Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 22.06.2015 kl 11:19
Jan Einar Holsen har samla Anders Hovden sine salmar i ei ny salmebok. Torsdag vart boka lansert. – Det kjennest veldig greitt. Det har vore ein lang prosess, eit fem og eit halvt år langt mareritt, spøkjer han.
Publisert: 22.06.2015 kl 10:15 - Oppdatert: 22.06.2015 kl 10:19
Etter at Norges Bank sette ned styringsrenta med 0,25 prosentpoeng sette alle dei tre lokale bankane renta ned med 0,25 prosentpoeng.
Publisert: 22.06.2015 kl 07:00
Sentrumsprosjektet «Mellom bygningane i Volda» er no i ferd med å leggje siste hand på utviklingsplanen for Volda sentrum. 24. juni skal den presenterast.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 19.06.2015 kl 14:48
Kommunestyret samla seg torsdag om å overdra Gamlegymnaset med «Trønderen» og skulehagen til ei stifting som vil ta vare på eigedommen.
Publisert: 19.06.2015 kl 15:12
Nye Munken badeplass er i ferd med å ta form. No er betongdekke støypt på den nye solbryggja.
Publisert: 21.06.2015 kl 07:00
Syngjespelet «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar» var fyrst framført i høve Ørsta kyrkje sitt 150 års jubileum. No stiller dei opp med ny framsyning, under Dei nynorske festspela.
Publisert: 20.06.2015 kl 23:46 - Oppdatert: 21.06.2015 kl 10:04
Laurdag: Kl. 23.26 vart det meldt om hyttebrann i Dalsfjordfjella.
Publisert: 19.06.2015 kl 10:00 - Oppdatert: 19.06.2015 kl 14:14
- Han står parat for alt som må gjerast, og er den første som kjem og den siste som går.
Publisert: 19.06.2015 kl 15:06
Førehandssalet til konserten med D.D.E. i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet larudag 27. juni har vore godt.
Publisert: 20.06.2015 kl 07:00
Voldabandet er i full gong med innspeling av deira andre EP. Laurdag spelar dei på Musikkflekken utanfor Oslo, og ser fram til å vise Austlandspublikummet kva som romsterer i Volda sin undergrunn.
Publisert: 19.06.2015 kl 14:10 - Oppdatert: 19.06.2015 kl 14:14
Til hausten vert det byggjestart for nye Øyra skule.
Publisert: 19.06.2015 kl 10:59
Ørsta kommunestyre har vedteke å busetje 25 flyktningar i 2015 og 27 i 2016.
Publisert: 19.06.2015 kl 10:15
Etter ønske frå handelsstandane i vertskommunane våre, lagar Dei nynorske festspela i år ei konkurranse om beste butikkvindauge.
Publisert: 18.06.2015 kl 09:22 - Oppdatert: 18.06.2015 kl 09:58
Fotballfritidsordninga (FFO) til VTI har vorte ein knallsuksess.
Publisert: 18.06.2015 kl 09:58 - Oppdatert: 18.06.2015 kl 11:02
Bjørke var hovdingsete frå ca 300 e.Kr. Den samanhangande busetnaden på Bjørke og bygdene kring er etter arkeologiske registreringar 2000 år eldre enn før påvist går det fram av boka Indre Hjørundfjords forhistorie, som blir lansert under Midtsumar på Bjørke, laurdag 20 juni.
Publisert: 17.06.2015 kl 14:31
På returpunktet for glas og metall ligg det og flyt boss kvar einaste veke. No ber Asbjørn Humberset folk ta seg saman.
Publisert: 17.06.2015 kl 14:18 - Oppdatert: 17.06.2015 kl 17:28
- Vanlegvis ville eg vore bortimot ferdig med førsteslåtten i desse tider, seier Erling Skarstein, som i staden fyrer i omnen og held ungdyra inne.
Publisert: 17.06.2015 kl 17:09
1. juni starta Mørenett helikoptersynfaring av kraftlinjene i heile konsesjonsområdet. Under synfaringa flyg helikopteret lågt over linjene.
Publisert: 17.06.2015 kl 10:21 - Oppdatert: 17.06.2015 kl 10:39
I morgon opnar Felleskjøpet i nye lokalar i Furene - og sjølvsagt skiltar dei på nynorsk
Publisert: 16.06.2015 kl 15:47
Onsdag hadde fotballklubben i Volda grunnleggjande kurs i hjarte- og lungeredning, og opplæring i bruk av hjartestartar.
Publisert: 16.06.2015 kl 15:31 - Oppdatert: 16.06.2015 kl 15:41
Fagsakshandsamar Toril Moltubakk hos Møre og Romsdal fylkeskommune vil absolutt rå til at Volda kommunestyre overfører heile eigedommen kring Gamlegymnaset til den planlagde stiftinga.
Publisert: 16.06.2015 kl 09:52
Volda Maskin hovudsponsor for fotballen.
Publisert: 16.06.2015 kl 08:54
Det nærmar seg opning av Dei nynorske festspela. Fire stappfulle dagar med opplesingar, konsertar, samtalar og debattar samlar mykje folk, og innsatsen frå frivillige er svært viktig for å få det til å gå rundt.
Publisert: 15.06.2015 kl 15:16 - Oppdatert: 15.06.2015 kl 15:22
Måndag morgon vakna både voldingar og ørstingar til snø på fjelltoppane.
Publisert: 15.06.2015 kl 11:42 - Oppdatert: 15.06.2015 kl 11:43
Dansarane nesten flaug over scena då Ørsta og Volda ballettskule synte fram årets vårshow på Ørsta kulturhus. Det var også mange høge spark, smilande fjes og dansarar som vart løfta høgt opp i lufta av meddansarane sine.