Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 10.03.2020 kl 16:17
Politiet sin nettpatrulje i Møre og Romsdal har fått inn tips om at det nærast dagleg er vaksne som sel vaping-juice med nikotin til mindreårige heilt ned i 13-årsalderen ved Esso-området i Ørsta.
Publisert: 10.03.2020 kl 11:12
To har testa negativt for koronavirus i Volda, men må halde seg i karanten, og to venter på svar.
Publisert: 10.03.2020 kl 07:00
For første gong vart Ørstahallen nytta som arena for ein regional klatrecup. Det deltok ikkje så mange som arrangørane hadde yngst seg, men det var kjekt for dei som var med. Klatreklubben Sunnmørsk Klatreklubb i Ørsta er mellom dei største i landet med sine 600 medlemmer.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 09.03.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 10.03.2020 kl 09:28
Hovudbodskapen i 8. mars toget i Volda og Ørsta i år, var å setje fokus på kor dårleg kvinnene er representerte i Volda kommunestyre.
Publisert: 09.03.2020 kl 12:55 - Oppdatert: 10.03.2020 kl 00:27
Fire personar er sett i heimekarantene i Volda. Ein av dei er fastlege i Volda.
Publisert: 09.03.2020 kl 12:50
Representantar frå Volda sjukehus, Høgskulen i Volda, fleire Sunnmørskommunar og lokalt næringsliv har alle skrive under på eit protestbrev mot rutekutta på Ørsta/Volda lufthamn Hovden. – Vi opplever nok ein gong at myndigheitene stikk kjeppar i hjula for distrikta.
Publisert: 09.03.2020 kl 14:36
UP skreiv ut åtte fartsbøter under ein trafikkontroll i Åmdalen måndag formiddag.
Publisert: 09.03.2020 kl 07:00
Studentkantina i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda har starta med sal av berekraftig mat frå Bazeat. – Det er blitt veldig godt motteke, seier kantineleiar Trond Bratteberg.
Publisert: 09.03.2020 kl 10:40 - Oppdatert: 09.03.2020 kl 10:41
Tre bilførarar fekk bøter for manglande sikring av barn i bilen under ein trafikkontroll i Ørsta.
Publisert: 08.03.2020 kl 19:45 - Oppdatert: 08.03.2020 kl 19:51
Tormod Eldholm seier at redningsaksjonen på Eidskyrkja laurdag var den tøffaste på Sunnmøre på veldig mange år. Og det var berre flaks at det vart eit positivt utfall.
Publisert: 08.03.2020 kl 18:00
Bertel O. Steen har flytta inn i nye lokale på Mosflata i Ørsta. Her har dei fått 2.500 kvadratmeter boltreplass, og dei ser lyst på framtida.
Publisert: 08.03.2020 kl 17:00 - Oppdatert: 08.03.2020 kl 17:02
For tredje heimekamp på rad fekk dei 300 på tribuna ei minneverdig avslutning på heimesesongen då Volda møtte trondeimslaget Charlottenlund i Voldahallen søndag.
Publisert: 08.03.2020 kl 13:00
- Regjeringa sitt forslag sikrar ikkje aktivitet ved tingretten i Volda. Dei legg opp til ein langsam død, i staden for ein brå død slik domstolkommisjonen gjorde, seier sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik.
Publisert: 08.03.2020 kl 07:00
To kvinner frå Austefjorden står i desse dagar sentralt i arbeidet med å opplyse Norges befolkning om det nye koronaviruset. Eline Korsnes Sundal og Birgitte Elise Bøen er kommunikasjonsrådgjevar og seniorrådgjevar i Helsedirektoratet.
Publisert: 08.03.2020 kl 00:44
I 03-tida natt til søndag melde politiet at redningsaksjonen på Eidskyrkja var over.
Publisert: 07.03.2020 kl 22:20 - Oppdatert: 07.03.2020 kl 22:33
Dramatisk redningsoperasjon: Redningsgruppa og den redda gruppa på tre personar, har bestemt seg for å grave seg ned, før dei startar turen ned.
Publisert: 07.03.2020 kl 21:25 - Oppdatert: 07.03.2020 kl 22:27
Politiet melder at redningsmannskapa har funne dei tre verfaste personane på toppen av Eidskyrkja.
Publisert: 07.03.2020 kl 21:05 - Oppdatert: 07.03.2020 kl 22:27
Kl. 20.53 melde Politiet på Twitter at redningsmannskapa har nådd toppen av Eidskyrkja.
Publisert: 07.03.2020 kl 19:55 - Oppdatert: 08.03.2020 kl 19:46
Laurdag kveld: Volda Røde Kors Hjelpekorps tek seg fram mot Eidskyrkja både frå Grøndalen og Skinnvikdalen.
Publisert: 07.03.2020 kl 17:30 - Oppdatert: 08.03.2020 kl 19:46
Laurdag vart tre personar overraska av veret då dei var på tur til Eidskyrkja (1482) i Volda.
Publisert: 07.03.2020 kl 18:13
I 16-tida laurdag køyrde ein bil utfor vegen og inn i autoveret i Ørsta.
Publisert: 07.03.2020 kl 18:00
Volda formannskap lånar vekk festflaggstenger i sentrum til Pride, men 8. mai vil dei berre sjå det norske flagget vaie i vinden frå offentlege flaggstenger.
Publisert: 07.03.2020 kl 16:00
Voldadamene spelar søndag sin siste heimekamp denne sesongen og det er trondheimslaget Charlottenlund som kjem på besøk i Voldahallen. Trønderane står med tre sigrar på rad og er eit lag som svingar i prestasjonane. Sist laga møttest imponerte Volda med å vinne med ti mål i Trondheim.
Publisert: 07.03.2020 kl 11:00
OnklP har i 15 år levert songar som heile Noreg diggar, ler og grin til. Fredag 17. april entrar han storscena i Propellhallen, med gamle klassikarar frå tida med Jaa9, De Fjerne Slektningene, Hver Gang Vi Møtes til rykande ferske låtar frå det nye albumet «Pål Tøien» som kom ut for kun ei...
Publisert: 07.03.2020 kl 10:00
Under årsmøtet til Volda skulekorps vart det tatt opp fleire problem i korpset, eit av dei var at korpset er i ferd med å miste medlemmar. Og utan medlemmar vert det lite musikk. Men Volda skulekorps gir ikkje opp.