Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 29.05.2019 kl 11:00
Heile 58 utstillarar fylte gatene i Volda sentrum laurdag. Arrangørane var organisasjonen «Trivsel i sentrum». Alle som ville kunne melde seg på, noko som førte til stor variasjon på det som var selt. Ein kunne kjøpe seg alt frå fuglar, antikvitetar, klede, bøker, kunst, mat og verktøy.
Publisert: 28.05.2019 kl 16:45 - Oppdatert: 28.05.2019 kl 16:52
Feire nysgjerrige forbipasserande stansa opp ved filmområdet på Sæbø tysdag, og både ein Hollywood-kjekkas og Marvel-stjerna, Scarlett Johansson skal ha blitt observert.
Publisert: 28.05.2019 kl 14:10
God Morgen Norge har planar om å reise til Sæbø i morgon for å ha livesending frå filminnspelinga.
Publisert: 28.05.2019 kl 10:35 - Oppdatert: 28.05.2019 kl 10:59
Måndag ettermiddag, i 18-tida, la "Bluefort" til kai ved Ørstaterminalen. Båten skal huse eit stort filmcrew dei komande dagane.
Publisert: 28.05.2019 kl 07:00
Ein av elevane i arbeidsveka til Volda ungdomsskule hadde ein jobb som var spesiell. Magnus Lindner valte å ha arbeidsveka si i Sveits på radio og TV.
Publisert: 27.05.2019 kl 21:00
Oslo Nye Teater har sett opp førestillinga Karius og Baktus. Det som er litt spesielt er at Karius og Baktus er spelt av to ørstingar.
Publisert: 27.05.2019 kl 07:00
Frå 1. juli vert Stiftinga Sunnmøre Museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal slått saman til «Musea på Sunnmøre» – eit konsolidert regionsmuseum for Sunnmøre. Det er ynskjeleg at kommunane bidreg meir med driftsmidlar, og at det vert lagt til rette for frivillig...
Publisert: 26.05.2019 kl 11:30
I fem år har Hjellbakkane barnehage hatt faste uteveker, der dei flyttar heile barnehagen ut i skogen, omringa av vill natur, fuglekvitter og fullstendig ro. Denne veka og neste veke har barnehagen teke base ved Skinnstøylen.
Publisert: 25.05.2019 kl 07:00
Kreftpoliklinikken ved Volda sjukehus har hatt ei enorm utvikling. Dei dyktige tilsette behandlar fem gongar så mange i dag samanlikna med for 20 år sidan, og langt fleire overlev kreften.
Publisert: 24.05.2019 kl 18:00
Haakon Haakonson-skipet, bygd av Jacob Helset frå Bjørkedalen, har segla land og strand, blitt nytta til stemner og til guida turar, vore i ungdomsfengsel og blitt brukt i filmar – deriblant NRK-serien «Vikingane».
Publisert: 24.05.2019 kl 15:30 - Oppdatert: 24.05.2019 kl 17:00
Politiet har funne konkrete stadar der dei skal søke etter sakna Maja Herner (25) i sommar. Det dreier seg om seks-sju plassar utifrå bildematerialet, områder det ikkje har vore mogleg å søke ved tidlegare.
Publisert: 24.05.2019 kl 10:00
I veke 20 og 21 har 9.-klassingane i Volda arbeidsveke. Møre har intervjua fem elevar i arbeidsveka for å finne ut korleis dei har hatt det i arbeidslivet. Elevane har valt yrke som hjelpepleiarar, kokk og elektrikar.
Publisert: 24.05.2019 kl 07:00
Samanslåinga mellom Volda og Hornindal er den einaste samanslåinga som både kryssar fylkesgrenser og helseføretak – noko som byr på ein del utfordringar. Kommunane får ros frå Kommunal- og moderniseringsminister, Monica Mæland (H) for prosessen.
Publisert: 23.05.2019 kl 07:00
VTI Syymjegruppa har hyra inn VCA-arkitekt Stefan Ekberg for å arbeide fram eit skisseprosjekt med kostnadskalkyle til formannskapet sitt møte 27. august. Kostnaden på kroner 320.000 vert i fyrste omgang dekka av symjegruppa, sponsorar og lokale bidrag.
Publisert: 22.05.2019 kl 07:00
Laurdag 25. mai er det storbandstreff i Volda. Dagen startar med uhøgtideleg gateparade gjennom sentrum – der alle kan bli med å lage musikk!
Publisert: 21.05.2019 kl 20:00 - Oppdatert: 21.05.2019 kl 21:35
Vakker solnedgang
Publisert: 21.05.2019 kl 07:00
Ose AS har, på vegner av Tussa Energi AS, utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for Åsegotene næringsområde i Åmdalen. I det gamle Haugen-bygget er det planar om å etablere arbeidshotell.
Publisert: 16.05.2019 kl 18:00
Jorunn Roksvåg vaks opp på nabogarden til Olina Vassbotn Drabløs i Volda. Ho var til stor inspirasjon for Jorunn som sidan 1973 har brodert Søre- Sunnmøre- bunadar.
Publisert: 20.05.2019 kl 07:00
For første gong vert det etablert ei felles journalføring for helsetenesta i Noreg. Epic Systems Corporations er eit internasjonalt system, som Midt-Noreg og Ørsta no skal vere ein del av.
Publisert: 19.05.2019 kl 07:00
Hesteinteresser i Ørsta får byggje nytt hestesportsanlegg på Mosflata. Kommunen løyver ein million kroner for klargjering av arealet.
Publisert: 18.05.2019 kl 07:00
Frå 1. juli vert Stiftinga Sunnmøre Museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre Romsdal slått saman til «Musea på Sunnmøre» – eit konsolidert regionsmuseum for Sunnmøre. – Eg er redd det vert for stor avstand frå Brudavolltunet til administrerande direktør i Ålesund,...
Publisert: 16.05.2019 kl 20:00
Tradisjonen tru vert det tre omgangar med salutt på Nasjonaldagen. Jørn Egge har vore fast skytebas i Volda i heile 32 år.
Publisert: 16.05.2019 kl 11:08
No har Volda Hornmusikk funne nokon som kan bere fana deira i 17. maitoget.
Publisert: 16.05.2019 kl 07:00
– Med tanke på at vi spelar på Noreg si suverent dårlegaste fotballbane, er Volda klare favorittar, seier Ørsta-trenar Vegard Heltne framfor dagens lokaloppgjer i 4. divisjon.
Publisert: 15.05.2019 kl 07:00
Gunnar Knutsen (V) i Ørsta kommunestyre har ei klar oppmoding til innbyggjarane: - Ikkje kjøp heliumsballongar. Ein må ikkje kjøpe søppel, sjølv ikkje på 17. mai.