Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 14.06.2020 kl 07:00
Post i butikk ved Coop Mega i Volda har oppleve ei betydeleg auke av levering og sendingar av post, frå samfunnet stengde ned i midten av mars og fram til i dag.
Publisert: 13.06.2020 kl 18:00
Hos Norli i Volda har dei opplevd auka etterspurnad etter postkort med lokale motiv siste åra. Slike kort har ikkje vore å oppdrive, før Aarflots Prenteverk tok saka i eigne hender.
Publisert: 13.06.2020 kl 16:00
Statens vegvesen har ingen konkrete planar for tiltak langs den trafikkerte og farlege vegen per i dag, og strekninga er ikkje prioritert i Nasjonal Transportplan (NTP). – Vi kan heller ikkje sjå at dette er ei problemstilling som er aktuell å ta tak ifrå kommunen si side.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 13.06.2020 kl 13:00
Kommunen vil setje i gang ei prøveordning for å få fleire studentar til å melde flytting til Volda i studietida. Studentane kan få gåvekort på sykkel eller eigne aktivitetskort som gir rabatt på kulturarrangement, kino, museum, konsertar og treningssenter.
Publisert: 13.06.2020 kl 10:00
Ørsta kommune melder til politiet at det er nokon som har prøvd å få fyr i bordkledninga til Barnas Vel barnehage i Ørsta.
Publisert: 13.06.2020 kl 07:00
Badeplassen Munken er godt besøkt på varme og solfylte dagar, men strekninga fram til badeplassen er svært trafikkfarleg. Bilane held høg fart og fleire fortel om farlege opplevingar langs strekninga. Må det gå liv før noko vert gjort for å trygge vegen?
Publisert: 12.06.2020 kl 18:00
Per Mulvik AS, med hovudkontor på Spinneriet, har no opna avdelingskontor i Stryn. – Kall det gjerne ein «Kvivsveg-effekt», seier Ottar Skare.
Publisert: 12.06.2020 kl 13:55 - Oppdatert: 12.06.2020 kl 14:43
Fredag ettermiddag melder politiet om ei trafikkulukke mellom bil og moped ved Kjøs bru i Hornindal.
Publisert: 12.06.2020 kl 09:50 - Oppdatert: 12.06.2020 kl 10:37
Vegtrafikksentralen Midt melder om redusert framkomst på Fv 5891 etter ei tafikkulukke ved Høydal.
Publisert: 12.06.2020 kl 07:00
Ørsta kommune vil ruste opp Strandgata for 12,75 millionar kroner. Det skal etablerast fontene ved Haldeplassen i enden av gågata, og fram til trikotasjebygget skal vegen rustast opp med fortau og gatelys.
Publisert: 11.06.2020 kl 20:00
I mars vart mannen frifunnen i Søre Sunnmøre tingrett for å ha oppført seg trugande fleire gongar og for å ha oppbevart narkotika. Dette for at det ikkje var fare for at mannen skulle gjere alvorlege lovbrot. Førre veke stakk han ein miljøarbeidar med skrujarn.
Publisert: 11.06.2020 kl 18:00
Det nærmar seg jonsok og mange planlegg å markere dagen med bålbrenning. Brannvesena på Søre Sunnmøre minner om at det i sommarhalvåret er generelt bålforbod i og i nærleiken av skog og utmark.
Publisert: 11.06.2020 kl 16:48
Sunnmørsposten som er del av Polaris Media Nordvestlandet, har inngått avtale med eigarane av Sykkylven Media AS, utgjevar av lokalavisa Sykkylvsbladet, om kjøp av 100% av aksjane i selskapet.
Publisert: 11.06.2020 kl 13:00
Formannskapet er informerte om at kommunen har byrja å tilby sluttpakkar for tilsette ved uttak av avtalefesta pensjon ved 62 år. – Dette er ein del av arbeidet med nedbemanning i administrasjonen, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.
Publisert: 11.06.2020 kl 11:00
– Dette blir eit utruleg flott anlegg. Det vert verkeleg den storstova Volda har ønska seg, seier ordførar Sølvi Dimmen etter at ho for første gong har vore inne og sett i den nye idrettshallen Volda Campus SpareBank 1 Arena.
Publisert: 11.06.2020 kl 07:00
Etter grensejusteringa for Bjørke og Viddal vert ikkje Volda og Ørsta kommunar samde om inntektsfordelinga frå Tussa-kraftverket på Bjørke. Ørsta kommune vil setje fram krav om sak for skjønsnemnda.
Publisert: 11.06.2020 kl 10:06
Ein varebil vart teken med 900 kg overlast då Statens vegvesen hadde køyretøykontroll på trafikkstasjonen i Ørsta onsdag ettermiddag.
Publisert: 10.06.2020 kl 19:10 - Oppdatert: 10.06.2020 kl 19:52
Like før kl. 19 onsdag kveld, fekk ein mann problem i Voldsfjorden.
Publisert: 10.06.2020 kl 18:00
Skipnaden Rolf Haugens Samlingar har søkt Volda kommune om hjelp til å ivareta radiosamlinga i Hornindal. Kommunen meiner Grobygget er ein høveleg stad å vise den fram.
Publisert: 10.06.2020 kl 13:31
Frå 1. juli reduserer Mørenett nettleiga, og selskapet har då den lågaste nettleiga i Møre og Romsdal.
Publisert: 10.06.2020 kl 10:00
Onsdag 10. juni klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.
Publisert: 10.06.2020 kl 02:17
KFUM VOLDA får tildelt Noregsmeisterskap U15 i mars 2021, eventuelt mars 2022. Noregsmeisterskapet vil gå i den nye Volda Campus Sparebank1 Arena.
Publisert: 09.06.2020 kl 18:00
– Nok er nok. Vi skal seie vår meining om så ingen høyrer på. Om ein er gul, svart, brun eller kvit. Alle er like mykje verd, seier Noela som bur på Folkestad i Volda.
Publisert: 09.06.2020 kl 16:30 - Oppdatert: 09.06.2020 kl 16:34
klinikksjef Mona Aagaard-Nilsen har trekt forslaget om å samle all varmmatproduksjon ved det nye sjukehuset i Molde (SNR), men kjøkkenet ved Volda sjukehus står framleis i fare.
Publisert: 09.06.2020 kl 15:52
Formannskapet vil gå vidare med det største alternativet for symjeanlegg, eit konkurransebasseng på 25x15,5 meter og opplæringsbasseng på 12,5x8,5 meter.