Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 24.10.2023 kl 20:00
Bratt Sykkelklubb sitt anlegg er bygd med sponsormidlar, gåver, hundrevis av dugnadstimar og lovnad om utbetaling av spelemidlar. No ser det ut som klubben må vente lenge på utbetaling av spelemidlane, og klubben ber kommunen forskotere pengane. – Elles kan vi kome til å misleghalde lånet...
Publisert: 24.10.2023 kl 18:00
– Det er verkeleg imponerande alle dei aktivitetane som de har fått til og arbeidet de gjer her i desse to kommunane, seier Tone C. Faugli, dagleg leiar i Fairtrade Norge.
Publisert: 24.10.2023 kl 16:00
15. oktober vart siste dag for Volda filmteater i noverande utgåve. Framover vil kinoen over halvere sitteplassane i ein ny moderne kinosal med fokus på komfort med nye stolar.
Publisert: 24.10.2023 kl 13:00
Ved skisentera i både Volda og Ørsta er dei godt i gong med førebuingane til vinterens sesong.
Publisert: 24.10.2023 kl 11:00
Som ein av elleve klassar i Noreg er klasse 6A ved Øyra skule trekt ut til å delta på Ung utopi 2024. Her vil klassen saman med 7. klassar frå heile landet reise til Oslo. På turen får dei mellom anna vitje Munchmuseet, Deichman bibliotek og Operahuset i Oslo.
Publisert: 24.10.2023 kl 12:00
Ein bilførar er mistenkt for ruskøyring etter at UP hadde trafikkontroll i Kårstadvegen.
Publisert: 24.10.2023 kl 11:45 - Oppdatert: 24.10.2023 kl 11:53
Tine-meieriet i Ørsta har no sendt av gårde sine bidrag til verdsmeisterskapen i ost som går føre seg i Trondheim komande helg. Ørstaostane vil der møte hard konkurranse frå om lag 4500 ostar frå heile verda.
Publisert: 24.10.2023 kl 09:20
Før helga vart det innført kokepåbod på vatnet i området Furene, Mork, Ekset og delar av Frøholmfeltet. No er kokepåbodet oppheva.
Publisert: 24.10.2023 kl 07:00
Gabriel Skotte krinsmeister i klasse B, Jakob Keilen Thomsen med andreplass i klasse E, og tredjeplass til Alexander Kamennyy i klasse D!
Publisert: 23.10.2023 kl 20:00 - Oppdatert: 23.10.2023 kl 21:39
Einar Oterholm har gitt ut eit hefte som tek føre seg historia til Romsdals amts praktiske jenteskoler, som hadde avdelingar i Volda og i Øksendal på slutten av 1800-talet.
Publisert: 23.10.2023 kl 18:00
Kjøp av tenester eller varer på nett vi aldri får, er den svindelmetoden som råkar folk i Trøndelag og Møre og Romsdal oftast. Svindeltala er skyhøge, og ifølgje ei fersk undersøking fryktar fleirtalet at det skal bli verre.
Publisert: 23.10.2023 kl 16:00
– Publikumsåtferda med omsyn til førehandssal og besøk har endra seg etter pandemien, konkluderer Nynorsk kultursentrum etter årets Festspel.
Publisert: 23.10.2023 kl 13:00
Heile 35 bidrag kom inn til logokonkurransen knytt til MGP på Ørsta ungdomsskule i år. Blant desse stakk Amalie Rønning Stennes av med sigeren.
Publisert: 23.10.2023 kl 11:58
Voldingane samla inn totalt 748.778 kroner til TV-aksjonen, fordelt på 10.960 innbyggjarar.
Publisert: 23.10.2023 kl 12:58
Avdelingsleiar for skule i Volda kommune, Lene Nupen, blir ny kommunalsjef for kultur og oppvekst i Herøy kommune. – Eg gler meg til å bli kjent med Herøy.
Publisert: 23.10.2023 kl 11:55
Hornindal skule med elevar, tilsette og andre gode støttespelarar samla inn 80.100 kroner til årets TV-aksjon.
Publisert: 23.10.2023 kl 11:00
Dei nye brannkonstablane i Volda og Hornindal fekk bryne seg på røykdykking i Volda på onsdag. Denne veka avsluttar dei opplæringa.
Publisert: 23.10.2023 kl 07:00
Når kulda kjem ute, finn gnagarane vegen inn. Dei trekk ikkje berre inn i hus og hytter. – Nei, også garasjar, biler, bubilar og campingvogner er ynda tilhaldsstader for mus. Sjølv om dei er små, kan dei gjere svært stor skade, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF.
Publisert: 22.10.2023 kl 20:00
Snakkar du volding eller ørsting, vil denne forskartrioen gjerne ha deg på besøk i haust. Flunkande ny forsking på dialektendringar er i gang ved Høgskulen i Volda.
Publisert: 22.10.2023 kl 18:00
Selskapa MMI AS, T&R Haugen Maskin, R. Haugen Invest og Vest Biogass ønskjer å kjøpe heile det kommunale næringsområdet på Raudemel og gjere det om til privat drift.
Publisert: 22.10.2023 kl 16:00
Sølvi Dimmen (Sp) og dei andre ordførarane i Sjustjerna krev at det må kome inn att midlar til Runde miljøsenter i statsbudsjettet for 2024. – Vert dette kuttet ståande, vil det setje arbeidet med forsking, kunnskapsinnhenting og formidling av livet i havet mange steg attende, i ei tid då...
Publisert: 22.10.2023 kl 13:00
I år er det nye reglar i tildelinga av Lokale aktivitetsmidlar (LAM). 5 % av beløpet kan gå til drift og felles tiltak for idretten i kommunen, og Volda idrettsråd har fleire idear til korleis ein kan nytte midlane.
Publisert: 22.10.2023 kl 11:00
Straumprisutvalet har gjort framlegg om ein «Norgespris» – ein felles straumpris for alle. Det vil gje høgare pris i vårt område. – Men når Statnett er ferdig med ombygging av kraftlina over Sognefjorden, vil straumprisen stige i vårt kraftområde uansett, seier konsernsjef og...
Publisert: 22.10.2023 kl 07:00
FAU ved Dalsfjord skule diskuterte i sitt førre møte tankar kring framtida til ungdomssteget ved skulen. Dei meiner det er mange gode grunnar for å halde oppe tilbodet, trass lågare elevtal.
Publisert: 21.10.2023 kl 22:13
Laurdag kveld gjekk første del av årets Øyralangs av stabelen, og folk møtte opp i hopetal.