Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 18.11.2023 kl 19:00
Landslagsmålvakt Ørjan Håskjold Nyland vil byggje seg hus på Andaneset, men treng dispensasjon frå kommunen.
Publisert: 18.11.2023 kl 17:50 - Oppdatert: 18.11.2023 kl 17:55
Laurdag kl. 17.20 fekk brann 110 melding om pipebrann i eit hus i Engesetvegen i Ørsta. Ørsta brann og redning rykte ut til brannen.
Publisert: 18.11.2023 kl 16:00
Med toppsolistar i eigne rekkjer kunne Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda invitere til haustkonsert.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 18.11.2023 kl 13:00
Når VARD og Windward skal byggje to serviceskip for offshore havvind, vel dei Brunvoll som leverandør av framdrifts- og manøvreringssystem.
Publisert: 18.11.2023 kl 11:00
– For eit band som aldri hadde ambisjonar ut over det å ha det gøy med musikken er dette heilt uverkeleg, seier Rotlaus, etter at dei har spelt for ei utselt Sentrum Scene i hovudstaden.
Publisert: 18.11.2023 kl 09:30
Ein uønskt gjest nekta å forlate ein privat bustad i Ørsta, medan ein anna skapte utfordringar på ein utestad i Volda. Begge hendeingane krevde at politiet greip inn.
Publisert: 18.11.2023 kl 07:00
25 profesjonelle kunstnarar og kunstfaglege miljø i Møre og Romsdal har fått 1,12 millionar kroner i prosjektstønad frå Møre og Romsdal fylkeskommune i år.
Publisert: 17.11.2023 kl 20:00
Wenche Solheim, kommunedirektør i Ørsta kommune, rår i framlegget til budsjettet for 2024 og økonomiplan 2024-2027 til å auke eigedomsskatten frå 2 promille til den maksimalt tillatne satsen på 4 promille for alle eigedommar over ei periode på to år.
Publisert: 17.11.2023 kl 18:00
I nesten ti år har John og Synnøve Leirvik teke imot gjestar i Josybuda på Kalvatn. No må dei leggje ned den ordinære drifta.
Publisert: 17.11.2023 kl 16:00
Både Statsforvaltaren og fylkeskommunen vil trekke sine motsegner mot Voldatunnel-planane i Furene. No skal det justerte reguleringsplanforslaget ut på avgrensa høyring før det er klart til vedtak i kommunestyret.
Publisert: 17.11.2023 kl 13:00
Det er registrert i alt 4.531 anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal. Desse er fordelt på 21 anleggskategoriar og 98 anleggstypar.
Publisert: 17.11.2023 kl 11:50
Tidlegare rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er i Polen for fagleg oppdatering og forskingsarbeid, men tek seg tid til å reise heim for å få med seg Bygdles si nyaste framsyning.
Publisert: 17.11.2023 kl 11:00
Volda kommune skal skifte ut VA-rør over ei strekning på 400 meter i Furene. Dette er rør som vart lagt ned i 1970, og det har vore mange lekkasjar i området.
Publisert: 17.11.2023 kl 07:00
Avfallsmengda i Møre og Romsdal auka sterkt under korona, men er no på veg attende. I Volda og Ørsta vert det produsert mindre avfall enn i mange andre kommunar.
Publisert: 16.11.2023 kl 20:00
Kommande laurdag vert det Grøn festival på Uppheim. Arrangørane gjentek suksessen frå i fjor, og håper mange tek turen innom.
Publisert: 16.11.2023 kl 18:00
Mange i Møre og Romsdal opplever at det strammar seg til økonomisk. Av SSB si levekårsundersøking går det fram at nær 20 prosent av befolkninga slit når dei får uføresette utgifter. Dette medfører auke i betalingsproblem. Folk unner seg også færre gode, og droppar ferie og sosiale...
Publisert: 16.11.2023 kl 16:00 - Oppdatert: 16.11.2023 kl 21:42
Det er 10 år sidan Ulvestad barneskule vart etablert, og dette vart det stor feiring av på eit fullsett Vesttun grendahus sist laurdag. Folk frå bygda, noverande og tidlegare elevar og tilsette, var med å feire dette jubileet.
Publisert: 16.11.2023 kl 14:30 - Oppdatert: 17.11.2023 kl 08:31
Norsk Innovasjonssenter AS (NIAS) er i gang med å etablere og utvikle eit innovasjonsselskap for Søre Sunnmøre og kunngjer at Nina Viddal er tilsett som selskapet sin prosjektleiar.
Publisert: 16.11.2023 kl 13:25 - Oppdatert: 17.11.2023 kl 10:12
Politiet melder om ei trafikkulukke mellom ein personbil og ein sementbil ved krysset inn til flyplassen Ørsta-Volda Lufthamn Hovden.
Publisert: 16.11.2023 kl 13:00
Ein mann i midten av 20-åra frå Volda er dømt til fengsel i 15 dagar, etter å ha køyrt bil i 126 km/t i 80-sona på Kvivsvegen i mars i år.
Publisert: 16.11.2023 kl 11:00
Torsdag inviterte Høgskulen i Volda til seminar om kunstig intelligens (KI) ved Høgskulen i Volda. Frå talarstolen fortalde føredragshaldarar frå ei rekke ulike bakgrunnar i ulike felt og næringar om moglegheiter og utfordringar i bruken deira av KI.
Publisert: 16.11.2023 kl 08:00
I dag vert det gjennomført ei stor beredskapsøving på Volda sjukehus, der dei tilsette skal trene på massetilstøyming etter ei større hending.
Publisert: 16.11.2023 kl 07:00
Ein mann tidleg i 20-åra frå Søre Sunnmøre er dømt til fengsel i 44 dagar for å ved fleire tilfelle ha motteke seksualiserte videoar av jenter under 18 år mot betaling i pengar, snus og alkohol.
Publisert: 15.11.2023 kl 20:00
Brannbilen på Sæbø stettar ikkje dagens krav, men å bytte bilen gir ei ny utfordring for Ørsta kommune: Brannstasjonen vert då for liten.
Publisert: 15.11.2023 kl 18:00 - Oppdatert: 15.11.2023 kl 18:20
Onsdag kveld kl. 17.50 melde politiet om at to bilar med totalt tre person i, hadde kollidert utanfor Eiksundtunnelen.