Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 06.03.2024 kl 21:05
Den 24. februar fann politiet ein død mann ved Aurstad i Volda.
Publisert: 06.03.2024 kl 18:00
VTI langrenn og skiskyting inviterte resten av Sogn og Fjordane skiskyttarkrins til krinsrenn både laurdag og søndag i helga som var.
Publisert: 06.03.2024 kl 16:00
Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Volda kommune, Jarl Martin Møller, har no sagt opp jobben, og blir ny kommunedirektør i Ulstein til sommaren. – Vi vil takke Møller for innsatsen han har lagt ned. Han har vore ein stor ressurs for Volda kommune, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 06.03.2024 kl 13:00
Kystverket har no saman med kommunane Vanylven, Stad og Kinn, sett opp ei prioriteringsliste over kva næringstiltak som kan få steinmassar frå Stad skipstunnel. Det er store mengder stein som er fordelt.
Publisert: 06.03.2024 kl 09:00
Innføringa av Helseplattforma har allereie byrja å gje seg utslag i lengre ventetid for pasientar ved Volda sjukehus. – Det er stor uvisse for dei tilsette i høve til innføring av Helseplattforma, seier tillitsvald for overlegane ved Volda sjukehus, Eivind Vinjevoll.
Publisert: 06.03.2024 kl 07:00
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, la fredag fram ein ny helse- og samhandlingsplan, der ho lovar litt meir pengar til sjukehusa.
Publisert: 05.03.2024 kl 20:00
Snikkarmeister Ola Åsmund Sætren i Hornindal ynskjer å gå på kurs for å lære meir om restaurering og tradisjonshandverk. Han ynskjer også å utnytte den lokale skogen på ein betre måte og investere i ei ny sag. Han har søkt om midlar frå Kraftfondet i Volda.
Publisert: 05.03.2024 kl 18:00 - Oppdatert: 06.03.2024 kl 09:40
Innspurten i Mizunoligaen ligg an til å bli eit nervedrama utan like for alle som held med Volda sine elitedamer. Med ein kamp att å spele ligg KFUM Volda Volleyball på nedrykksplass, og er avhengige av å ta fleire poeng enn Oslo Volley i siste serierunde.
Publisert: 05.03.2024 kl 16:00
Fredag var det formelt skifte av konserndirektør i Tussa. Voldingen Olav Osvoll tek over roret, og Elling Dybdal forlèt direktørstolen etter 30 år i selskapet.
Publisert: 05.03.2024 kl 14:00
Ein mann i slutten av 50-åra frå Ørsta er dømt til fengsel i 30 dagar etter ein påkøyrsel med truck utanfor ei verksemd i Furene våren 2023.
Publisert: 05.03.2024 kl 11:25 - Oppdatert: 05.03.2024 kl 11:30
Kommuneoverlege Marte Vaage Øie meiner ei innføring av Helseplattformen i Ørsta kommune vil vere direkte uforsvarleg. – Eg vurderer situasjonen som så alvorleg, og med potensielt langsiktige alvorlege konsekvensar for helsetenestene, at eg som kommunen sin lovpålagde medisinskfaglege...
Publisert: 05.03.2024 kl 13:00
Regjeringspartia kjem no med eit historisk løft for norske kyrkjer. Tre av kyrkjene som kan nyte godt av denne satsinga ligg i Volda kommune.
Publisert: 05.03.2024 kl 11:00
Dan Bjørneset (H) tok i sist formannskapsmøte til orde for meir gjennomtenkt bruk av næringsareal i Volda.
Publisert: 05.03.2024 kl 09:27
Denne veka går voldarussen dør til dør for å samle inn pengar til den årlege innsamlingsaksjon til kreftforeininga.
Publisert: 05.03.2024 kl 09:00
Det har vore kraftig spreiing av orepollen fleire stader i landet denne veka. Tysdag er det berre på Austlandet at den kraftige spreiinga held fram.
Publisert: 05.03.2024 kl 08:37
Tysdag morgon har Volda brann og redning vore ute til melding om oljelekkasje i krysset mellom Røyslidvegen og Smalebakken.
Publisert: 05.03.2024 kl 07:00
Det passa perfekt at Volda skulekorps fekk spele saman med Blåsemafiaen det året dei feirar 70 år. Laurdag opptredde dei saman på Rokken. Det vart ei oppleving større enn dirigent Ulf Kristiansen hadde drøymt om.
Publisert: 04.03.2024 kl 20:00
Det er bonus-fest i mange bankar om dagen. I Sparebank 1 SMN er festen avlyst. I staden er ein milliard kroner sett av til gode føremål, og av dette får Sparebankstiftinga tilført 155 millionar kroner. Dei tilsette i Sparebanken Møre kan derimot vente seg bonus i år.
Publisert: 04.03.2024 kl 18:00
Heile 121 personar deltok på Rando Highway laurdag. Målet var Melshornet. Nytt av året var «Rando mini» der mange born deltok.
Publisert: 04.03.2024 kl 16:00
Det var 25 standar på Ørsta og Volda Bryggjarlaug sitt meisterskap laurdag. Det var eit yrande liv og god stemning.
Publisert: 04.03.2024 kl 16:26
Søkartala til vidaregåande skular for 2024/2025 er klare, og 65 prosent av elevane i Møre og Romsdal har søkt yrkesfag. Det er ei auke på seks prosentpoeng frå året før.
Publisert: 04.03.2024 kl 15:06
Måndag i 14-tida vart det meldt om at vatnet rann i «stride straumar» i Propellhallen.
Publisert: 04.03.2024 kl 13:00 - Oppdatert: 04.03.2024 kl 13:27
Skatteetaten byrjar utsendinga av rundt fem millionar skattemeldingar denne veka. – Hugs at det er ditt ansvar å sjekke, åtvarar Skattebetalerforeningen.
Publisert: 04.03.2024 kl 11:00
FrP, SV og KrF i Ørsta vil ha opp nye planteikningar for Fremre Mo i neste kommunestyremøte. Partia seier både bondelaget og grunneigarar stiller seg bak forslaget. – Det er først når folk er samde at vi får framdrift, seier leiar i Ørsta FrP, Tore Thon.
Publisert: 04.03.2024 kl 09:28
Miljøpartiet Dei Grøne slår saman lokallaga sine i Volda og Ørsta.