Annonse
Ny humorserie tek Ørsta-livet på kornet

Longsmed på Planet Ørsta:

Ny humorserie tek Ørsta-livet på kornet

Publisert:

Brente klompar, homjoe volvoa og drys på Skjellj – det eno longsmed, det! Planet Ørsta starta med ein sketsj som tek Ørsta og rånarkulturen på kornet, men enda i eit heilt univers. Den rå og usensurerte teikneserien har teke av på YouTube og i sosiale medium, og ingen i verken Ørsta eller ...

13 har klaga på skatten

13 har klaga på skatten

Publisert:

Klagefristen på eigedomsskatten er no ute og Volda kommune har fått inn 13 klager frå Hornindal og Bjørke-området.

Vedtok reguleringsarbeid for Fv. 60

Vedtok reguleringsarbeid for Fv. 60

Publisert:

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å byrje reguleringsarbeid for Fv. 60 Røyrhus-Tomasgard så snart som mogleg.- I vedtaket seier samferdsleutvalet at fylket kan leige inn planleggingskapasitet om det ikkje er ressursar til å gjennomføre det i eigen regi.

Krev tiltak for å sikre drifta og tilbodet ved Hovden

Eit samrøystes fylkesutval:

Krev tiltak for å sikre drifta og tilbodet ved Hovden

Publisert:

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal krev at det vert gjennomført tiltak for å sikre drifta og tilbodet ved Ørsta/Volda Lufthamn. Fylkesutvalet krev statleg kjøp av ruter, og særleg aktuelt er FOT-rute til Oslo.

- Det beste med å drive butikk er alle dei kjekke kundane

Over 100 år med gullsmed i Volda:

- Det beste med å drive butikk er alle dei kjekke kundane

Publisert:

Gullsmed A.H. Vasbotn har vore i drift i tre generasjonar, og har vore gjennom mange ulike fasar. Barnebarnet til grunnleggjaren, Helga Vasbotn, har drive butikken i over 30 år, og fortel om ei spennande tid.

Må teste på nytt

Akofs Seafarer lyser opp nok ein gong:

Må teste på nytt

Publisert: - Oppdatert: 06.06.2021 kl 08:26

- Vi tenkte at vi var ferdige her på Voldsfjorden, men så blei det naudsynt å teste noko av utstyret på nytt.

Tok NM-bronse på lånt hest

Tok NM-bronse på lånt hest

Publisert:

Ørstingen Karine Vassbotn Hestholm reid i helga inn til NM-bronse i dressurriding for funksjonshemma – på lånt hest!

Feira opninga av ny dagkirurgi

Volda sjukehus:

Feira opninga av ny dagkirurgi

Publisert: - Oppdatert: 04.09.2020 kl 16:13

Den siste tida har det vore ombygging på Volda sjukehus, og no kan klinikksjef for Volda sjukehus, Palma Hånes, og adm. dir. i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, opne den nye dagkirurgien.
– Dette har stor betydning for heile sjukehuset, både for aktivitet, arbeidsmiljø og trivsel, ...

I gang med planlegginga av ny brannstasjon på Grodås

I gang med planlegginga av ny brannstasjon på Grodås

Publisert:

– Vi må finne enkle og gode løysingar i samspel med dei tilsette, for vi har ikkje akkurat eit budsjett til å «flotte» oss, sa prosjektleiar Kåre Hjelle då han orienterte byggjenemnda om planlegginga av ny brannstasjon på Grodås.

Vil kjempe for å bevare flytilbodet ved Hovden

Eit samrøystes Ørsta kommunestyre:

Vil kjempe for å bevare flytilbodet ved Hovden

Publisert:

Ørsta kommunestyre krev umiddelbare tiltak for å sikre drifta og tilbodet ved Ørsta-Volda Lufthamn. Dette er statleg kjøp av ruter, spesielt FOT-rute til Oslo, og vesentleg reduksjon i avgifter som moms, flyplassavgift og CO₂ avgift.

Avgjer namn på mediebygget torsdag

Høgskulestyret:

Avgjer namn på mediebygget torsdag

Publisert:

Det første styremøtet i høgskulestyret hausten 2020 vert halde torsdag 10. september. Namn på mediebygget er ei av sakane som skal avgjerast der.

- Det er på tide å rive av plasteret

Nedlegging av barnehage og skule i Austefjord:

- Det er på tide å rive av plasteret

Publisert:

Tenesteutvalet for oppvekst og kultur har vore med på å berge barnehagen og skulen i Austefjorden i fleire rundar, men no meiner dei det er på tide å gje bygda fred. – Det smertar, men for bygdefolket sin del så er det på tide at dei slepp fleire kampar, seier utvalsleiar Rebecca Riise ...

Utvist i to år for brot på karantenereglane

Utvist i to år for brot på karantenereglane

Publisert: - Oppdatert: 03.09.2020 kl 15:32

Politiet i Møre og Romsdal har vist ut ein utanlandsk statsborgar etter brot på karanteneforskrifta. I tilleg gav politiet innreiseforbod i to år.

Fem vil byggje ny ungdomsskule

Fem vil byggje ny ungdomsskule

Publisert:

Volda kommune har gjennomført ei pre-kvalifisering av entreprenørar til bygginga av ny ungdomsskule i sentrum, og sit no att med fem kandidatar.

– Ei rasering av næringa

Distrikts-Noreg kan miste taxitilbodet på kveldstid:

– Ei rasering av næringa

Publisert:

Frå 1. november kan kven som helst med billappen registrere seg som drosjesjåfør. Det har Stortinget vedteke. – Dette er ei rasering av næringa, og det kan gå hardt utover innbyggjarane som risikerer å stå utan tilbod om drosje på kvelds- og nattetid, seier dagleg leiar ved Herøy ...

Gler seg til å ta fatt på jobben

Kari Melle vert ny banksjef i Ørsta:

Gler seg til å ta fatt på jobben

Publisert: - Oppdatert: 02.09.2020 kl 13:05

– Dette vert veldig spennande. Eg gler meg til å bli ein del av ein lokalbank eg alltid har hatt eit godt forhold til, seier Kari Melle.

Røvarkjøp til gode formål

Røvarkjøp til gode formål

Publisert:

– Vi har vore her dei tre siste åra. Vi er glade i gamle ting og synest samstundes det er kjekt å støtte ei god sak, seier ekteparet Andrea Velle Skjeret og Henning Skjeret som var mellom dei 80 som deltok på Røde Kors sin auksjon i helga.

Endeleg ein solskinsdag for tingretten

Endeleg ein solskinsdag for tingretten

Publisert:

Endeleg kunne det vere kakefest i Volda-sola utan at det hang ei mørk sky over tingretten. – Vanlegvis er vi her for å åtvare mot den massive sentraliseringa av domstolane, men i dag kunne vi berre nyte sola og kose oss saman, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge.

Eiksundtunnelen er opna etter bilberging

Eiksundtunnelen er opna etter bilberging

Publisert: - Oppdatert: 01.09.2020 kl 16:24

Tysdag ettermiddag var Eiksundtunnelen stengt ei kort periode grunna bilberging.

Vil jobbe for framleis gode rutetilbod i distrikts-Noreg

Tverrpolitisk semje om tiltak for Ørsta/Volda lufthamn

Vil jobbe for framleis gode rutetilbod i distrikts-Noreg

Publisert:

– Vi må jobbe vidare for å sikre at vi har ein god og desentralisert lufthamnstruktur og eit framleis godt rutetilbod i distrikts-Noreg. Det er så ekstremt viktig for næringslivet og verdiskapinga i heile landet, seier Helge Orten, leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. ...

Alle hopparane landa trygt

Det vart meldt om mogleg paragliderulukke i Rotsethornet

Alle hopparane landa trygt

Publisert: - Oppdatert: 01.09.2020 kl 10:51

Måndag kveld i 20-tida vart det sett i verk ein redningsaksjon i Rotsethornet i Volda.

Dyrka mega-solsikker av fuglefrø

Dyrka mega-solsikker av fuglefrø

Publisert:

Thomas Andre Hjelle Følsvik (12) frå Straumshamn har dyrka solsikker på over tre og ein halv meter av frø frå fuglebrettet til besteforeldra.

Nytt nedleggingsforslag på bordet

Nytt nedleggingsforslag på bordet

Publisert: - Oppdatert: 31.08.2020 kl 09:30

I fjor vart barnehagen og skulen i Austefjord berga når kommunestyret brukte fondsmidlar for å halde ope eit år til. No kjem nytt nedleggingsforslag på bordet til politikarane.

- Handlar langt utanfor sitt mandat

Stiftinga Voldabadet reagerer på saksframlegg:

- Handlar langt utanfor sitt mandat

Publisert:

Stiftinga Voldabadet reagerer på fleire av momenta i sakspapira kommuneadministrasjonen legg fram for den kommunale byggenemnda i ettermiddag. - I desse sakspapira frå administrasjonen ser ein at det er kostnader og ikkje det totale biletet som kjem fram.

Meld dødsfall direkte til tingretten

Meld dødsfall direkte til tingretten

Publisert:

Pårørande skal melde dødsfall direkte til Søre Sunnmøre tingrett frå 1. september 2020.