Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 09.03.2025 kl 05:00
Onsdag vedtok eit samrøystes styret ved Høgskulen i Molde at høgskulen skal starte arbeidet med å bli eit universitet.
Publisert: 08.03.2025 kl 17:05
Leon Romestrand og kollegaane hans i MOT var med å arrangere «Drømmedagen» for over 10.000 barn og unge på Ski-VM i Trondheim. Eit av høgdepunkta av dagen var å sjå «Team Pølsa» kome i mål.
Publisert: 08.03.2025 kl 17:00
Kristeleg Folkeparti vil gi lærarane høgare løn. Dei ynskjer meir tid til å følgje opp kvar enkelt elev. Partiet vil ha meir leik og færre timar for 6-åringane.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 08.03.2025 kl 12:00
Med ein gryande handelskrig mellom USA og Canada, Mexico og Kina, der også EU kan bli dregne inn, har Møre spurt banksjefar i Volda om korleis dei trur utviklinga kan påverke den norske økonomien og lommeboka til Møre sine lesarar.
Med usikre tider både politisk og økonomisk, og fare for at Noreg vert drege inn i ein større handelskrig, kan det vere utfordrande å vite kva ein skal gjere med sparepengane sine. – Pust med magen, seier avdelingsbanksjef i SpareBank1 SMN Volda, Mette Ryste.
Publisert: 08.03.2025 kl 10:00
Ein 19 år gammal mann frå Ørsta er dømt til fengsel i 45 dagar, og misser førarkortet i 36 månader, etter at han unnlét å stanse for politiet trass i at det vart gitt teikn om dette.
Publisert: 08.03.2025 kl 07:35
Tysdag 11. mars presenterer ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda ei undersøking av erfaringar og vurderingar av Helseplattformen blant sjukehustilsette i Møre og Romsdal.
Publisert: 08.03.2025 kl 05:05
– Dette fungerte så bra at vi tek ein runde til, seier Monika Barstad Rebbestad i SpareBank 1 SMN om støtteordninga for små og mellomstore bedrifter som vil bli miljøsertifiserte.
Publisert: 08.03.2025 kl 05:00
Ein viktig milepåle for berekraft er nådd når studentar og tilsette no kan nytte seg av ei Miljøfyrtårn-sertifisert kantine i Berte Kanutte-huset på campus i Volda.
Publisert: 07.03.2025 kl 19:00
Stortingspolitikar Lars Haltbrekken (SV) møtte lokale hobbyfiskarar ved torskeoppdrettsanlegget i Alida fredag. Han fryktar Noreg svekkjer merkevara vi har i torsken om vi held fram med oppdrett.
Publisert: 07.03.2025 kl 17:00
Volda Turisthotell AS har gjort endring i leiinga. Dagleg leiar, Eiliv Peter Halkjelsvik, er den einaste attverande i styret. Han sit som styremedlem.
Publisert: 07.03.2025 kl 17:05
Av sjukehusa i Møre og Romsdal, er det Volda sjukehus som har desidert færrast pasientklager. Det syner statistikk frå 2024 for Pasient- og brukarombodet. Tala syner også at stadig fleire ikkje får oppfylt sine behov for kommunale helse- og omsorgstenester.
Publisert: 07.03.2025 kl 16:01
Ein inspeksjon denne veka avdekkja eit umiddelbart behov for utbetring. Standal ferjekai blir stengt i om lag to veker frå 7. mars.
Publisert: 07.03.2025 kl 15:45
Ei 45 år gammal, utanlandsk kvinne, busett i Ålesund, er dømt til fengsel i 21 dagar for dokumentforfalsking og falsk forklaring til offentleg mynde.
Publisert: 07.03.2025 kl 10:00
Verksemda Lindbak flyttar ut av R-senteret i Hovdebygda i mai, og samlar verksemda på Sunnmøre i Ålesund. Selskapet vil framleis yte tenester til kundane sine i Volda og Ørsta, og på heile Søre Sunnmøre, frå den nye basen.
Publisert: 07.03.2025 kl 13:49
Ei strekning på Vikebygdvegen, frå rundkøyringa på E39 og om lag opp til avkøyrsla til Årneset, er utan gatelys på ubestemt tid.
Publisert: 07.03.2025 kl 14:56
2025 har alt hatt nokre uvanleg varme periodar, og mange liker å sole seg. Meldingar om hoggormbit på hund – og nokre menneske – er komme inn.
Publisert: 07.03.2025 kl 13:00
Det går mot lysare og mildare tider. Temperaturane den siste tida har lokka fram eit av dei sikraste vårteikna, krokusen.
Publisert: 07.03.2025 kl 12:05 - Oppdatert: 07.03.2025 kl 15:11
– Norsk jordbruk er viktig for oss i KrF, og har også vore ei hjartesak for meg som politikar, sa partileiar i KrF Dag-Inge Ulstein på eit ope møte på Hotell Ivar Aasen måndag.
Publisert: 07.03.2025 kl 05:05
Volda INP hadde sitt første styremøte for året 28. februar, denne gongen saman med Ørsta INP. Som gjestar deltok Olav Osvoll (konserndirektør i Tussa) og Ivar Kvangardsnes (Volda Utvikling AS).
Publisert: 07.03.2025 kl 10:46
Etter imponerande 36 år i stillinga går Erling Masdal av med pensjon frå rolla som leiar for næringsmarknaden i Tussa Installasjon.
Publisert: 07.03.2025 kl 10:23
Far til ein 11 år gamal gut frå Ørsta fortel om mogleg sykkel-hærverk som førte til at sonen miste framhjulet på sykkelen sin og vart skadd i fallet. – Det enda med to knekte tenner, ein brekt tommel, ei forslått nase og lettare hjernerystelse.
Publisert: 07.03.2025 kl 07:54
Ragna Hofset Kile (17) frå Bjørkedalen er leiar for ungdomsrådet i Volda, og brenn for at alle ungdommar skal føle seg sette, høyrde, respekterte og trygge i lokalsamfunnet sitt.
Publisert: 07.03.2025 kl 05:00
Årsmøtet vart halde på Volda turisthotell onsdag 26.02.2025. Dette var eit kombinert medlemsmøte og årsmøte, og 74 medlemmar var til stades. Møtet starta med ein allsong der Odd Kåre spelte. Deretter fekk Seksjonsleiar i helse og omsorg, Ragnhild Aarflot Kalland, ordet. Ho tok for seg...
Publisert: 06.03.2025 kl 12:00
I Volda var fødselsoverskotet på 26 personar i 2024. Det vart fødd 114 born, medan 88 personar døydde. For andre året på rad var det fødselsunderskot i Ørsta. Det døydde fire fleire personar enn det vart fødde i kommunen i 2024.