Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 02.05.2020 kl 07:00
Dette spørsmålet kom opp då Ørsta formannskap handsama ei sak om fuktskadar ved Ørsta ungdomsskule. Kommunen må ut med 1,8 millionar kroner for å rette opp i problemet, då forsikringa ikkje dekkjer ei krone.
Publisert: 01.05.2020 kl 20:00
- Eg likar å utforske dei mørke sidene. Leitar ein med «lommelykt» i mørkeret finn ein mykje spennande, seier kunstnar Marius Konrad Vartdal. Koronatida har gitt han inspirasjon til å skape dramatiske bilde.
Publisert: 01.05.2020 kl 18:00
Ein sein start på sesongen og tidleg stenging som følgje av korona har gitt Volda skisenter økonomiske problem.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 01.05.2020 kl 15:00
Anne-Lise Fredly er fast kunde hos frisør Hilde Britt Kviebakk. Ho var ein av dei første kundane etter nyopninga med dei nye smittevernreglane. Stamkunden stolar på dei tiltaka salongen har sett i verk.
Publisert: 01.05.2020 kl 13:00
Det nærmar seg: 1. mai startar Stikk UT!-sesongen 2020! I år med heile 436 turmål i 24 av kommunane i Møre og Romsdal. Frå i år er også Sykkylven og Vanylven med, i alt blir det 220 turmål å velje i på Sunnmøre.
Publisert: 01.05.2020 kl 07:00
Natt til 1. mai startar russetida offisielt, men i år vert det ei russetid utanom det vanlege. No håpar russen i Volda og Ørsta på å utsetje den tradisjonsrike feiringa til midten av juni.
Publisert: 01.05.2020 kl 07:36
Ørsta: Politiet måtte ordne opp i fleire forhold natt til 1. mai.
Publisert: 01.05.2020 kl 08:14
Trond Arne Aglen (49) er tilsett som kommunedirektør i Herøy kommune. Han går frå stillinga som kommunaldirektør i Sande kommune.
Publisert: 01.05.2020 kl 08:00
Arrangørane av Raumarokk 2020 avlyser årets festival på grunn av at det ikkje er mogleg økonomisk å gjennomføre festivalen.
Publisert: 30.04.2020 kl 18:50 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 18:52
Ein mann i 20 åra fekk bot for å ha urinert på ein politibil i Ørsta sist helg.
Publisert: 30.04.2020 kl 18:00
VTI Langrenn og Skiskyting ber Volda kommune om refusjon av kostnadane dei har hatt med asfaltering av parkeringsplassen på Reset i 2018.
Publisert: 30.04.2020 kl 16:04
Ordførar Sølvi Dimmen håpar folk tenker smittevern medan dei kosar seg i sola. - Det er greit å samlast i små grupper, men ein må vere bevisste på smittevernreglane.
Publisert: 30.04.2020 kl 15:40
Volda kommune har oppmoda til at fleire testar seg for koronasmitte, og mange har teke kontakt. Berre torsdag har 30 nye personar blitt testa.
Publisert: 30.04.2020 kl 14:45 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 14:47
I dag, torsdag, er det teke 11 koronaprøver i Ørsta. Dei 17 prøvene som vart teke måndag og tysdag var negative. Til saman er det teke 238 prøver i Ørsta, men i tida framover kan enda fleire bli testa.
Publisert: 30.04.2020 kl 11:50 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 12:51
Torsdag i 11.45-tida køyrde ein bil inn i veggen på Spinneriet i Volda.
Publisert: 30.04.2020 kl 13:50
Volda kommune melder at vegen over Aldalen er opna frå kl. 13 torsdag ettermiddag.
Publisert: 30.04.2020 kl 11:48
Volda kommune melder at til saman 305 personar er testa for koronasmitte i Volda, og det er ikkje registert nye tilfelle.
Publisert: 30.04.2020 kl 13:05 - Oppdatert: 30.04.2020 kl 13:13
Widerøe starta onsdag eit omfattande arbeid med å redusere tal på salbare seter til 50% på alle Widerøes ruteflygingar. Ein må difor rekne med at det vert færre billettar til høgare pris, og mogleg reduserte avgangar, ei tid framover.
Publisert: 30.04.2020 kl 10:33
Både E39 gjennom Volda sentrum og E39 frå Grodås til Kvivstunnelen skal få ny asfalt når Statens vegvesen set i gang årets asfalt-sesong.
Publisert: 30.04.2020 kl 07:00
Trubadur Sigbjørn «Siggen» Follestad gleda bebuarane ved omsorgssenteret og Fjordsyn med utekonsert i sola tysdag. – Endeleg skjer det noko igjen, jubla bebuarane.
Publisert: 29.04.2020 kl 18:00
Ei utsetting av EU sitt nye regelverk for regional statsstøtte kan føre til at næringslivet i «gamle» Hornindal slepp å få auka arbeidsgjevaravgift.
Publisert: 29.04.2020 kl 15:57
I dag, onsdag, er det teke sju koronaprøver i Ørsta. Kommunen ventar svar på den fem prøvene frå i går.
Publisert: 29.04.2020 kl 15:43
Odd Magne Vinjevoll informerte om stoda i næringslivet etter koronautbrotet i formannskapet tysdag. – Situasjonen er dramatisk for fleire. Mange er bekymra for drifta si framover og det er dei små bedriftene som slit mest.
Publisert: 29.04.2020 kl 15:38
Statens vegvesen har inngått kontrakt med arbeidsfellesskapet Dr.techn. Olav Olsen og Norconsult for utvikling av prosjekteringsgrunnlag for tre planlagde brukryssingar over Halsafjorden, Sulafjorden og Vartdalsfjorden.
Publisert: 29.04.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 29.04.2020 kl 15:11
Volda Filmteater nyttar korona-tida til oppussing av salongen, og håper folk finn vegen tilbake til kinosalen når restriksjonane lettar.