Klargjør siden...
Vil kjempe for å bevare flytilbodet ved Hovden

Eit samrøystes Ørsta kommunestyre:

Vil kjempe for å bevare flytilbodet ved Hovden

Publisert:

Ørsta kommunestyre krev umiddelbare tiltak for å sikre drifta og tilbodet ved Ørsta-Volda Lufthamn. Dette er statleg kjøp av ruter, spesielt FOT-rute til Oslo, og vesentleg reduksjon i avgifter som moms, flyplassavgift og CO₂ avgift.

Avgjer namn på mediebygget torsdag

Høgskulestyret:

Avgjer namn på mediebygget torsdag

Publisert:

Det første styremøtet i høgskulestyret hausten 2020 vert halde torsdag 10. september. Namn på mediebygget er ei av sakane som skal avgjerast der.

- Det er på tide å rive av plasteret

Nedlegging av barnehage og skule i Austefjord:

- Det er på tide å rive av plasteret

Publisert:

Tenesteutvalet for oppvekst og kultur har vore med på å berge barnehagen og skulen i Austefjorden i fleire rundar, men no meiner dei det er på tide å gje bygda fred. – Det smertar, men for bygdefolket sin del så er det på tide at dei slepp fleire kampar, seier utvalsleiar Rebecca Riise...

Annonse
Annonse
Annonse
Utvist i to år for brot på karantenereglane

Utvist i to år for brot på karantenereglane

Publisert: - Oppdatert: 03.09.2020 kl 15:32

Politiet i Møre og Romsdal har vist ut ein utanlandsk statsborgar etter brot på karanteneforskrifta. I tilleg gav politiet innreiseforbod i to år.

Fem vil byggje ny ungdomsskule

Fem vil byggje ny ungdomsskule

Publisert:

Volda kommune har gjennomført ei pre-kvalifisering av entreprenørar til bygginga av ny ungdomsskule i sentrum, og sit no att med fem kandidatar.

– Ei rasering av næringa

Distrikts-Noreg kan miste taxitilbodet på kveldstid:

– Ei rasering av næringa

Publisert:

Frå 1. november kan kven som helst med billappen registrere seg som drosjesjåfør. Det har Stortinget vedteke. – Dette er ei rasering av næringa, og det kan gå hardt utover innbyggjarane som risikerer å stå utan tilbod om drosje på kvelds- og nattetid, seier dagleg leiar ved Herøy...

Gler seg til å ta fatt på jobben

Kari Melle vert ny banksjef i Ørsta:

Gler seg til å ta fatt på jobben

Publisert: - Oppdatert: 02.09.2020 kl 13:05

– Dette vert veldig spennande. Eg gler meg til å bli ein del av ein lokalbank eg alltid har hatt eit godt forhold til, seier Kari Melle.

Røvarkjøp til gode formål

Røvarkjøp til gode formål

Publisert:

– Vi har vore her dei tre siste åra. Vi er glade i gamle ting og synest samstundes det er kjekt å støtte ei god sak, seier ekteparet Andrea Velle Skjeret og Henning Skjeret som var mellom dei 80 som deltok på Røde Kors sin auksjon i helga.

Endeleg ein solskinsdag for tingretten

Endeleg ein solskinsdag for tingretten

Publisert:

Endeleg kunne det vere kakefest i Volda-sola utan at det hang ei mørk sky over tingretten. – Vanlegvis er vi her for å åtvare mot den massive sentraliseringa av domstolane, men i dag kunne vi berre nyte sola og kose oss saman, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge.

Eiksundtunnelen er opna etter bilberging

Eiksundtunnelen er opna etter bilberging

Publisert: - Oppdatert: 01.09.2020 kl 16:24

Tysdag ettermiddag var Eiksundtunnelen stengt ei kort periode grunna bilberging.

Vil jobbe for framleis gode rutetilbod i distrikts-Noreg

Tverrpolitisk semje om tiltak for Ørsta/Volda lufthamn

Vil jobbe for framleis gode rutetilbod i distrikts-Noreg

Publisert:

– Vi må jobbe vidare for å sikre at vi har ein god og desentralisert lufthamnstruktur og eit framleis godt rutetilbod i distrikts-Noreg. Det er så ekstremt viktig for næringslivet og verdiskapinga i heile landet, seier Helge Orten, leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget....

Alle hopparane landa trygt

Det vart meldt om mogleg paragliderulukke i Rotsethornet

Alle hopparane landa trygt

Publisert: - Oppdatert: 01.09.2020 kl 10:51

Måndag kveld i 20-tida vart det sett i verk ein redningsaksjon i Rotsethornet i Volda.

Dyrka mega-solsikker av fuglefrø

Dyrka mega-solsikker av fuglefrø

Publisert:

Thomas Andre Hjelle Følsvik (12) frå Straumshamn har dyrka solsikker på over tre og ein halv meter av frø frå fuglebrettet til besteforeldra.

Nytt nedleggingsforslag på bordet

Nytt nedleggingsforslag på bordet

Publisert: - Oppdatert: 31.08.2020 kl 09:30

I fjor vart barnehagen og skulen i Austefjord berga når kommunestyret brukte fondsmidlar for å halde ope eit år til. No kjem nytt nedleggingsforslag på bordet til politikarane.

- Handlar langt utanfor sitt mandat

Stiftinga Voldabadet reagerer på saksframlegg:

- Handlar langt utanfor sitt mandat

Publisert:

Stiftinga Voldabadet reagerer på fleire av momenta i sakspapira kommuneadministrasjonen legg fram for den kommunale byggenemnda i ettermiddag. - I desse sakspapira frå administrasjonen ser ein at det er kostnader og ikkje det totale biletet som kjem fram.

Meld dødsfall direkte til tingretten

Meld dødsfall direkte til tingretten

Publisert:

Pårørande skal melde dødsfall direkte til Søre Sunnmøre tingrett frå 1. september 2020.

Nytt symjeanlegg og vegen vidare

Nytt symjeanlegg og vegen vidare

Publisert:

No når kommunestyret har bestemt at det skal byggjast nytt symjeanlegg i Volda sentrum, kjem saka attende til den kommunale byggjenemnda. Dei må ta stilling til ei rekkje spørsmål, som kontraktsstrategi, element-prising, entreprenør-premiering og involvering av brukargrupper.

Vil dekorere samfunnshusveggen med gatekunst

KDA-elevar ved Volda vgs.:

Vil dekorere samfunnshusveggen med gatekunst

Publisert:

Linja for Kunst, design og arkitektur (KDA) ved Volda vgs. har merka seg diskusjonar i sosiale medium og Møre om samfunnshusveggen. Dei vil gjerne ta oppdraget med å måle gatekunst på veggen.

Vil i dialog om skulebygg

Vil i dialog om skulebygg

Publisert:

Formannskapet støtta tysdag riving av Folkestad gamle skule og avhending av skulebygget på Yksnøya. Det er elles ynskjeleg å kome til semje med grendalaga om overtaking av Hjartå, Lid og Høydal skular.

Vil kjøpe Bratteberg barnehage for kr. 37 mill.

Vil kjøpe Bratteberg barnehage for kr. 37 mill.

Publisert:

Volda kommune ønskjer å kjøpe Bratteberg barnehage for kr. 37 mill. og legge ned Sollia barnehage. Barnehageplassane og dei tilsette i Sollia vert overførte til Bratteberg.

Galten får varselskilt

Galten får varselskilt

Publisert:

- Sidan kommunen har medverka til merking og skilting av turstiane ved området Folkestadsætra, Galten og Kornbergveten vil ein i samråd med grendalaget på Folkestad få på plass eit varsel-om-fare-skilt ved Galten, seier planleggjar i Volda kommune, Torgeir Stensø.

Redningsaksjon på Rotsethornet

Redningsaksjon på Rotsethornet

Publisert:

Fredag kveld gjekk to personar seg fast på Rotsethornet i Volda.

Brannutrykning i Volda

Brannutrykning i Volda

Publisert:

Tidleg laurdag morgon rykte brannvesenet ut til ein alarm i Volda.

Oversikt over konfirmantar denne hausten

Oversikt over konfirmantar denne hausten

Publisert: - Oppdatert: 31.08.2020 kl 09:48

Her er ei liste over konfirmantane i Volda kommune denne hausten. Av omsyn til smittevern vert ikkje gudstenestene opne for kyrkjelyden utover dei gjestene konfirmantane kan ha med seg til kyrkja.

Utfordrande hotell-haust

Må stadig avvise førespurnadar om kurs og konferansar:

Utfordrande hotell-haust

Publisert:

Koronapandemien har gått hardt ut over reiselivsnæringa, men for Havila Hotels AS har sommaren gått overraskande bra. – Men stadige endringar og nye krav har gjort det vanskeleg å føresjå og planleggje langt fram i tid, seier reiselivsdirektør i Havila Hotels AS, Gunther Dahler.

Annonse