Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 18.04.2020 kl 18:00
Styringsgruppa i hovudprosjektet for Volda Kunnskapspark fekk 1. april orientering om funna i rapporten om tilstand på armering i Ivar Aasen-huset på høgskuleområdet.
Publisert: 18.04.2020 kl 14:00
Kommunane landet over ventar no på nye retningslinjer frå kulturministeren i høve korleis ein kan arrangere ei forsvarleg 17.mai-feiring. I Ørsta veit dei enno ikkje korleis feiringa skal foregå.
Publisert: 18.04.2020 kl 12:25
Ved Volda sjukehus er det berre ein innlagd pasient med korona.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.04.2020 kl 07:00
Dei tilsette i Øyra barnehage har dei siste dagane stått på for å klargjere barnehagen for opning på måndag. – Vi gjer det vi kan for at det skal vere trygt å kome tilbake i barnehagen, og gler oss til å ta i mot borna igjen, seier barnehageleiar Anne Grete Eiken.
Publisert: 17.04.2020 kl 18:00
Volda Røde Kors Hjelpekorps har fått sponsa 30 feltsenger med Sparebank 1 Søre Sunnmøre, til bruk under korona-krisa eller andre hendingar som krev alternativ innkvartering for mange personar.
Publisert: 17.04.2020 kl 16:25 - Oppdatert: 17.04.2020 kl 17:04
Skulesjefen i Volda meiner det ikkje er grunn til uro for smittespreiing frå pasientar ved legekontoret som er plassert ved nye Øyra skule når småskulen opnar att 27. april.
Publisert: 17.04.2020 kl 15:49
Etter stenginga av alle publikumsmottak i politiet 13. mars, startar Møre og Romsdal politidistrikt komande mandag ei gradvis gjenopning av publikumsmottaka i distriktet.
Publisert: 17.04.2020 kl 15:33
Statens vegvesen held framleis trafikkstasjonane stengt inntil vidare for å grense koronasmitte, men frå neste veke kan ein bestille time for teoriprøve og skranketenester.
Publisert: 17.04.2020 kl 14:52
Dei kommunale barnehagane i Volda opnar tysdag 21.04, unnateke Austefjord barnehage som opnar måndag. Inntil vidare vert dei ytre rammene for opningstid 08.00 – 15.00, medan barna vil få tilbod om opphaldstid seks timar per dag.
Publisert: 17.04.2020 kl 11:45 - Oppdatert: 17.04.2020 kl 15:35
Det har no gått 23 dagar sidan sist det vart påvist korona-smitte i Ørsta, men det betyr ikkje at der ikkje finnast mørketal. Talet på positive prøver i Ørsta er seks totalt.
Publisert: 17.04.2020 kl 11:35
Helse Møre og Romsdal melder at status for koronapasientane ved sjukehusa i fylket er uendra.
Publisert: 17.04.2020 kl 09:48
Majorstuen har gitt ut sju tidlegare album, og dei har henta heim ein Spellemannpris. Det nye albumet «Jubel» feirar jubileet, men er også eit farvel frå bandet.
Publisert: 17.04.2020 kl 07:00
Redningspakken frå regjeringa hjelp ikkje alpinanlegga, som har måtte stengje drifta midt i høgsesongen. Den pålagde stenginga gjev store økonomiske konsekvensar for Volda skisenter.
Publisert: 16.04.2020 kl 18:00
Ein mann i starten av 50-åra er sikta for å ha truga ei kvinne. Han sa han skulle drepe ho, at han bestemte når dette skulle skje og i tillegg sende han eit foto av ein pistol.
Publisert: 16.04.2020 kl 16:36
TV2-profil Synnøve Hjelle Halkjelsvik frå Volda er tilsett som ny presseansvarleg i Storebrand, og blir sentral i arbeidet med å styrke selskapet sin posisjon blant spare- og pensjonskundar.
Publisert: 16.04.2020 kl 14:23
Tida er inne for vårskisesongen og det er utsikter til godt ver dei neste dagane. Samstundes er det meldt høg skredfare, og politiet oppmodar no om at ein tek kloke val for trygg ferdsle i toppturterrenget i tida framover.
Publisert: 16.04.2020 kl 11:14
Helse Møre og Romsdal melder at koronapasienten ved Volda sjukehus framleis ligg på intensivavdelinga, men at pasienten er i betring.
Publisert: 16.04.2020 kl 11:35 - Oppdatert: 16.04.2020 kl 11:39
- I går, 15. april, vart det ikkje tatt prøver, melder Volda kommune.
Publisert: 16.04.2020 kl 10:45 - Oppdatert: 16.04.2020 kl 10:53
- Når vi no aukar aktiviteten, vil det vere eigne rutinar for å gjere dette på ein trygg og god måte, seier adm. dir. i Helse Møre og Romsdal Øyvind Bakke.
Publisert: 16.04.2020 kl 09:55 - Oppdatert: 16.04.2020 kl 09:58
Ørsta kommune har fått svar på fire av ni koronaprøver som er teke denne veka. Desse testane var negative. Talet på smitta er førebels uendra.
Publisert: 16.04.2020 kl 07:00
Frå og med torsdag, 16. april, opnar familievernkontor landet over gradvis for rettleiing og mekling ansikt til ansikt.
Publisert: 15.04.2020 kl 22:50 - Oppdatert: 16.04.2020 kl 08:19
I høve opning av barnehagar rår kunnskapsminister Guri Melby foreldre og tilsette om å lytte til faglege råd. Med det meiner ho at det ikkje er grunn for uro rundt å sende bar na på barnehage frå 20. april.
Publisert: 15.04.2020 kl 18:00
Sidan slutten av mars har Nynorsk kultursentrum publisert tekstar frå ulike kunstnarar som set ord på koronakrisa, under overskrifta «Aleine saman». Det nasjonale prosjektet dokumenterer det som skjer i samfunnet ved hjelp av kunst og tekst, og har blitt ein suksess.
Publisert: 15.04.2020 kl 14:20 - Oppdatert: 15.04.2020 kl 14:22
Ørsta og Volda kommunar har i dag endra statistikken sin for smittetilfelle. Ørsta kommune går frå fem til seks tilfelle. Volda kommune går fra seks til fem tilfelle.
Publisert: 15.04.2020 kl 14:50 - Oppdatert: 15.04.2020 kl 15:42
Volda kommune melder at dei har fått ti nye prøvesvar, alle negative. Dermed er det ikkje registrert nye koronasmitta i Volda.