Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 21.11.2023 kl 14:00
Helsemyndigheitene meiner framleis at vi ikkje treng å teste oss for korona. Salstala frå Apotek1 viser likevel at folk testar seg meir enn på nesten to år.
Publisert: 21.11.2023 kl 13:00
Maria Paulen begynte å lage eigne lys for tre år sidan, og vart fort biten av basillen. – Det er den morosamaste hobbyen eg har hatt i mitt liv!
Publisert: 21.11.2023 kl 10:30 - Oppdatert: 21.11.2023 kl 10:32
Som del av innsparingstiltaka i framlegget til nytt budsjett i Ørsta er det føreslege å kutte 19 årsverk i dei kommunale barnehagane, grunnskulen og oppvekst i kommunen.
Publisert: 21.11.2023 kl 10:05 - Oppdatert: 21.11.2023 kl 10:14
"Kjære Volda og Ørsta kommune, vi veit rett og slett ikkje kvar vi skal byrje. Det er ikkje før ein står i situasjonen der barnet ditt er pleietrengande og du mest av alt skulle ønske deg ein normal kvardag med jobb, føreseielegheit, fritidsaktivitetar med meir… utan sjukdom, at du innser...
Publisert: 21.11.2023 kl 09:29
Vegen over Bjørkedalseidet (Brekka) vert vinterstengt 21. november.
Publisert: 21.11.2023 kl 07:00 - Oppdatert: 21.11.2023 kl 07:41
Den årvisse basaren i Volda Frikyrkje gjekk av stabelen sist laurdag. Dei frammøtte fekk med seg både åresal, ordførarhelsing, underhaldning og mykje god mat i godt lag.
Publisert: 20.11.2023 kl 20:00
I 4. kvartal 2022 hadde 12,5 prosent av dei sysselsette i Volda lang høgare utdanning. Dette er best i fylket.
Publisert: 20.11.2023 kl 18:00
– Det er heilt naudsynt av oss å spele på lag med ungdommen slik at dei får den hengeplassen som dei har lyst på. Vi kan ikkje ta nokre vaksenavgjersler på at vi veit best kva ungdom vil ha. Det ser vi at ikkje fungerer så veldig godt, seier Kine Malvik, prosjektleiar i Volda kommune.
Publisert: 20.11.2023 kl 16:27
Volda kommune og Volda Handelspark AS (Retail 2 AS) inngjekk ein opsjon om utvikling på Øvre Rotset den 18.11.2021, med utløp 18.11.2023. Fristen er no ute, utan at Volda Handelspark AS har tredd inn i avtalen. No søkjer dei om ei utsetting på opsjonsperioden i 24 månader, til 18.11.2025.
Publisert: 20.11.2023 kl 16:00
Posten Bring har bestemt å stoppe all annonsering på Facebook og Instagram med umiddelbar verknad. Avgjerda kjem som ei direkte følgje av at merkevara vert misbrukt i svindelforsøk og gjer kundane usikre, går det fram av ei pressemelding frå Posten.
Publisert: 20.11.2023 kl 13:10 - Oppdatert: 20.11.2023 kl 13:28
Politiet melder at to bilar har kollidert på E39 ved Rystefeltet i Ørsta.
Publisert: 20.11.2023 kl 13:00
Tussa Installasjon styrkar nærværet i den maritime bransjen og har tilsett ein ny avdelingsleiar for den maritime satsinga. Paul-Erik Rebbestad vil spele ei nøkkelrolle i å utvide Tussa Installasjon si portefølje og tenester innanfor den maritime sektoren.
Publisert: 20.11.2023 kl 11:00
Ørsta folkebibliotek og Ørsta - Volda lokallag av Foreininga Norden, baud måndag 13. november inn til Lesekveld på Ørsta folkebibliotek. Hanne Steinsvik og Anne Steinsvik Nordal ynskte alle velkomne. Det var godt oppmøte og Lesekvelden har vorte ein årleg tradisjon som skifter mellom Volda...
Publisert: 20.11.2023 kl 11:29
Ein mann i 20-åra har mista førarkortet etter at han spann og sladda med bil i Ørsta sentrum.
Publisert: 20.11.2023 kl 07:00
No er det snart klart for den årvisse skibyttehelga. Laurdag 25. november inviterer Volda Alpin til skibyttedag på Idrettsbygget i Volda. Nytt av året, er tilbod om gratis sliping av skøyter.
Publisert: 19.11.2023 kl 16:10 - Oppdatert: 19.11.2023 kl 18:50
Søndag ettermiddag spelte Volda mot Ålgård på heimebane i Volda Campus Sparebank1 Arena.
Publisert: 19.11.2023 kl 20:00
Alle brukarar av Transporttenesta (TT) vil i løpet av neste år måtte søkje på nytt for å få plass i ordninga etter eit nyleg vedtak i Fylkestinget. Dei som ikkje får ny plass, vil bli sett på venteliste. Kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda er kritisk til vedtaket, og meiner dette...
Publisert: 19.11.2023 kl 18:00
Lærlingpatruljen til LO i Møre og Romsdal har vore på vegen og intervjua lærlingar om trivsel, arbeidsvilkår og opplæring.
Publisert: 19.11.2023 kl 16:00
Øyrafolk arrangerte Sjokoladekappleiken for første gong førre helg. Det skjedde i amfiet på Øyra skule i Volda. Det var mange talentfulle born i aksjon.
Publisert: 19.11.2023 kl 14:00
Venstre føreslår i sitt alternative statsbudsjett 1 milliard ekstra til opprusting av fylkesvegar.
Publisert: 19.11.2023 kl 11:20 - Oppdatert: 19.11.2023 kl 12:12
Søndag formiddag kolliderte to bilar med tilsaman sju personar på FV 60 - Hornindalsvegen. To helikopter vart kalla ut til staden i tillegg til brann, helse og politi.
Publisert: 19.11.2023 kl 11:00
Volda rideklubb har fått 7.500 kroner i motivasjonsmidlar for strandrydding frå Runde Miljøsenter, og sist søndag rydda klubbmedlemmar rundt Rotevatnet.
Publisert: 19.11.2023 kl 07:00
Vinmonopolet blir verande på Spinneriet i Volda. Det stadfester presseansvarleg i Vinmonopolet, Jens Nordahl, overfor Møre.
Publisert: 19.11.2023 kl 10:15
Natt til søndag måtte politiet aksjonere fleire gongar i Ørsta sentrum.
Publisert: 18.11.2023 kl 21:00
I februar kunne Hornindal Skisenter spandere kake for å feire ti år sidan T-trekket vart sett i drift for første gong. No kan dei feire eit godt år når styret legg fram årsoppgåva.