omkomne mannen er henta ut frå raset

Snøskredet i Sykkylven laurdag

Den omkomne mannen er henta ut frå raset

Publisert: - Oppdatert: 11.03.2019 kl 20:22

Aksjonen etter den tragiske skredulukka i Sykkylven laurdag, kunne avsluttast måndag.Då var verforholda endeleg slik at den omkomne kunne lokalisert og henta ut. Trass i at det var finever, var det likevel ein utfordrande jobb.

«Willy» treng ny heim

«Willy» treng ny heim

Publisert:

Volda brann og redning vil avhende «Willy» brannbil frå 1957. Brannsjefen håper bilen kan få ein ny heim i Volda, hos nokon som kan føre den attende til fordoms prakt.

Høg fart i Elvadalen

Høg fart i Elvadalen

Publisert:

Måndag held politiet ein fartskontroll i Elvadalen i Volda sentrum. Det enda med sju bøter.

Nytt forsøk på å hente ut den omkomne i dag

Snøskredet ved Brunstadhornet

Nytt forsøk på å hente ut den omkomne i dag

Publisert: - Oppdatert: 11.03.2019 kl 20:17

Måndag: Politiet melder at det vert gjort eit nytt forsøk på å hente ut den omkomne frå snøskredet som gjekk ved Brunstadhornet i helga.

– Det er veldig kjekt og gjevande

Ragnhild og Ståle Høydal er aktivitetsvennar:

– Det er veldig kjekt og gjevande

Publisert:

Ragnhild og Ståle Høydal har vore aktivitetsvennar for personar med demens ved Volda omsorgssenter i eitt år. No skal kommunen i gong med nytt aktivitetsvennkurs, og paret anbefaler alle å melde seg på.

Nye dekanar ved Høgskulen i Volda

Nye dekanar ved Høgskulen i Volda

Publisert:

Høgskulestyret har vedteke å gje tilbod om dekanstillingar til Arne Myklebust, Randi Bergem og Unni Hagen.

Ørsting omkom i snøskred

Ørsting omkom i snøskred

Nytt forsøk på å hente ut den omkomne måndag

Publisert: - Oppdatert: 10.03.2019 kl 17:30

Politiet stadfestar at det var ein mann som er folkeregistrert i Ørsta, som omkom i snøskredet ved Brunstadhornet i Sykkylven laurdag.

Arbeidet med Fv. 60 held fram

Arbeidet med Fv. 60 held fram

Publisert:

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal har gjort samrøystes vedtak om at planlegginga av fylkesveg 60 skal halde fram. - Det er særdeles gledeleg å oppleve politikarar som held det dei lovar, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel (H).

No vert brua fjerna

Totalroten bru:

No vert brua fjerna

Publisert:

Brua som bind Bratteberg til Røyslida/Heltne vert mest sannsynleg fjerna på måndag. – Brua er øydelagt av rote og ikkje forsvarleg å nytte lenger, seier Malvin Kile i Volda kommune.

Politiet melder om stor skredfare og fire snøskred i Volda og Ørsta

Laurdag ettermiddag

Politiet melder om stor skredfare og fire snøskred i Volda og Ørsta

Publisert: - Oppdatert: 09.03.2019 kl 21:31

Mange la ut på skitur laurdag, og mange ras vart utløyst av turgåarar. Politiet minner turgårarar på fjellet om stor skredfare i distriktet.

– Det er billegare å lade elbilen om natta

Per-Are Sørheim i Tussa-24

– Det er billegare å lade elbilen om natta

Publisert:

Ladd elbilen på natta, skru av lysa i rom som du ikkje oppheld deg i, ikkje la varmevatnet renne utan det er nødvendig og fyr i peisen. Då vil du spare straumforbruket ditt.

Utforkøyring ved Flåskjær

Utforkøyring ved Flåskjær

Publisert:

Laurdag omlag midt på dag, hamna ein bil utofr vegen ved Flåskjær på Vartdalsstranda.

Rår til nedlegging av Vikebygda skule

Rår til nedlegging av Vikebygda skule

Publisert:

Administrasjonen i Volda kommune rår til at nedlegginga av Vikebygda skule byrjar til hausten, og at elevar som skal ta til i 1. klasse i sentrum vert fordelte mellom Bratteberg skule og Øyra skule.

– Vi skal slåst for ny skule

Kristin Sørheim (Sp) vitja Ørsta VGS:

– Vi skal slåst for ny skule

Publisert:

Om to år fyller dei eldste bygga ved Ørsta VGS heile 75 år. Det er på høg tid med ny skule, og fylkesordførarkandidat Kristin Sørheim (Sp) lovar å ta saka opp til ny handsaming i fylkestinget 8. april.