Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 23.08.2020 kl 18:00
Volda Kyrkjelege Fellesråd søkjer Volda kommune om kommunal garanti til eit investeringslån på 2.852.000 kroner.
Publisert: 23.08.2020 kl 13:00
Frode Sætre, Ola Einang og Nils Ola Skuset håpar Volda-politikarane vil godkjenne båtbygging som ein del av sentrumsprosjektet. – Identiteten til Volda er mykje meir enn berre sjukehuset og høgskulen. Her er lange maritime tradisjonar, særskilt innan båtbygging, fyr- og hamnearbeid.
Publisert: 23.08.2020 kl 11:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) har saman med resten av ordførarane i Møre og Romsdal signert eit brev til Helse Midt-Noreg der dei krev at innføringa av den nye fordelingsnøkkelen, Magnussen 2, rettar opp i ei skeivfordeling dei meiner har kosta Helse Møre og Romsdal dyrt.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 23.08.2020 kl 07:00
Galten har eksplodert i popularitet dei siste åra. Frå å vere ei «hemmeleg» turperle som stort sett var nytta av innbyggjarane på Folkestad og omland, er Galten no godt besøkt av turistar frå inn- og utland, og mange turentusiastar frå heile distriktet.
Publisert: 23.08.2020 kl 08:05
Laurdag kveld påla politiet ein person å forlate Ørsta sentrum.
Publisert: 22.08.2020 kl 18:00
Det er framleis nokre ledige bustader på studentheimane til SiVolda.
Publisert: 22.08.2020 kl 13:00
Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) meiner staten må kome på bana for å berge flytilbodet i distrikta etter at Widerøe melder at dei må gjere kutt i rutene sine.
Publisert: 22.08.2020 kl 10:00
I helga er Volda sine handballdamer i Trondheim for å møte sterk motstand før sesongen startar for alvor. I dag spelar dei kampar mot eliteserielaga Byåsen, som enda på tredjeplass førre sesong, og Fredrikstad. I morgon skal Volda møte Levanger som er nyopprykka til 1. divisjon.
Publisert: 22.08.2020 kl 07:00
- I dag er eg stolt over å bu i Volda, sa fleire etter SIAN-markeringa i Volda torsdag kveld. Fleire tok avstand ved å forlate området då demonstrasjonen starta, og i Uppheimsparken samla folk seg til ein spontan og inkluderande antirasismefest.
Publisert: 21.08.2020 kl 18:00
I samband med vedlikehaldsarbeid på E39 mellom Nordfjordeid og Kjøs skal to stikkrenner skiftast ut. Vegen blir difor heilt stengd ved Holmøyane to netter i veke 35.
Publisert: 21.08.2020 kl 15:30 - Oppdatert: 21.08.2020 kl 15:32
- Om dette er "drapsforsøk" ved drukning, så er dessverre ikkje ei betongblokk nok til å ta knekken på eit kvalitetsmøbel frå det glade 90-talet, seier Alf Ivar Langlo om sofaen han fann drivande i Håvika.
Publisert: 21.08.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 21.08.2020 kl 13:15
Torsdag registrerte Stranda kommune sitt første koronatilfelle, og ein gjestearbeidar ved Ulstein Verft har også testa positivt på Covid-19.
Publisert: 21.08.2020 kl 14:10 - Oppdatert: 21.08.2020 kl 14:39
Politiet og bilbergar rykte fredag ettermiddag ut til Eiksundtunnelen for å bistå ein bilførar som hadde fått motorstopp.
Publisert: 21.08.2020 kl 11:00
– PE Bjørdal er ei spanande og lokal bedrift i ei viktig vekstnæring. Vi investerer her i eit sterkt team og vi ser eit stort potensial for løysingane dei leverer innan fiskeri og havbruk, seier Christer Valderhaug, leiar av forvaltning for Novela Kapital.
Publisert: 21.08.2020 kl 07:00
Ørsta formannskap vedtek å løyve inntil 600.000 kroner av Næringsfondet som særskilt koronastønad til små og sårbare bedrifter i kommunen.
Publisert: 20.08.2020 kl 18:00
28. august byr Utviklingsforum Hovden rikspolitikar og næringslivsaktørar inn til eit møte om framtida til kortbanenettet i Noreg generelt og flyplassen i Hovden spesielt.
Publisert: 20.08.2020 kl 09:15
Mange valde å ikkje gjennomføre sydenturen sin i år. Kommuneoverlegen i Volda reiste.
Publisert: 20.08.2020 kl 13:06
Volda kommune fekk presentere Voldatunnelen for samferdsleminister Knut Arild Hareide når han var i Ålesund for å hente innspel til rulleringa av Nasjonal Transportplan.
Publisert: 20.08.2020 kl 07:00
Det seier Kristin Riise (Sp). Ørsta formannskap vil støtte den nye utestaden Stødt med 150.000 kroner frå Næringsfondet.
Publisert: 19.08.2020 kl 18:00
Eit fjordspenn med fire faselinjer som gjekk frå Neshornet ved Høydalsneset til Blåfjellet ved Hjartåbygda, vart sanerte førre helg og måndag. Det er SFE Nett AS som er byggherre og Hallingmast AS som er innleigd entreprenør til å utføre arbeidet.
Publisert: 19.08.2020 kl 11:33
Som følgje av ein betydeleg svikt i etterspørselen etter flyreiser som følgje av Covid-19 pandemien, samt bortfall av statleg kjøp og lettelsar i avgifter, reduserer Widerøe tilbodet på ein rekke kommersielle kortbanestrekningar.
Publisert: 19.08.2020 kl 09:51
Det er stor pågang på telefonen for koronatesting i Ørsta kommune.
Publisert: 18.08.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 19.08.2020 kl 08:20
Andreslåtten er i full gong. Sindre Humberset, som slår gras både for seg sjølv og andre, kan melde om god grasavling i år.
Publisert: 18.08.2020 kl 11:40 - Oppdatert: 18.08.2020 kl 12:49
Når Coop for første gong skal ta i bruk teknologi for heilautomatisk og døgnopen butikk utanfor dei store byane, så vel dei å gjere det på Folkestad.
Publisert: 18.08.2020 kl 09:25 - Oppdatert: 18.08.2020 kl 09:31
Måndag kveld fekk Ørsta kommune melding om eit nytt positivt Covid-19-tilfelle i Ørsta kommune.