Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 26.02.2024 kl 13:00
– Det har vore veldig kjekt, seier Julian (7).
Publisert: 26.02.2024 kl 11:00
I høve morsmålsdagen hadde tilsette i Bratteberg barnehage invitert nokre av våre foreldre som er elevar ved Volda Læringssenter til å kome i barnehagen å lage mat frå deira land.
Publisert: 26.02.2024 kl 07:00
Dei siste tre vekene er det stadig færre som har vorte smitta av RS-virusinfeksjonar, og endå færre som får korona, ifølgje FHI sin vekerapport.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 25.02.2024 kl 18:00
– Det er gledeleg med både folketalsauke og fødselsoverskot, seier ordførar i Volda, Sølvi Dimmen.
Publisert: 25.02.2024 kl 16:00
Samtidig som at mange legg ut på skitur i vinterferien, er skredfaren høg fleire stader i landet. No fryktar ekspertar rekordår for skredulykker.
Publisert: 25.02.2024 kl 13:00 - Oppdatert: 15.03.2024 kl 08:55
– Ein finn roa. Får nullstilt seg og etterpå blir ein avslappa, fortel Christel Olsen Aam om det å bade saman med tre veninner på Andaneset kvar laurdag året rundt.
Publisert: 25.02.2024 kl 11:00
Eit samrøystes Ulstein formannskap innstilte torsdag ettermiddag Jarl Martin Møller som ny kommunedirektør.
Publisert: 25.02.2024 kl 07:00
Ved utgangen av 2023 var det fleire personar i jobb i Noreg enn året før. I fjerde kvartal viser tala at sysselsetjinga gjekk opp med 27.000.
Publisert: 24.02.2024 kl 20:00
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal meiner det bør halde å gjerde inne inngangsparti, terrasse og overbygg ved hyttene i Harevadet.
Publisert: 24.02.2024 kl 18:40
KFUM Volda møtte Oslo volley på heimebane.
Publisert: 24.02.2024 kl 18:00
Volda og Ørsta kunstlag hadde sist veke og i helga ei salsutstilling i Volda sentrum. På opninga torsdag føremiddag var der veldig mykje folk. Om lag 100 stykke. 50 bilde vart selde første dagen. Dei mest populære var av den kjende lokale kunstnaren Per Nesje Nilsen.
Publisert: 24.02.2024 kl 16:00
Førre helg var Oda Heltne Tønnesen (J15), Birk Karlsen Wold (G15) og Kasper Flacké Botnen (G15) på Lillehammer, for å delta når Vingrom IL arrangerte hovudlandsrenn på Birkebeineren skistadion.
Publisert: 24.02.2024 kl 13:00
Striden om refinansieringa av Solstad-reiarlaget ser ut til å vere løyst, ifølgje nettstaden E24. Ottar Vartdal frå Vartdal, er no den åttande største aksjonæren i selskapet.
Publisert: 24.02.2024 kl 11:00
Kristin Harila brukte tre månader og ein dag på å nå toppen av de 14 høgste fjella i verda. Nå skal ho besøkje X2 Festivalen for å blant anna snakke om den utrulege verdsrekorden.
Publisert: 24.02.2024 kl 07:00
Då Tenesteutvalet for oppvekst og kultur (TOK) fekk ei orientering om ny kino i Volda, var det eitt spørsmål alle brann inne med: – Blir det betre beinplass enn på kinoen i Ørsta?
Publisert: 23.02.2024 kl 20:00
Ørsta kommune ser på moglegheitene for å utvide handelsområdet i Hovdebygda, og har allereie gjort avtale med ein grunneigar om bygsling av tomt. – Det er fullt i Furene, og det siste næringsområdet innan rimeleg reiseavstand er Saunesmarka i Ulstein.
Publisert: 23.02.2024 kl 18:00
Etter at A. Våge AS varslar flytting seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp) at kommunen så absolutt ønskjer industribedrifter i Volda, men medgir at det er plassmangel. – Det er heilt krise. Det finst ikkje ledig næringsareal i Volda. Det må vi gjere noko med.
Publisert: 23.02.2024 kl 17:00
Etter mange år i Furene har A. Våge AS no vakse ut av lokala sine. Dei har venta på at det skal kome nye industriareal i Volda, men no vurderer dei flytting ut av kommunen. – Det finst ikkje tilgjengeleg areal, og då har vi ikkje anna val enn å sjå andre stadar. Elles stagnerer vi, seier...
Publisert: 23.02.2024 kl 14:25
Frå i dag overtek Ode AS slakteriet frå Måsøval. Produksjonen startar allereie på måndag, og alle tilsette har fått tilbod om å kome tilbake i jobb.
Publisert: 23.02.2024 kl 13:00
Cecilie Bjørlykke er tilsett i stilling som avdelingsleiar skule, og tek til i stillinga 1. juni. Ho tek over etter Lene Nupen, som har fått ny stilling i Herøy kommune.
Publisert: 23.02.2024 kl 10:00 - Oppdatert: 23.02.2024 kl 11:11
Då politiet aksjonerte mot ein gard på Standal i slutten av januar i år, avdekte dei 300 cannabisplantar og 25 kilo cannabis.
Publisert: 23.02.2024 kl 11:00
Musikkstudentar ved Høgskulen i Volda skal opptre saman med storbandet MixMaster i mars. Øvinga er i full gang.
Publisert: 23.02.2024 kl 07:00
Katten dei kjøpte frå oppdrettaren i Ørsta hadde etter kvart så mange infeksjonar at den måtte avlivast. – Den hadde blødande tannkjøt og store mengder væske i buken, fortel kjøparen.
Katteoppdrettaren i Ørsta har ei lang rekkje misnøgde kjøparar, og Møre har blitt kontakta av fleire. Nokre av desse kjøparane har samla seg i ei gruppe på Messenger, som no tel 22 medlemmer. Annonsar som oppdrettaren har hatt på finn.no, er no fjerna.
Publisert: 22.02.2024 kl 18:00
Dei har satsa mykje – og vil gjerne satse vidare, men med dei låge inntektene familien Seljeset har som bønder i Hornindal, ser dei ikkje lenger vitsen. Tysdag hadde dei vitjing av landbrukspolitisk talsmann i Senterpartiet, Per Olav Tyldum, og fekk lagt fram sitt syn på dei økonomiske...