Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 08.07.2015 kl 14:50
Dei tre lokale ekvipasjane hevdar seg godt under Fjordhest NM på Stav. Etter to dagar med konkurransar har dei allereie sanka fleire premiar.
Publisert: 08.07.2015 kl 14:40
Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK) har pålagt Volda kommune å ta imot ein turnuslege frå 1. september 2015. Det er ikkje kommunen klar for.
Publisert: 08.07.2015 kl 11:44 - Oppdatert: 08.07.2015 kl 11:51
- Turlag er ikkje noko ein vanlegvis finn i tilknyting til treningssentera, og eg dristar meg til å tru at vi er det einaste av vårt slag, seier Stine Marie Løvoll.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 07.07.2015 kl 16:15 - Oppdatert: 07.07.2015 kl 16:24
Tunkatten Lurivar har laga sju nye utebibliotek til born på Søre Sunnmøre og i Nordfjord til sommarferien. Prosjektet er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og sju kommunar i regionen i Friluftsåret 2015.
Publisert: 06.07.2015 kl 15:56 - Oppdatert: 06.07.2015 kl 16:07
Førre veke turnerte Volda Vokal i Polen på strekninga frå Gdansk til Warszawa.
Publisert: 07.07.2015 kl 09:11
Den 15. august får kring 400.000 innbyggjarar i Møre og Romsdal og i Nord-Trøndelag eigen kjernejournal.
Publisert: 07.07.2015 kl 07:00
Jonas Kvalen frå Volda og Anders Takvam vann 3 av 4 turneringar i NorgesTour sandvolleyball. Snart er det klart for turnering i Sveits.
Publisert: 06.07.2015 kl 14:02 - Oppdatert: 06.07.2015 kl 14:03
Blues og mektig sunnmørsnatur gjer noko med både artistar og publikum. I helga braka det laust med Trandalblues igjen. Artistar frå inn – og utland opptredde i sjarmerande omgjevnadar på Christian Gaard på Trandal.
Publisert: 06.07.2015 kl 17:31 - Oppdatert: 06.07.2015 kl 17:47
Politiet har rykt ut til ei trafikkulykke i Furene.
Publisert: 06.07.2015 kl 11:44 - Oppdatert: 06.07.2015 kl 11:48
Ørjan Håskjold Nyland sin overgang til tysk fotball gjev Hødd og VTI Fotball ein økonomisk gevinst.
Publisert: 06.07.2015 kl 07:00
Etter fire år utan brannmeister ved Volda brannstasjon, tek Kristian Driveklepp over stillinga frå hausten av.
Publisert: 03.07.2015 kl 13:28
Mange barn og unge hadde møtt fram på Volda Bygdetun tysdag ettermiddag. Der var det duka for fleire spennande aktivitetar.
Publisert: 03.07.2015 kl 15:17 - Oppdatert: 03.07.2015 kl 15:22
Voldaordføraren reagerer på at Domstoladministrasjonen vil innføre felles dommarembete utan politisk handsaming.
Publisert: 03.07.2015 kl 15:25 - Oppdatert: 03.07.2015 kl 16:20
Natur, speidar og hest er Randi Mork (15) sine store interesser. Til veka reiser ho til Stav for å delta på junior NM i fjordhest.
Publisert: 03.07.2015 kl 12:59
Etter eit flott initiativ frå nabo Knut Festø vart det sett i gong dugnad i Røyslidvegen/ Smalebakken 25. og 26. juni.
Publisert: 03.07.2015 kl 15:05 - Oppdatert: 03.07.2015 kl 15:10
- Eg merkar kor kjekt det er å vere her. Sunnmøringane er trivelege folk, seier Terje Kragset, og gler seg til cruiset inn Austefjorden.
Publisert: 04.07.2015 kl 07:00
Kommunen ynskjer respons frå borna på kva som er bra og mindre bra med leikeplassane i Volda. Det er plassert postkasser på fire leikeplassar i håp om at borna vil kome med tilbakemeldingar.
Publisert: 03.07.2015 kl 14:41 - Oppdatert: 03.07.2015 kl 14:49
Fylkesmannen vil overprøve vedtaket i Ørsta kommunestyre.
Publisert: 03.07.2015 kl 09:24 - Oppdatert: 03.07.2015 kl 09:34
Torsdag kom tropevêret, og samtidig forsvann siste rest av snø på Veten.
Publisert: 02.07.2015 kl 13:00 - Oppdatert: 02.07.2015 kl 13:04
I helga deltok Volda sitt gutar 2002-lag saman med om lag 4.500 andre spelarar frå store deler av landet på Lerum Cup i Sogndal. I strålande sommarvêr vart turneringa ei flott oppleving både for spelarar, trenarar og foreldre.
Publisert: 02.07.2015 kl 12:41
Volleyballspelaren Jonas Kvalen (23) frå Volda gjer det godt i sporten og har mykje spanande i vente. Førebels har han vunne to av tre Noregsturneringar denne sommaren.
Publisert: 02.07.2015 kl 15:59
Gradestokken på baksida av Møre sine lokale i Volda sentrum lyg ikkje. Torsdag ettermiddag var det VARMT i Volda!
Publisert: 02.07.2015 kl 09:57
Furene har signert historisk store kontraktar med Nav.
Publisert: 02.07.2015 kl 09:45
Taxisjåførar landet over syklar denne veka 2.600 kilometer til inntekt for kreftforeininga. I går føremiddag tok Volda Taxi over stafettpinnen.
Publisert: 01.07.2015 kl 11:34 - Oppdatert: 01.07.2015 kl 11:40
Frå 25.–28. juni var 270 4H-arar samla på Gjermundnes for å delta på 4H Møre og Romsdal sin fylkesleir. Frå Sunnmøre deltok 130 stykke; dei var frå Kvamsøy, Sykkylven, Ørsta, Valldal, Myrvåg, Hareid, Bjørkedalen og Hellesylt.