Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 09.05.2020 kl 20:00 - Oppdatert: 09.05.2020 kl 20:32
Laurdag er det avslutningsfest ved Møre Folkehøgskule i Ørsta for alle elevane og dei tilsette. Feiringa vert digital, men finstasen skal uansett på. Og elevane vert nok overraska når dei ser seg sjølv i salen likevel.
Publisert: 09.05.2020 kl 18:00
Torsdag letta regjeringa på ein del korona-restriksjonar, og no kan dei yngre fotballspelarane litt etter litt vende tilbake til Volda stadion.
Publisert: 09.05.2020 kl 15:00
Torsdag 7. mai skulle det vere regnbogemesse i Ørsta kyrkje for fyrste gong. Slik vart det ikkje, men torsdag kom sokneprest i Ørsta, Arne Moltubak med ei helsing til festivaldeltakarane.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 09.05.2020 kl 13:00
Volda kommune vurderer å søkje på koronapengar som er sett av til flaumsikring for å ferdigstille sikringa av elvane i Volda sentrum.
Publisert: 09.05.2020 kl 10:00
Rotlaus AS søkjer Ørsta kommune om stønad til skredutgreiing og detaljkartlegging for å utvide bygget dei no oppheld seg i, for det har blitt for lite.
Publisert: 09.05.2020 kl 07:00
Næringslivet i Ørsta kommune opplev store utfordringar i drifta etter koronautbrotet, og det er dei små som slit mest. Kommunestyret vil løyve éin million kroner frå næringsfondet for å hjelpe næringslivet.
Publisert: 08.05.2020 kl 18:00
Volda folkebibliotek opnar måndag 11. mai, og Hornindal bibliotek onsdag 13. mai, men det vil vere ein del restriksjonar.
Publisert: 08.05.2020 kl 15:30 - Oppdatert: 08.05.2020 kl 15:31
I dag, 8. mai, er det 75 år sidan dei tyske militære styrkane kapitulerte. I Volda braut jubelen laust med tog og feiring i gatene. Ove Krumsvik har samla saman video og bilete og laga ein flott film frå maidagane i Volda, 1945.
Publisert: 08.05.2020 kl 15:00
På nytt har Tussa vunne prisen for å ha beste kundeservice i Noreg i kategorien energi. Sist Tussa vann den gjeve prisen var i 2017 og i 2019.
Publisert: 08.05.2020 kl 13:47
- At samfunnet opnar meir opp til ein meir normal situasjon, er eit resultat av at vi har følgt dei råd og pålegg som er gitt. Men det tyder ikkje at vi skal gje slepp på dei gode hygienevanane vi har lagt oss til, oppmodar smittevernlege i Volda kommune, Bent Ingebrigtsen.
Publisert: 08.05.2020 kl 12:56
Ordførar Sølvi Dimmen seier dei fleste skulane i Volda kommune opnar måndag. Unntaket er sentrumsskulane, som får ei meir stegvis opning.
Publisert: 08.05.2020 kl 13:00
Byggjenemnda er orienterte om at arbeidet med ny ungdomsskule ikkje er særleg råka av koronakrisa, og at arbeidet med konkurransegrunnlaget for anbodsprosessen er i full gang.
Publisert: 08.05.2020 kl 07:00
Volda kyrkjelege fellesråd har fått prinsippgodkjenning frå Riksantikvaren til å leggje rullestolrampe ved hovudinngangen til Volda kyrkje.
Publisert: 07.05.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 07.05.2020 kl 19:37
Tenesteutvalet for forvaltning og utvikling i Volda kommune har utsett handsaminga av skiltplan i høve betalingsparkering ved Høgskulen. Dei vil at HVO og Statsbygg skal sjå på andre alternativ til betalingsparkering for å få kontroll på parkeringssituasjonen på høgskuleområdet.
Publisert: 07.05.2020 kl 16:28
Statsminister Erna Solberg og statsrådene Bent Høie, Guri Melby, Kjell Ingolf Ropstad, Henrik Asheim og Abid Raja inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen og gradvis gjenåpning av samfunnet.
Publisert: 07.05.2020 kl 17:00 - Oppdatert: 07.05.2020 kl 19:36
Helse Møre og Romsdal vurderer å innføre betalingsparkering ved Volda sjukehus. – Vi får tilbakemeldingar frå pasientar som ikkje greier å finne parkering når dei skal møte til time, og då må vi vurdere korleis vi kan løyse problemet, seier Knut Nautvik.
Publisert: 07.05.2020 kl 15:00
Fleirtalet i formannskapet er positive til at Retail Eiendom AS skal få byggje ny Rema 1000-butikk på Øvre Rotset. Men framleis står det att avklaringar med andre grunneigarar i området.
Publisert: 07.05.2020 kl 13:50 - Oppdatert: 07.05.2020 kl 13:50
Følg høgdepunkta på nasjonaldagen direkte på Facebook og på Mre.no. Tussa vil vere til stades med kamerateam på markeringar i dei sju kommunane på søre Sunnmøre, og viser korps, paradar, helsingar frå ordførarar og russepresidentar og mykje meir i ei direktesending leia av Thomas Ryste,...
Publisert: 07.05.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 07.05.2020 kl 13:03
Styreleiar i VCA AS, Arild Bakke, seier den nye idrettshallen er bygd med tanke på sambruk med eit symjeanlegg, og inviterer byggjenemnda, kommuneadministrasjonen og Stiftinga Voldabadet til eit møte for å oppklare eventuelle mistydingar. – Det kan vere på høg tid at alle gode krefter...
Publisert: 07.05.2020 kl 11:00
Retail AS søkjer Volda kommune om dispensasjon for å få byggje ny Rema 1000-butikk på Øvre Rotset. Men butikken på Spinneriet skal halde fram.
Publisert: 07.05.2020 kl 12:00 - Oppdatert: 07.05.2020 kl 13:04
Det vart ein lang debatt i den kommunale byggenemnda om moglegheitene for å kople eit symjeanlegg på idrettshallen. Uno Lundberg fryktar ein må rive ned for å bygge opp igjen dersom ein skal få til ei effektiv samankopling. – Bør vi ikkje heller sjå på kva tilpassingar som kan gjerast no?
Publisert: 07.05.2020 kl 07:00
I konkurranse med nærare 150 andre søkjarar var Louise Engeseth ein av mottakarane av TEFT-stipend 2020 frå Sparebanken Møre. Saman med 15 andre unge talent mottok dei i år til saman 800.000 kroner i TEFT-stipend.
Publisert: 06.05.2020 kl 18:00
Ei avtale mellom Circle K Norge og DHL Express gjer at privatpersonar no kan hente pakkar ved stasjonar over heile landet. Fem stasjonar i Møre og Romsdal er med på avtalen.
Publisert: 06.05.2020 kl 14:34
Stortingsrepresentant Trond Giske (Ap) slår eit slag for lokalavisene i ein ny kronikk.
Publisert: 06.05.2020 kl 12:50 - Oppdatert: 06.05.2020 kl 12:53
Vår og haustbilete frå høvesvis Bjørkedalen og Hovdevatnet skal pryde den nye renovasjonsbilen til Volda og Ørsta Reinhaldsverk.