Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 05.07.2016 kl 10:21 - Oppdatert: 05.07.2016 kl 10:22
Tilstanden er framleis kritisk, men stabil for ein 14 år gammal gut etter badeulukka i Rotevatnet i Volda mandag kveld.
Publisert: 04.07.2016 kl 20:22 - Oppdatert: 05.07.2016 kl 10:24
Rotevatnet, Volda: Ein ungdom forsvann og vart borte under vatnet ved badeflåten som ligg ved den populære badeplassen Årneset. Personar som var ved badeplassen melde frå til 113 om den moglege drukninga.
Publisert: 04.07.2016 kl 19:57 - Oppdatert: 05.07.2016 kl 11:16
Ein person vart observert under vatnet ved Rotevatnet. Personen er no tatt opp og det pågår livreddande førstehjelp på staden.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 04.07.2016 kl 18:00
Førre veke reiste nærare 60 syriske asylsøkjarar frå Volda statlege mottak til Oslo for å gjennomføre asylintervju. Dei fleste har venta sidan i haust, utan at det har skjedd noko. – Eg er svært glad for at det endeleg skjer noko, seier Hassan Khader (18).
Publisert: 05.07.2016 kl 13:00
Volda kommune førebur no asfaltering av tilkomstvegen og parkeringsplassen ved Årneset, og ein tek sikte på at arbeidet med asfalten vert ferdig i løpet av komande veke.
Publisert: 04.07.2016 kl 15:00 - Oppdatert: 05.07.2016 kl 11:00
Ein feil i radarsystemet ved Gardermoen og Stavanger har gjort at ingen fly har fått ta av i Sør-Noreg sidan klokka 14.05 måndag ettermiddag. Det kan føre til forseinkingar i flytrafikken frå Hovden.
Publisert: 04.07.2016 kl 13:07
Kvart år søkjer rundt 1100 elevar om lærlingplass i Møre og Romsdal, om lag 200 får ikkje plass. No ønskjer Ungdomspanelet å vere med på å sette fokus på problematikken, og er glade for at fylkeskommunen har sett i gang ein lærebedriftsaksjon.
Publisert: 04.07.2016 kl 07:00
Utdanningsnivået til personalet i barnehagen har mykje å seie for korleis barnehagekvardagen blir. Nok pedagogar er svært viktig for å få gjennomført og planlagt alt det usynlege arbeide i barnehagen, seier Liv Ingrid Aske Håberg.
Publisert: 03.07.2016 kl 18:00
Volda kommune varslar om igangsetjing av arbeid med detaljreguleringsplan for Sevrinhaugen/Doktorhaugen, gnr. 19, bnr. 24 mfl.
Publisert: 03.07.2016 kl 13:00
Til hausten skal Statens vegvesen byrje utbetringa av sikkerheita i sju tunnelar på Sunnmøre, og Rotsethorntunnelen er ein av dei. Arbeidet i Rotsethorntunnelen er planlagt å byrje våren 2017.
Publisert: 03.07.2016 kl 07:00
Det er god framdrift i arbeidet kring det planlagde nye mediebygget ved Høgskulen. Nyleg var Høgskulen i møte med Statsbygg, og fekk gode signal ut av dette. – Kunnskapsdepartementet meinte planane såg gode ut, og var positive til prosjektet, seier rektor Johann Roppen.
Publisert: 02.07.2016 kl 13:00
Slik beskriv Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H) vedtaket som vart gjort med 11 røyster mot 6 i Hornindal kommunestyre torsdag kveld. Fleirtalet valte då å gå saman med Volda kommune i staden for Stryn.
Publisert: 02.07.2016 kl 07:00
Fredag sendte statsråd Jan Tore Sanner ut eit brev til samtlige fylkesmenn, der statsråden gjev ei utsetting i arbeidet med kommunereforma.
Publisert: 01.07.2016 kl 18:00
Fungerande fylkesmann Rigmor Brøste informerer at alle 36 kommunane i Møre og Romsdal har gjort endeleg vedtak i kommunereforma innan fristen.
Publisert: 01.07.2016 kl 13:10
Volda KFUK KFUM stilde med rundt 30 speidarar, og den nystarta gruppa i Dalsfjorden hadde med seg 12 speidarar og leiarar då det var arrangert krinsleir for 450 speidarar på Eikrem i Sula kommune.
Publisert: 30.06.2016 kl 18:29 - Oppdatert: 30.06.2016 kl 22:36
Etter eit spennande kommunestyremøte i kommunehuset Smia i Hornindal, sa kommunestyret ja til Volda.
Publisert: 30.06.2016 kl 16:05 - Oppdatert: 30.06.2016 kl 16:28
Kommunestyret i Hornindal vedtok at dei ikkje vil ha folkerøysting.
Publisert: 30.06.2016 kl 10:27
Onsdag ettermiddag vart gruppa "Vi som krev folkerøysting om framtida til Hornindal kommune" oppretta på Facebook. Det førte til ein underskriftsaksjon i Hornindal, og den skal ha samla nok underskrifter til at kommunestyret må vurdere ei folkerøysting i dagens møte.
Publisert: 30.06.2016 kl 07:00
Ved fylkesutvalsmøtet som vart heldt måndag, fekk Høgskulen i Volda tildelt inntil 753 000 kroner i støtte det komande året, som skal gå til eit doktorgradsstipendiat ved Høgskulen. Beløpet vil kunne stige til over tre millionar kroner, sett at prosjektet vert gjennomført.
Publisert: 29.06.2016 kl 13:13
Aksjeutvidinga av Voldsfjordkryssing AS nærmar seg no slutten og siste frist for å teikne aksjar er komande torsdag 30. juni. Styrerepresentant Odd A. Folkestad reknar med ein hektisk innspurt.
Publisert: 28.06.2016 kl 17:43 - Oppdatert: 28.06.2016 kl 23:56
Tysdag: Etter ein lang debatt i Volda kommunestyre er det klart at voldingane sender ein klar og positiv invitasjon til Hornindal om kommunesamanslåing
Publisert: 28.06.2016 kl 13:26 - Oppdatert: 28.06.2016 kl 13:50
Ottar M. Skare og Johnny Kragset trur ei samanslåing med Hornindal kan vere positivt for næringslivet og bustadmarknaden i Volda. – Volda treng entusiasme og Hornindal kan kome inn som eit friskt pust.
Publisert: 28.06.2016 kl 07:00
Då benkar og bord ved Volda Ungdomsskule vart rasert av hærverk, tok flyktningar jobben med å reparere dei.
Publisert: 27.06.2016 kl 16:36
Forfattar og Brann-supporter Atle Berge (30) underheldt fredag FFO-barna på Volda stadion med lesing frå «Alle mann i forsvar» som del av festspela. Og jammen har ikkje Lars Arne Nilsen fått tiki-taka-tilhengjaren til å setje pris på defensiv fotball.
Publisert: 27.06.2016 kl 13:03
Laurdag føremiddag arrangerte Lefdal i Furene tv-spelturnering for vel 30 engasjerte deltakarar.