Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 24.10.2019 kl 15:06
Sølvi Dimmen er valt til første ordførar i nye Volda kommune av konstitueringsmøtet.
Publisert: 24.10.2019 kl 13:15
Det er 1.110 ørstingar som pendlar inn til Volda, medan 754 voldingar pendlar inn til Ørsta.
Publisert: 24.10.2019 kl 07:00
Denne veka er det fem år sidan Janne Moe opna dørene til Sunkost ved Volda Elektriske Mylne. Jubileet vert feira i fem dagar på rad, med mykje konkurransar og aktivitetar i butikken.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 23.10.2019 kl 18:00
KFUM Volda Volleyballspelarane Hedda Jonette Øvereng og Nora Jenny Øvereng var med på det norske U17-landslaget i volleyball som sist veke spelte nordeuropeisk meisterskap i Ikast i Danmark.
Publisert: 23.10.2019 kl 16:25
Onsdag vart årets utgåve av Konjukturbarometeret presentert. Etter to år med høg aktivitet er det meir usikkert om tempoet blir like høgt i 2020.
Publisert: 23.10.2019 kl 14:21
Volda kommune har teke kontakt med Hjartåbygda grendautval for å drøfte ulike løysingar for Aldalen. Tonje Berg Bakkebø i grendautvalet er glad for initiativet:
Publisert: 23.10.2019 kl 07:00
I fjor vart eit gamalt verneverdig hus på Ose frå 1840 gitt vekk for éi krone. Einar Åmås viste spontant si interesse og fekk seinare frakta huset til garden sin i Åmåsen. Det vart gjort eit hastevedtak, og Åmås fekk ei mellombels løyve frå Ørsta kommune til å plassere huset på garden...
Publisert: 23.10.2019 kl 07:55 - Oppdatert: 23.10.2019 kl 07:56
Natt til onsdag var det nokon som letta av eit telefonrør i Kvivsvegtunnelen.
Publisert: 22.10.2019 kl 18:00
Voldingane gav omlag 49 kroner per person. Til saman kom det inn 451.660 kroner. Fleire gav pengar via vipps.
Publisert: 22.10.2019 kl 12:59
Fredag 25. oktober er det markering av den nye beintettleiksmaskina, ein DXA-skannar, ved Volda sjukehus.
Publisert: 22.10.2019 kl 10:21
Politiet har no gått ut med ei oppdatering i samband med trafikkulykka i Austefjorden 20.10.19. Der vert mellom anna namna på dei to omkomne frigitt.
Publisert: 22.10.2019 kl 09:48
I ei fersk undersøking kjem det fram at 1 av 3 synest det er vanskeleg å henge med i den teknologiske utviklinga. Den 24. oktober gjennomfører alle Elkjøp-butikkar «Teknotrøbbeldagen» for å gjere noko med utfordringa.
Publisert: 22.10.2019 kl 07:00
Johan Skår ser fram til å ta i mot besøkjande til Skår både sommar og vinter. Han har mange spennande planar på gong, og vonar at opplevingstilbodet hans kan verte ein del av dei populære reiselivstilboda i Hjørundfjorden.
Publisert: 21.10.2019 kl 18:00
Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) var torsdag til stades under det siste møtet i Fellesnemnda for Nye Volda kommune. Ina Osdal Saure orienterte då om overgangen frå Nordfjord Miljøverk IKS (Nomil) til VØR for husstandane i Hornindal, og poengterte at VØR no er heilt klar til å ta over...
Publisert: 21.10.2019 kl 18:10 - Oppdatert: 21.10.2019 kl 18:15
Hovdebakken: Måndag i 18-tida var det ein påkøyrsel bakfrå i Hovdebakken.
Publisert: 21.10.2019 kl 16:35 - Oppdatert: 21.10.2019 kl 16:37
Måndag kunne politiet opplyse om at to som var med i front mot front-kollisjonen i Austefjorden, er utskrivne frå sjukehus.
Publisert: 21.10.2019 kl 15:20 - Oppdatert: 21.10.2019 kl 15:20
Eit nytt observatorie skal innreiast til teleskop-opninga i november. Dei som har høve denne veka til å hjelpe til med kledning av innerveggar i observatoriet vert inviterte til å vere med på dugnad på Kometland.
Publisert: 21.10.2019 kl 12:58
Av ulike grunnar har Severin Helset og familien no bestemt seg for å selje ut campingområdet på Leitet. I eit brev til Volda kommune tilbyr han området til kommunen og Styrk-Arbeid.
Publisert: 21.10.2019 kl 11:24
Løvland spiseri er eit blikkfang med kvite polkalottar på raudmalte vegger, heimelaga skilt og fargerike bannarar. Den koselege kafeen og restauranten i Hornindal har blitt ein etterlengta møteplass, der folk kan kome å nyte god mat laga frå botnen av eller berre «prate skit».
Publisert: 21.10.2019 kl 07:00
Den nye ungdomsklubben, Ung i Volda, har fått støtte på 25.000 kroner frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
Publisert: 20.10.2019 kl 13:46 - Oppdatert: 21.10.2019 kl 15:43
Politiet har stadfest at ei 62 gammal kvinne døde søndag morgon av skadane ho fekk i ein front-mot-kollisjon på E 39 i Austefjorden i Volda. Kvinna var passasjer i eine av dei to involverte bilane.
Publisert: 20.10.2019 kl 10:44 - Oppdatert: 20.10.2019 kl 21:40
Søndag morgon frontkolliderte to bilar ved Damfosstunnelen i Austefjord. Fleire hardt kritiske skadde personar er frakta til sjukehus i helikopter.
Publisert: 20.10.2019 kl 18:00
Oppsitjarane langs Haslevegen i Ørsta kommune reagerer på den dårlege standarden i delar av Haslevegen. No ber dei kommunen ta tak.
Publisert: 20.10.2019 kl 16:08
Voldadamene sikra seg sin femte siger på rad etter å ha slått Grane,Arendal 31 - 25 på bortebane i helga.
Publisert: 20.10.2019 kl 13:00
Småskulen (1.-4. klasse) i Hornindal har denne veka gjennomført aksjonskafé i høve TV-aksjonen 2019.