Klargjør siden...
Bryt 60 år lang tradisjon

Volda Røde Kors måtte ta vanskeleg val:

Bryt 60 år lang tradisjon

Publisert:

Kvart år så lenge medlemmane i Volda Røde Kors kan hugse så har det blitt arrangert loppemarknad i Volda siste laurdagen i august. I år vert det auksjon i staden.

– Vi har sakna dei heile livet

60 år sidan to brør drukna:

– Vi har sakna dei heile livet

Publisert:

I desse dagar er det 60 år sidan ei tragisk ulykke hende på Voldsfjorden. Ei ulykke som skulle setje djupe spor etter seg, og føre til botnlaus sorg for ei stor familie, så vel som for eit heilt bygdesamfunn.

– Ein betre og meir moderne butikk

Butikksjef ved Rema 1000 Spinneriet om ombygginga:

– Ein betre og meir moderne butikk

Publisert:

Dersom du har vore innom Spinneriet i Volda den siste tida har du nok fått med deg at Rema 1000 har fått ny drakt. Målet med oppussinga var å gi voldingane ein betre og meir moderne butikk.

Annonse
Annonse
Annonse
– Det har vore mykje glede, galskap og nervøsitet

20 år med Side Brok

– Det har vore mykje glede, galskap og nervøsitet

Publisert:

Slik skildrar Runar Gudnason dei siste 20 åra med Side Brok. Heimegutane frå Hovdebygda var blant dei fyrste i Noreg som rappa på dialekt. Jubileet deira vert feira med dobbelt låtslepp i starten av juni.

Radarkontroll ved Grodås

Radarkontroll ved Grodås

Publisert: - Oppdatert: 29.05.2020 kl 23:27

Fredag kveld melder politiet om radarkontroll på vegen ved Grodås.

Koronasmitte i Sula

Koronasmitte i Sula

Publisert:

Fredag fekk Sula kommune stadfest at fire nye personar har testa positivt på Covid-19-viruset. Alle var i karantene. På grunn av utbrotet er ei barnehageavdeling blitt stengt.

I 117 og 122 i Austefjorden

I 117 og 122 i Austefjorden

Publisert: - Oppdatert: 30.05.2020 kl 00:39

Fredag kveld var eit par bilførarar for tunge på gassen.

– Eit viktig steg vidare mot realisering

Nordfjordbrua:

– Eit viktig steg vidare mot realisering

Publisert:

Nordfjordbrua AS har fått utarbeidd forslag til to flytebruløysingar på strekninga Anda-Lote. – Vi vil køyre på alt vi kan for å få det planmessige på plass. Vi har store planar for framdrifta, seier nyvald styreleiar i Nordfjordbrua AS, Harald Kjelstad.

Skuleskyss som normalt frå 8. juni

Skuleskyss som normalt frå 8. juni

Publisert: - Oppdatert: 29.05.2020 kl 16:08

Møre og Romsdal fylkeskommune går vekk frå avstandskrav i kollektivtrafikken frå måndag 8. juni

– Tyder ikkje at vi er tilbake i ein normalsituasjon

Barnehagar og skular går mot vanleg opningstid:

– Tyder ikkje at vi er tilbake i ein normalsituasjon

Publisert: - Oppdatert: 29.05.2020 kl 15:29

Barnehagane og skulane i Volda jobbar for auka opningstider etter at regjeringa har lempa på smitteverntiltaka. – Men det tyder ikkje at vi er tilbake til ein normalsituasjon, seier ordførar Sølvi Dimmen.

– Utruleg kjekt å vere i mål!

Rideklubben kan sleppe jubelen laus:

– Utruleg kjekt å vere i mål!

Publisert:

Kommunestyret har samrøystes godkjent lånegaranti for ein ridehall på Rotevatn, og dei over 100 medlemmane i Volda rideklubb kan endeleg sleppe jubelen laus. – Vi er veldig, veldig glade no. Det er utruleg kjekt å vere i mål, seier leiar i Volda rideklubb, Edle Holmin.

Arctic Nutrition vann Siva-prisen 2020

Arctic Nutrition vann Siva-prisen 2020

Publisert: - Oppdatert: 29.05.2020 kl 07:50

Siva-prisen på 250.000 kroner gjekk i år til Arctic Nutrition for bedrifta sitt innovative arbeid med utvikling av medisin for behandling av psoriasis, basert på restråvarer av silderogn.

Trafikkulukke i Ørsta sentrum

Trafikkulukke i Ørsta sentrum

Publisert: - Oppdatert: 29.05.2020 kl 08:27

Fredag morgon har naudetatane rykt ut til melding om ei trafikkulukke i Ørsta sentrum.

22 - 11 for Voldsfjordkryssing

22 - 11 for Voldsfjordkryssing

Publisert: - Oppdatert: 29.05.2020 kl 13:47

Under ein heit og lang debatt i Volda kommunestyre torsdag kveld, var saka om å løyve midlar til Voldsfjordkryssing oppe.

- Dessverre alle typar narkotika tilgjengeleg

I Volda/Ørsta er

- Dessverre alle typar narkotika tilgjengeleg

Publisert: - Oppdatert: 28.05.2020 kl 14:02

Politiet har fokus på narkotika og sal av det både i eit førebyggjande perspektiv, og følgjer opp konkrete hendingar dei får melding om.

Nye retningsliner for besøk på omsorgsbustadane

Nye retningsliner for besøk på omsorgsbustadane

Publisert:

Det vert opna for meir besøk ved omsorgsbustadane for eldre, og Volda kommune kjem difor med ny informasjon til bebuarar og pårørande.

Ny dekan ved Avdeling for mediefag

Høgskulen i Volda:

Ny dekan ved Avdeling for mediefag

Publisert: - Oppdatert: 28.05.2020 kl 14:41

Styret ved Høgskulen i Volda har vedteke å gi Kate Kartveit tilbod om dekanstilling ved Avdeling for mediefag frå 1. august 2020.

Ungdom tilbydd ecstasy i Volda sentrum

Ungdom tilbydd ecstasy i Volda sentrum

Publisert:

Nokre vener var i Rådhusparken i Volda sentrum, og der vart dei plutseleg tilbydd ecstasy av to vaksne personar.

Volda sjukehus kan miste kjøkkenet

Ny vurdering av varmmatproduksjonen i Helse Møre og Romsdal:

Volda sjukehus kan miste kjøkkenet

Publisert:

Ei arbeidsgruppe skal sjå på organiseringa av varmmatproduksjonen i Helse Møre og Romsdal. Det kan tyde at Volda sjukehus får maten levert frå Ålesund eller frå det nye sjukehuset som skal byggjast utanfor Molde.

Fem fekk bot for mobilbruk

E39 Hovdebygda:

Fem fekk bot for mobilbruk

Publisert: - Oppdatert: 28.05.2020 kl 14:52

Fem bilførarar fekk bot for å bruke mobiltelefonen bak rattet når politiet hadde kontroll i Hovdebygda.

570 er koronatesta i Volda – ingen nye smitta

570 er koronatesta i Volda – ingen nye smitta

Publisert:

Volda kommune melder at pr torsdag 28. mai er 570 personar testa for koronasmitte i Volda.

Vil gjere skulen til eit kompetanse- og kultursenter

Ny digital workshop for Ørsta vgs.:

Vil gjere skulen til eit kompetanse- og kultursenter

Publisert:

Hittil har det kome inn heile tusen innspel til kva nye Ørsta vidaregåande skule skal bli og korleis den kan brukast. Mange ynskjer at skulen skal bli eit kompetanse- og kultursenter for heile kommunen.

Sporty skomote er i vinden

Sporty skomote er i vinden

Publisert:

SkOlsen i Volda har fått inn mange nye lekre vår- og sommarsko. Her finn ein lette kvalitetssko med god demping for ei kvar anledning. Dei tilsette i butikken har også mange gode råd for å få skoa til å vare og halde seg fine lenger.

Turistforeininga skiftar namn

Voldingar attvald i styret:

Turistforeininga skiftar namn

Publisert: - Oppdatert: 28.05.2020 kl 12:34

Ålesund-Sunnmøre Turistforening skiftar namn til DNT Sunnmøre. – Vi ønskjer å syne at vi er ei foreining for heile Sunnmøre, og at Ålesund ikkje er viktigare enn andre stadar i området, seier styreleiar Jørn Håskjold.

Vil ha slutt på gravlys av plast

Vil ha slutt på gravlys av plast

Publisert:

Gravlys av plast med metalltopp er ein favoritt blant kråkene. Dei øydelegg plasten for å få tak i talgen, og forsøplar områda kring kyrkjegardane. No oppmodar Volda kyrkjelege fellesråd og Volda kommune folk til å bruke andre former for gravlys.

Annonse