Publisert: 30.08.2020 kl 13:00
No når kommunestyret har bestemt at det skal byggjast nytt symjeanlegg i Volda sentrum, kjem saka attende til den kommunale byggjenemnda. Dei må ta stilling til ei rekkje spørsmål, som kontraktsstrategi, element-prising, entreprenør-premiering og involvering av brukargrupper.
Publisert: 30.08.2020 kl 07:00
Linja for Kunst, design og arkitektur (KDA) ved Volda vgs. har merka seg diskusjonar i sosiale medium og Møre om samfunnshusveggen. Dei vil gjerne ta oppdraget med å måle gatekunst på veggen.
Publisert: 29.08.2020 kl 18:00
Formannskapet støtta tysdag riving av Folkestad gamle skule og avhending av skulebygget på Yksnøya. Det er elles ynskjeleg å kome til semje med grendalaga om overtaking av Hjartå, Lid og Høydal skular.
Publisert: 29.08.2020 kl 13:00
Volda kommune ønskjer å kjøpe Bratteberg barnehage for kr. 37 mill. og legge ned Sollia barnehage. Barnehageplassane og dei tilsette i Sollia vert overførte til Bratteberg.
Publisert: 29.08.2020 kl 07:00
- Sidan kommunen har medverka til merking og skilting av turstiane ved området Folkestadsætra, Galten og Kornbergveten vil ein i samråd med grendalaget på Folkestad få på plass eit varsel-om-fare-skilt ved Galten, seier planleggjar i Volda kommune, Torgeir Stensø.
Publisert: 29.08.2020 kl 07:44
Fredag kveld gjekk to personar seg fast på Rotsethornet i Volda.
Publisert: 29.08.2020 kl 07:48
Tidleg laurdag morgon rykte brannvesenet ut til ein alarm i Volda.
Publisert: 27.08.2020 kl 15:55 - Oppdatert: 31.08.2020 kl 09:48
Her er ei liste over konfirmantane i Volda kommune denne hausten. Av omsyn til smittevern vert ikkje gudstenestene opne for kyrkjelyden utover dei gjestene konfirmantane kan ha med seg til kyrkja.
Publisert: 28.08.2020 kl 18:00
Koronapandemien har gått hardt ut over reiselivsnæringa, men for Havila Hotels AS har sommaren gått overraskande bra. – Men stadige endringar og nye krav har gjort det vanskeleg å føresjå og planleggje langt fram i tid, seier reiselivsdirektør i Havila Hotels AS, Gunther Dahler.
Publisert: 28.08.2020 kl 14:00 - Oppdatert: 28.08.2020 kl 15:06
- Dette er ei viktig sak for Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi ser på flytilbodet Hovden som kritisk infrastruktur. Og noko som er heilt avgjerande for at innbyggjarane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord skal kunne ha moglegheita til å reise privat og via jobb. Vi er opptekne av å finne ei ...
Publisert: 28.08.2020 kl 09:33
Ved rutinemessig prøvetaking av alle dusjanlegg i kommunen vart det i Ørstahallen funne spor av Legionella. Dusjanlegget er stengt inntil vidare.
Publisert: 27.08.2020 kl 18:00
Volda kommune søkjer no Fylkesmannen i Møre og Romsdal om 120.000 kroner i støtte til å gjennomføre trivselstiltak for eldre.
Publisert: 27.08.2020 kl 10:30 - Oppdatert: 27.08.2020 kl 11:22
Politi og ambulanse rykker ut til Grevsnes etter ei arbeidsulukke der ein person skal vere skadd etter eit fall i steinbrotet.
Publisert: 27.08.2020 kl 11:50 - Oppdatert: 27.08.2020 kl 16:14
Volda kommune melder at dei har flytta koronatest-stasjonen til grusbana ved Volda stadion.
Publisert: 27.08.2020 kl 13:40 - Oppdatert: 27.08.2020 kl 13:48
Ørsta brannvern vart kalla ut til småbathamna på Sæbø i samband med at ein mindre fritidsbåt sank ved brygga tidlegare i dag.
Publisert: 27.08.2020 kl 13:00
Volda og Ørsta kommunar er med i eit merkeprosjekt for å samle inn data om dei lokale hjortestammane. No når hjortejakta er rett rundt hjørnet, så ber landbrukskontoret jegerane om å vere oppmerksame så dei ikkje skyt dei merka dyra.
Publisert: 27.08.2020 kl 07:00 - Oppdatert: 27.08.2020 kl 11:55
Etter at Møre trykka ein artikkel om Galten har det kome inn fleire reaksjonar. Fleire peikar tryggleiken ved utkikkspunktet, og meiner det bør sikrast eller skiltast. Ei fallulukke frå steinen kan verte fatal.
Publisert: 27.08.2020 kl 09:16
Torsdag morgon har brannvernet i Volda og Ørsta rykt ut til melding om røykutvikling frå ein bil på avkøyringa til Sørestranda på Eiksundsambandet.
Publisert: 26.08.2020 kl 17:55 - Oppdatert: 27.08.2020 kl 10:02
Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, seier at ut frå dei opplysningane dei har, så har ikkje den koronasmitta studenten vore med på fadderveka eller teke del i undervisning.
Publisert: 26.08.2020 kl 15:45 - Oppdatert: 26.08.2020 kl 16:25
Ein student ved Høgskulen i Volda har fått stadfesta Covid-19 smitte.
Publisert: 26.08.2020 kl 18:00
Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget hadde planlagt ein tur til Volda i vår, som vart avlyst på grunn av korona. No ser dei seg nøydd til å avlyse igjen.
Publisert: 26.08.2020 kl 14:34
Politiet har skrive ut seks parkeringsbøter i området kring høgskulen.
Publisert: 26.08.2020 kl 10:21
Vanylven kommune opplyser at to personar som nyleg har kome til Vanylven har fått påvist Covid-19.
Publisert: 26.08.2020 kl 07:00
Tettare samarbeid mellom kommunane Volda og Ørsta vert vurdert som naudsynt for samfunns- og tenesteutvikling i dei to kommunane. Kommunedirektørane har i samarbeid utarbeidd eit felles notat som skisserer prosess for å utvikle samarbeidet. Saka vert lagt fram for kommunestyra.
Publisert: 25.08.2020 kl 18:00
– Vi ligg her som eit juletre med full belysning og testar utstyr både natt og dag, seier skipper på Akofs Seafarer, Lars Haldor Sætre.