Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 21.02.2020 kl 18:00
Som generalsponsor for VTI Fotball har Sparebank 1 Søre Sunnmøre no fått namnet sitt på fotballhallen på stadion.
Publisert: 21.02.2020 kl 15:45 - Oppdatert: 21.02.2020 kl 15:48
To månadar før K.A Aurstad gjekk konkurs i desember 2018, selde dei maskinar og utstyr til systerselskapet Aurstad Maskinutleige AS. Nettavisa nett.no har ein artikkel der bustyrar meiner maskinane vart selde til underpris. Det har ført til at bustyret har meldt forholdet til økokrim.
Publisert: 21.02.2020 kl 15:45 - Oppdatert: 21.02.2020 kl 15:49
– Vi køyrde ein open prosess rundt salet og kjøpet av maskinene. At vi no vert meldt for eit mogleg straffbart forhold som er under etterforsking, overraskar oss, seier Jo Stian Tverberg.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 21.02.2020 kl 14:54
I dag, fredag 21. februar, fyller Hans Majestet Kong Harald V 83 år. Volda kommune markerte den offentlege flaggdagen, men møtte på eit uventa problem:
Publisert: 21.02.2020 kl 13:30
I kommunestyret kom Raudt med forslag om å kutte i ordførarløna i Volda kommune. – Det er riktig å syne moderasjon i politikargodtgjersle når vi pålegg andre å spare, meiner Gudrun Kløve Juuhl.
Publisert: 21.02.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 21.02.2020 kl 07:53
Etter snart 40 år flyttar Interoptik Nymark til Hamnegata i Volda.
Publisert: 20.02.2020 kl 18:00
I samarbeid med animasjonslinja på Høgskulen i Volda, feira Volda Filmteater med to framsyningar av Flåklypa Grand Prix i den restaurerte, sylskarpe versjonen, måndag 17. februar. Denne dagen hadde ein av dei aller største filmskaparane vi har hatt her i landet, Ivo Caprino, fylt 100 år!
Publisert: 20.02.2020 kl 13:00
Ein rapport frå Nordplan seier tydeleg at det ikkje er plass til noko kulturhus på ungdomsskuletomta. - Bygging av både skule og kulturhus vil sprenge arealet på tomta, og vil redusere skulen og eit evt. kulturhus si moglegheit for utvikling i framtida.
Publisert: 20.02.2020 kl 10:00 - Oppdatert: 20.02.2020 kl 19:49
Eit veddemål mellom medlemmar i Bratt sykkelklubb, enda til slutt som ein realitet. Anders Eidså måtte halde ord, og sykla seg på sjø.
Publisert: 20.02.2020 kl 07:00
Widerøe har bestemt seg for å kutte i rutetilbodet i heile landet - også på Ørsta Volda lufthamn Hovden.
Publisert: 19.02.2020 kl 12:55 - Oppdatert: 19.02.2020 kl 13:28
Andre Årseth (10D), Hedda Øvereng (10C) og Line Lidarende (10A) representerer Volda ungdomsskule i Klassequizen. Dei vert å høyre på NRK Møre og Romsdal si sending i dag.
Publisert: 19.02.2020 kl 12:42
Kommunestyret vil ha ei ekstern evaluering av det interkommunale samarbeidet om PP-tenesta. – Dette er ei teneste som skal ta vare på dei aller, aller svakaste blant oss, og vi har fått blanda tilbakemeldingar frå brukarane, seier leiar i TOK, Rebecca Riise Bjerknes.
Publisert: 19.02.2020 kl 07:00
Ørsta kommunestyre har vedteke å endre rådmann-tittelen til kommunedirektør. – Slike yrkestitlar sender eit signal som vi ikkje ynskjer oss i ei likestilt kommune, seier Marit Aklestad (SV).
Publisert: 18.02.2020 kl 22:50 - Oppdatert: 18.02.2020 kl 22:50
Politiet melder om ein hund som spring laus på Urke. Truleg ein irsk setter.
Publisert: 18.02.2020 kl 19:00 - Oppdatert: 18.02.2020 kl 20:27
Ved Volda ungdomsskule er det tydelege spor etter leik med eld.
Publisert: 18.02.2020 kl 19:59
Ti sjåførar fekk fartsbøter då politiet hadde fartskontroll i Eiksundtunnelen tysdag kveld.
Publisert: 18.02.2020 kl 18:00
Kommunestyret gjorde heilomvending i høve vedtaket i formannskapet, og vil ikkje gje midlar til arbeidet med kommunedelplan og konsekvensutgreiing for bru over Voldsfjorden.
Publisert: 18.02.2020 kl 16:27
Statsminister Erna Solberg (H) seier regjeringa kjem til å leggje bort eit omstridd forslag om endringar i vasskraftskatt som ville ha teke frå kommunane vasskraftinntekter på 3,7 milliardar kroner.
Publisert: 18.02.2020 kl 13:00
Gleda over nypreparert skiløype ut til Åmskaret vart kortvarig for Eirik Osborg Kvammen 12. februar. Før han fekk spent på seg skia hadde nokon leika seg i løypa med ATV.
Publisert: 18.02.2020 kl 11:54
Etter at Widerøe varslar reduksjon av flyrutetilbodet, spør Fredric Holen Bjørdal (Ap) om kva grep regjeringa vil ta for å sikre flytilbod i distrikta. - Dei siste åra er det blitt dyrare å pendle med bil, og ferjeprisane har stige kraftig. Folk i distrikta toler ikkje eit svekkja flytilbod i...
Publisert: 17.02.2020 kl 11:46
Widerøe kuttar ein dagleg avgang frå Oslo til Hovden og ein dagleg avgang frå Hovden til Oslo frå 1. april.
Publisert: 17.02.2020 kl 18:00
Kommunalsjef oppvekst i Volda kommune, Per Ivar Kongsvik, går no inn for at alle elevane ved Bratteberg og Vikebygda skular skal samlast ved Bratteberg skule frå 01.08.2020.
Publisert: 04.02.2020 kl 18:00 - Oppdatert: 17.02.2020 kl 13:05
Flåklypa Grand Prix frå 1975 er den desidert mest sette filmen på norsk kino. Over fem millionar publikummarar har løyst billett for å sjå den, og no har voldingane sjansen igjen.
Publisert: 17.02.2020 kl 07:00
Rådmann Wenche Solheim orienterte Ørsta kommunestyre om framgang i saka på førre møte torsdag. Det har vore sju møter i skule-saka til no, med eigedomsavdelinga, rektor, styret, arkitekt og prosjektleiar. Dei jobbar med å byggje ny barneskule med barnehage på bakgrunn av oppdrag frå...
Publisert: 16.02.2020 kl 18:21
Voldatrenar Halldor S.Haraldsson var klar på at skulle det bli siger mot tabelltoar Flint Tønsberg så måtte Volda prestere årsbeste.