Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Publisert: 26.10.2022 kl 18:00
Frå torsdag til laurdag inviterte Volda og Ørsta Kunstlag for første gong Skapar-showcase på Kunsthuset i Ørsta.
Publisert: 26.10.2022 kl 16:00
Ein oppsitjar i Plassevegen har sett seg lei av eit støyande kumlokk i nabolaget, og varslar no kommunen om tilhøva.
Publisert: 26.10.2022 kl 15:00
Endeleg har rådhuset fått universell tilkomst og parkering for alle, jublar Ørsta kommune.
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 26.10.2022 kl 13:00
17. oktober vart det halde medlemsmøte i Volda Senterparti på Smia i Hornindal. Her vart Sølvi Dimmen samrøystes innstilt av nominasjonsnemnda og deretter samrøystes valt av styret og medlemmane som Volda Senterparti sin førstekandidat.
Publisert: 26.10.2022 kl 11:00
Sparebank 1 Søre Sunnmøre riggar seg for vidare drift i Volda, med eller utan fusjon, og har tilsett to nye kunderådgjevarar, Frank Vatne og Katrin Vasstein.
Publisert: 26.10.2022 kl 07:00
Måndag morgon var det samla inn 680.845 kroner i Volda kommune under årets TV-aksjon til inntekt for Leger Uten Grenser og søsterorganisasjonen Drugs for Neglected Diseases initiative. I gjennomsnitt bidrog kvar innbyggjar med 63 kroner noko som er om lag 14 kroner over landsgjennomsnittet.
Søndag gjekk årets TV-aksjon av stabelen med brask og bram. Givargleda var stor, og det vart sett nye innsamlingsrekordar både i Volda og Ørsta, i tillegg til ein historisk høg sluttsum på nasjonalt nivå.
Publisert: 26.10.2022 kl 08:15
Tysdag ettermiddag krasja to bilar i Ørsta. Ein person vart sendt til Volda sjukehus.
Publisert: 25.10.2022 kl 20:00
Eit vedtak i Volda formannskap i mars gir Dalsfjord fyrmuseum, med ei tidsavgrensing, same «leigepremissar» som tidlegare var avtalt med Viti. Det stadfestar kulturleiar Kristina Kostopoulos i eit brev til fyrmuseet.
Publisert: 25.10.2022 kl 18:00
Etter to års ventetid kunne ein endeleg gå heile løypa frå Årneset, gjennom eit vakkert lyssett Elvadalen, til sentrum i årets utgåve av Øyralangs.
Publisert: 25.10.2022 kl 16:00
Folkestad/Volda 3 er kretsmeistrar i 7-ar serien for menn etter 7-3 siger mot Hjørungavåg.
Publisert: 25.10.2022 kl 15:00
Eigarane av Haslevegen 18 har søkt Volda kommune om løyve til å leggje ny tilkomst til huset sitt over eit leikeareal i nabolaget, men statsforvaltaren varsla motsegn mot planane.
Publisert: 25.10.2022 kl 13:00
– Vi hadde lange køar både laurdag og søndag. Det følast ut som heile Volda og Ørsta har vore her og kjøpt mat med oss, humrar restaurantsjef Emma Sofie Klokk Otterlei.
Publisert: 25.10.2022 kl 11:00
- Vi har nytt namn, ny logo og ein flott butikk. Vi vil opne den nye gjenbruksbutikken 5. november, seier Hermann Dahl ved Gjenbruken Volda.
Publisert: 25.10.2022 kl 09:00
Det vart ein siger og eit tap når Elitedamene til KFUM Volda Volleyball var i aksjon i helga. Volda ligg no på 4. plass i eliteserien.
Publisert: 25.10.2022 kl 07:00
Volda Handball klatrar vekk frå tabellbotn etter siger 31-29 mot Tertnes.
Publisert: 24.10.2022 kl 19:38 - Oppdatert: 25.10.2022 kl 10:13
Måndag kveld i 1930-tida starta ein Audi A6 å brenne i Volda sentrum. Det var fire personar inne i den då brannen starte.
Publisert: 24.10.2022 kl 20:00
Då Volda og Molde 2 møttest til årets siste seriekamp i Norsk Tipping-Ligaen søndag, hadde dei berre æra att å spele for. Men det tydde ikkje at laga ville gi seg utan kamp.
Publisert: 24.10.2022 kl 19:00
Denne veka har det vore Fairtrade-veke hos Spar i Volda, og torsdag fekk kundane smaksprøver og nyttig informasjon.
Publisert: 21.10.2022 kl 15:04 - Oppdatert: 24.10.2022 kl 16:24
Volda formannskap ynskjer at kommunen yter Grendahuset Vesttun eit årleg driftstilskot på 40.000 kroner i fem år frå og med 2023. Beløpet må innarbeidast i framtidige kommunale budsjett.
Publisert: 24.10.2022 kl 13:00
Torgeir Stensø tek snart til i ny stilling i Volda kommune. I framtida skal han jobbe reindyrka for å gjere Volda til ein endå trivelegare plass å bu.
Publisert: 24.10.2022 kl 11:00
Volda kommune vil nytte pengane som var att etter Hornindal Ungdomsråd til å lage i stand eit gaming-rom i Hornindal Fritidsklubb.
Publisert: 24.10.2022 kl 07:00
Volda og Ørsta kommune har lenge vore ueinige om oppgjeret etter at Bjørke og Viddal hamna innom Volda sine kommunegrenser.
Publisert: 23.10.2022 kl 20:50 - Oppdatert: 23.10.2022 kl 22:39
Like etter kl. 20 søndag vart ein mann skadd i ei trafikkulukke i Volda.
Publisert: 23.10.2022 kl 18:00
70-åringen Olav Maurset har eigentleg gått av med pensjon, men jobbar vidare som frilanslege i vikariat her og der.