Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 03.11.2019 kl 13:00
Idrettsrådet i Nye Volda gjer ny symjehall til si høgste prioritet. – Det er full semje om at dette er den viktigaste saka for idretten, og vi vil inn og vere med i planlegginga så snart som mogleg, seier styreleiar Olav Fure.
Publisert: 03.11.2019 kl 07:00
Kommunestyret i Ørsta gav torsdag eit samrøystes ja til felles legevakt med Volda kommune frå september 2020 i Hovdebygda. Ordninga gjeld kveld, helg, natt og høgtid.
Publisert: 02.11.2019 kl 18:00
Statens vegvesen, med fleire, kan krevje ISO-sertifisering frå entreprenørar som ynskjer å levere tilbod på ulike jobbar. Få mindre entreprenørar har slik sertifisering, men Volda Maskin AS har no fått sertifisering på plass.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 02.11.2019 kl 16:00
– Resultatmessig er dette det beste kvartalet vårt i 2019. Vi veks og får stadig nye kundar, og vi har god kontroll på kostnadene samtidig som vi investerer i kompetanse og tenester som gir endå betre kundeopplevingar, seier Mette Ryste og Hege Karete Hamre i Sparebanken Møre.
Publisert: 02.11.2019 kl 13:43
Politiet melder at dei har stoppa ein stolen bil på Kvivsvegen. Føraren var også i besittelse av narkotika, og erkjende at han køyrde i påverka tilstand.
Publisert: 02.11.2019 kl 13:00
Raudt Volda meiner forslaget om at kommunen skal kjøpe den kommersielle barnehagen på Bratteberg, må ut på høyring før det skal til politisk handsaming.
Publisert: 02.11.2019 kl 07:00
Coop Marknad i Hornindal har no blitt Coop Prix. Innbyggjarar, butikkarbeidarane og ordføraren er begeistra over den nye butikken sin – som både er moderne, framtidsretta og har eit større utval.
Publisert: 01.11.2019 kl 17:05 - Oppdatert: 01.11.2019 kl 17:48
- Eg skjønar inderleg godt at FrP no innser at dei må byggjast opp igjen med mellom anna ny leiing og ny pressetalsmann, men slike vondsinna pressemeldingar som er sendt ut frå dei no, er neppe eit bidrag til positiv partioppbygging, seier Odd A. Folkestad til pressemeldinga som FrP har gitt ut.
Publisert: 01.11.2019 kl 16:45 - Oppdatert: 01.11.2019 kl 17:49
Volda FrP registrerer med stigande undring Odd A. Folkestad, Voldalista og Venstre si framstilling av hendingar og avtalar knytt til kommunevalet og konstituering av dei politiske organa i Volda.
Publisert: 01.11.2019 kl 18:00
Tradisjonen tru vart det arrangert Halloween-fest for elevane på Mork skule også i år.
Publisert: 01.11.2019 kl 16:25 - Oppdatert: 04.11.2019 kl 09:56
Møre og Romsdal politidistrikt har sett ned ei gruppe som skal gå gjennom alle anmeldingar frå NAV Kontroll knytt til trygdeytingar og utanlandsopphald i EU-EØS-området, i perioden frå 1. juni 2012.
Publisert: 01.11.2019 kl 12:45 - Oppdatert: 01.11.2019 kl 14:12
Fleire bilar har vore involverte i ein kollisjon på E39 ved pleieheimen tett utanfor Volda sentrum.
Publisert: 01.11.2019 kl 14:26
Tre bilførarar er anmelde etter grisekøyring i 60-sona på Vartdal.
Publisert: 01.11.2019 kl 11:33
Erik Sætre Hove frå Volda har kome seg til semifinalen i Norske Talenter. I dag, fredag, skal ha på scenen, og han innrømmer til Møre at han er veldig spent.
Publisert: 01.11.2019 kl 07:00
– Så tøft som det er no har ingen kommunar opplevd på mange år. Vi har ikkje klart å omstille oss, og vi må kutte i tenester, tal på tilsette og bruke av fond, sa rådmann Wenche Solheim i budsjettmøtet tysdag.
Publisert: 31.10.2019 kl 18:00
Vegen over Bjørkedalseidet (Brekka) kan verte stengt på kort varsel.
Publisert: 31.10.2019 kl 21:16
Sundag 3/11 held Volda blandakor konsert i Volda kyrkje. Koret har lang tradisjon med song i kyrkja ved ymse høve. Som eit av dei eldste kora i landet med samanhengande drift har koret sunge ved mellom anna julotta i kyrkja i mange, mange år.
Publisert: 31.10.2019 kl 15:10 - Oppdatert: 31.10.2019 kl 15:15
- Vi ser fram til å starte arbeidet med ein ny Bygdepride i mai 2020. Vi har hatt to fantastiske arrangement til no, og er overtydde om at sesong 3 skal verte minst like bra, seier styreleiar i Bygdepride Ørsta/Volda, Anbjørn Steinholm Frislid.
Publisert: 31.10.2019 kl 13:13
Ein delegasjon frå Arbeiderpartiet har vitja Søre Sunnmøre tingrett, der dei fekk tydelege synspunkt på innhaldet i Domstolkommisjonen sin rapport som foreslår at 38 av 60 tingrettar skal leggast ned.
Publisert: 31.10.2019 kl 15:36
Tussa og Sykkylven Energi samarbeider om å levere eit fiberbasert aksessnett til Telia sine mobilmaster i Sykkylven. Avtalen er del av Telia sitt arbeid med å forsterke den norske mobilnettinfrastrukturen.
Publisert: 31.10.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 31.10.2019 kl 19:01
Kishore Gajendra frå India flytta frå storbyen Bangalore til vesle Volda for å studere. Etter kvart ynskte han å utfordre seg sjølv ytterlegare og flytta heilt aleine til ei lita jordgamme i skogen. – Eg har blitt langt sterkare mentalt, fortel Kishore.
Publisert: 31.10.2019 kl 09:21
Volda Hanball gjekk på sitt første tap for sesongen då dei møtte Rælinegn i Ørstahallen.
Publisert: 30.10.2019 kl 18:00 - Oppdatert: 30.10.2019 kl 21:36
Samfunnsutvalet i Ørsta reagerer sterkt og gjev fråsegn til fylkeskommunen sitt nye forslag til ferjeruter i Hjørundfjorden. Torsdag vil kommunestyret kome med si innstilling til saka.
Publisert: 30.10.2019 kl 16:50 - Oppdatert: 30.10.2019 kl 17:07
Onsdag i 16.30-tida rykte Ørsta brann og redning ut til Skeidar i Hovdebygda.
Publisert: 30.10.2019 kl 14:28
Måndag morgon møtte dei tilsette i Ivar Aasen-tunet dårleg nytt i innboksen. Skodespelar Frank Kjosås måtte avlyse dei komande konsertane i Volda, Jølster og Ulvik. Då hasta det å finne ein erstattar. Betre utfall enn Beate Slettevoll Lech, sist kjend frå Stjernekamp, kan ein knapt tenkje...