Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 30.06.2016 kl 10:27
Onsdag ettermiddag vart gruppa "Vi som krev folkerøysting om framtida til Hornindal kommune" oppretta på Facebook. Det førte til ein underskriftsaksjon i Hornindal, og den skal ha samla nok underskrifter til at kommunestyret må vurdere ei folkerøysting i dagens møte.
Publisert: 30.06.2016 kl 07:00
Ved fylkesutvalsmøtet som vart heldt måndag, fekk Høgskulen i Volda tildelt inntil 753 000 kroner i støtte det komande året, som skal gå til eit doktorgradsstipendiat ved Høgskulen. Beløpet vil kunne stige til over tre millionar kroner, sett at prosjektet vert gjennomført.
Publisert: 29.06.2016 kl 13:13
Aksjeutvidinga av Voldsfjordkryssing AS nærmar seg no slutten og siste frist for å teikne aksjar er komande torsdag 30. juni. Styrerepresentant Odd A. Folkestad reknar med ein hektisk innspurt.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 28.06.2016 kl 17:43 - Oppdatert: 28.06.2016 kl 23:56
Tysdag: Etter ein lang debatt i Volda kommunestyre er det klart at voldingane sender ein klar og positiv invitasjon til Hornindal om kommunesamanslåing
Publisert: 28.06.2016 kl 13:26 - Oppdatert: 28.06.2016 kl 13:50
Ottar M. Skare og Johnny Kragset trur ei samanslåing med Hornindal kan vere positivt for næringslivet og bustadmarknaden i Volda. – Volda treng entusiasme og Hornindal kan kome inn som eit friskt pust.
Publisert: 28.06.2016 kl 07:00
Då benkar og bord ved Volda Ungdomsskule vart rasert av hærverk, tok flyktningar jobben med å reparere dei.
Publisert: 27.06.2016 kl 16:36
Forfattar og Brann-supporter Atle Berge (30) underheldt fredag FFO-barna på Volda stadion med lesing frå «Alle mann i forsvar» som del av festspela. Og jammen har ikkje Lars Arne Nilsen fått tiki-taka-tilhengjaren til å setje pris på defensiv fotball.
Publisert: 27.06.2016 kl 13:03
Laurdag føremiddag arrangerte Lefdal i Furene tv-spelturnering for vel 30 engasjerte deltakarar.
Publisert: 27.06.2016 kl 07:00
Dei 100.000 kronene frå Sparebanken Møre gir Volda Røde Kors ein god start på innsamlinga til ny redningsbåt. No er håpet at også bedriftene og privatpersonar hengjer seg på innsamlinga.
Publisert: 26.06.2016 kl 18:00
Robert Botn gav ut debutromanen sin, Tobi Takina: Nidingøye, i 2014. No er han klar med oppfølgjaren.
Publisert: 26.06.2016 kl 13:00
Formannskapet vedtok tysdag samrøystes å godkjenne avtalene med grunneigarane langs Botnavegen.
Publisert: 26.06.2016 kl 07:00
Han byrja å tenkje på det i 1990. Førre helg fullførte voldingen Lars Årsetøy (51) Trondheim - Oslo på under 18 timar.
Publisert: 25.06.2016 kl 18:00 - Oppdatert: 26.06.2016 kl 07:48
Ordførar i Volda, Jørgen Amdam (Ap) synest det er leitt å høyre om kritikken frå Jørgen Holte, men held fast at alle formelle reglar er haldne i samanslåingsprosessen med Hornindal.
Publisert: 25.06.2016 kl 17:58
Medlem i kontrollutvalet i Volda kommune og tidlegare stortingspolitikar for Senterpartiet, Jørgen Holte, meiner prosessen om samanslåing med Hornindal har vore uryddig. – Prosessen har gått heilt over stokk og stein. Eg har ikkje sett noko liknande før.
Publisert: 25.06.2016 kl 11:08
Streiken ved flyplassane i Bergen, Stavanger og Tromsø, får ikkje konsekvensar for Ørsta og Volda lufthamn, Hovden.
Publisert: 25.06.2016 kl 07:00
Voldadamene tek ferie trygt plasserte midt på tabellen, med kortare veg til toppen enn til botnen i 2. divisjon, etter 2-1-sigeren over Træff/Gossen torsdag.
Publisert: 24.06.2016 kl 21:55
Kommunesamanslåing Hornindal: Rådmann Ann Kristin Langeland i Hornindal skriv at det har vore vanskeleg å velje mellom Volda og Stryn. No har ho tvilt seg fram og rår politikarane i Hornindal til å velje Stryn.
Publisert: 24.06.2016 kl 18:00
Formannskapet vil sjå ei utbygging i Bøkevegen-Legene i samanheng med revisjon av kommuneplanen, og utsette tysdag saka.
Publisert: 24.06.2016 kl 19:06
Like før kl. 18 var det kollisjon mellom ein bil og ein MC.
Publisert: 24.06.2016 kl 15:46 - Oppdatert: 24.06.2016 kl 16:00
Jon Hustad legg ikkje skjul på at han ved fleire høve har nytta bokmål. Fredag vart han tildelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.
Publisert: 24.06.2016 kl 15:35 - Oppdatert: 24.06.2016 kl 15:59
Det var Martine Rørstad Sand som vart prisvinnar og årets nynorsbrukar. Prisvinnaren fekk tildelinga under Festspela fredag.
Publisert: 24.06.2016 kl 13:57
Tilsette og bebuarar feira førre veke «nyopninga» av Folkestadtun etter at det har vore pussa opp og måla innvendig.
Publisert: 24.06.2016 kl 07:00
Det var ein gledens dag for syriske Yousef Mousa då han fekk overrekt ein heilt ny landevegssykkel og sykkelutstyr. Den tidlegare aktive landevegsryttaren i Volda har ikkje sykla sidan han forlét Syria.
Publisert: 23.06.2016 kl 18:00
Dei siste dagane har det lege eit stort skip i Voldsfjorden. Skipet har namnet Aker Wayfarer, og er eit ankerhandteringsfarty, eigd av Aker Solutions.
Publisert: 23.06.2016 kl 15:29
To personar er tekne for å bruke mobilen bak rattet i ein trafikkontroll torsdag.