Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 21.10.2023 kl 20:00
– Gamle ting er kult, meiner Ricardo Dybvik Vattøy. Saman med andre elevar på Volda vidaregåande skule, fekk han prøve seg som båtbyggjar i eit par skuletimar.
Publisert: 21.10.2023 kl 18:00
Arbeidet med å reise Voldabadet går etter planen. Det opplyser Bjørn Idar Homlong i entreprenørselskapet Christie & Opsahl til Møre.
Publisert: 21.10.2023 kl 16:00
Bedehuset på Sætre i Dalsfjorden fyller 130 år, og søndag vert det skipa til jubileumsfeiring. Under tek Andrè Sætre oss gjennom nokre av hovudpunkta i bedehuset si lange og innhaldsrike historie.
Publisert: 21.10.2023 kl 13:00
– Det er politikarane som skal styre Ørsta kommune. Det er det klare og eintydige kravet frå dei ti FrP-representantane i det nye kommunestyret, med leiar Tore Thon i spissen. Trass i at partiet vart puffa ut i kulden etter å ha fått kjempestøtte frå veljarane i valet, lovar Thon at dei...
Publisert: 21.10.2023 kl 11:00
Søndag arrangerte Volda rideklubb bruktmarknad i ridehallen. Her kunne store og små selje ting dei ikkje lengre har bruk for, og skaffe seg brukte skattar til ein billig penge.
Publisert: 21.10.2023 kl 07:00
Volda kommune har planlagt rehabilitering av dammane ved Dinglavatnet, men no er framdrifta forseinka.
Publisert: 20.10.2023 kl 20:00
Dei samla helseutgiftene i Noreg var på 453 milliardar kroner i 2022, viser SSB-tal. Koronapandemien heldt fram med å påverke helserekneskapen.
Publisert: 20.10.2023 kl 18:00
Etter sigeren mot Molde 2 har Volda fått ei bittelita luke ned til nedrykksstreken, men treng framleis poeng for å halde seg i 3. divisjon. Berre siger er godt nok når dei møter nedrykksrival Hødd 2 til lokaloppgjer på Volda stadion.
Publisert: 20.10.2023 kl 16:00
I månadene som kjem, inviterer Arbeidstilsynet ei rekkje skular over heile landet til rettleiing om førebygging av vald og truslar. Utagering mot skuletilsette er eit aukande problem og Arbeidstilsynet vil gi konkrete råd om korleis klasserommet og skulegarden kan bli ein tryggare stad.
Publisert: 20.10.2023 kl 14:19
Ørsta kommune har fått medhald i klagesaka om tildeling av kontrakt om skyssbåtteneste på Hjørundfjorden. Christian Gaard Bygdetun AS, som reiste klagen, kjem ikkje til å ta saka vidare.
Publisert: 20.10.2023 kl 13:00
Willy Solvang har jobba saman med norske kjendiskokkar i stjernerestaurantar, og har opna dei populære serveringsstadane Willys Gourmet i Ulsteinvik og Myrvåg. Neste år opnar han ny restaurant i Volda.
Publisert: 20.10.2023 kl 11:38
Den populære butikkjeda Normal opna fredag dørene hos Spinneriet kjøpesenter i Volda, og fleire hundre stod i kø for å handle.
Vegen er no open på Viddal. Leiaren i Bjørke Grendalag, Nina Viddal, hadde gjerne sett at det kom eit overbygg, eller anna sikring, i det rasutsette gjølet.
Publisert: 20.10.2023 kl 11:00
Mange dugnadshender skal til, og mange meter lyslenkjer skal hengast opp, for at det skal kunne bli Øyralangs i Volda på laurdag og søndag.
Publisert: 20.10.2023 kl 11:56
Sande kommune opnar rådhuset igjen etter at det vart stengt grunna grove truslar mot kommunetilsette.
Publisert: 20.10.2023 kl 10:39
I møtet med transport- og kommunikasjonskomiteen var innspelet tydeleg frå den nyvalde leiaren av samferdselsutvalet, Hans Olav Myklebust (Frp). – I statsbudsjettet må det leggjast inn auka løyvingar til fylkesvegnettet og midlar til den underfinansierte ferjedrifta.
Publisert: 20.10.2023 kl 07:00
DNB auka renteinntektene med 3,5 milliardar kroner i tredje kvartal, og storbanken tente til saman 13,2 milliardar kroner før skatt.
Publisert: 19.10.2023 kl 18:00
Kommunedirektøren i Ørsta rår ifrå å gå vidare med ei ombygging av 3. høgda i Ørstaheimen åleine.
Publisert: 19.10.2023 kl 20:00
I 2022 døde det for første gong fleire menneske enn det vart fødd i Møre og Romsdal. Det viser den ferske undersøkinga Fylkesstatistikken, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Publisert: 19.10.2023 kl 16:07
Innbyggjarane på Viddal har vore avskorne frå omverda etter at eit ras dundra over vegen i morgontimane tysdag. Men Volda kommune har hatt dialog med dei råka om behova dei har.
Publisert: 19.10.2023 kl 16:00
Eit høgtrykk – som ofte betyr «godt vêr» – skal prege vêret i omtrent heile landet dei neste dagane. Men det blir kaldt, og i enkelte område blir det vindfullt.
Publisert: 19.10.2023 kl 15:34
Det er påvist bakteriar i leidningsnettet i Furene. Dei som bur innanfor det lilla området på kartet må koke vatnet inntil ny beskjed vert gitt.
Publisert: 19.10.2023 kl 15:10
Til helga går den årlege TV-aksjonen av stabelen, men næringslivet i Volda «tjuvstarta» med ei ringerunde torsdag føremiddag, og samla inn 109.100 kroner.
Publisert: 19.10.2023 kl 13:00
I slutten av 2025 får Ålesund sjukehus parkeringshus. Det er Sunnmøre Parkering som skal bygge og drifte parkeringshuset. Planlagt byggestart er februar 2024.
Publisert: 19.10.2023 kl 11:48
Ein bilførar mista førarkortet etter å blitt målt til 77 km/t i 50-sone i Ørsta sentrum.