Publisert: 28.03.2019 kl 10:00
Tysdag var det kransefest for Heltne II, for no er bygget tett og prosjektet er i rute. – Den nye studentheimen vert ein attraksjon for studiestaden Volda, seier prorektor ved Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven.
Publisert: 27.03.2019 kl 10:35 - Oppdatert: 27.03.2019 kl 10:38
Fyrste byggjesteg for Heltne II er kome godt i gong, med 120 nye hyblar. No har Regjeringa gjeve tilskot til bygging av 74 nye studentbustadar i byggjesteg to.
Publisert: 26.03.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 26.03.2019 kl 08:12
Det var nervepirrande stemning i Voldahallen, då 1. divisjons damelaget til KFUM Volda volleyball spelte mot TIF Viking 2 i helga. Det låg føre til å verte tap for Volda, men så snudde det drastisk – og Volda gjekk sigrande ut av kampen.
Publisert: 25.03.2019 kl 07:00
Ørsta formannskap er positive til eit kollektivprosjekt som framlagt for betra og meir tilpassa kollektivtilbod i området.
Publisert: 24.03.2019 kl 17:00
Formannskapet i Volda har avgjort at det berre er statsflagget som skal vaie frå flaggstonga ved rådhuset. Dermed seier dei nei til at Bygdepride får heise regnbogeflagget ved rådhuset, men dei stiller dei kommunale flaggstengene i Hamnegata til disposisjon etter søknad.
Publisert: 22.03.2019 kl 15:10 - Oppdatert: 22.03.2019 kl 15:15
Fleire hundre skuleelvar deltok i skulestreik for klimaet i Uppheimsparken fredag. – Vi vil ha endring, no må politikarane vakne!
Publisert: 21.03.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 21.03.2019 kl 10:55
Ørsta Formannskap har gått samrøystes inn for eit samarbeidsprosjekt om skulebygging i Ørsta. – Vi har stor tru på å få til samarbeidet, seier bygg- og eigedomssjef i fylkeskommunen, Per Olaf Skuseth Brækkan. Saka skal handsamast i fylkestinget 8. april.
Publisert: 20.03.2019 kl 07:00
Sidan november har gåvmilde voldingar samla inn pengar til eit astronomisk fargekamera ved Kometland. No har kameraet kome, og Knut B. Aarseth takkar varmt for alle bidrag.
Publisert: 19.03.2019 kl 13:00
Møre og Romsdal fylkeskommune ser på moglegheita for å utarbeide eit felles konsept for alle skulane i Ørsta: VGS, Sæbø og Velle. Saka skal opp i fylkesutvalet 26. mars og fylkestinget 8. april.
Publisert: 18.03.2019 kl 07:00
Digernes Grendalag har vore i møte med Ørsta kommune der temaet var tilbakestilling av Klubben. I møtet kom det fram at Aurstad ikkje har midlar til å rydde opp, men at dei vil utvide massetaket – for å avslutte det. Dette går ikkje grendalaget med på.
Publisert: 17.03.2019 kl 13:00
Etter synfaring ved Ørsta VGS, er fylkespolitikarane frå Høgre samde om at ny vidaregåande skule må prioriterast snarast råd. Saka skal opp i fylkestinget 8. april.
Publisert: 15.03.2019 kl 10:20 - Oppdatert: 15.03.2019 kl 13:26
I formiddag utfører politiet kontroll i Engesetvegen, der det er fokus på beltebruk, sikring av born i bil og mobilbruk. Til no har politiet stoppa åtte bilar for manglande bruk av belte.
Publisert: 15.03.2019 kl 07:00
Anne Grethe Schjelderup har vore butikksjef ved Janus Volda i fem år. – Tida har gått utruleg fort. Eg stortrivst med kjekke kundar og gode medarbeidarar, smiler ho.
Publisert: 14.03.2019 kl 07:00
Elevar og tilsette ser fram til å ta i bruk den nye skulen hausten 2019. – Den nye skulen vert kjempebra. Vi får ein skule som er bygd for framtida, og som vi kan vekse i.
Publisert: 13.03.2019 kl 07:00
Sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett, Elisabeth Wiik, meiner DA si motvilje til å finne nye lokale er ei forskotering av nedlegging.
– Dette er det mest kritiske vi har opplevd, seier ho om brevet der DA stadfestar at dei har sett nye lokale på vent.
Publisert: 12.03.2019 kl 07:00
Fylkeskommunen ser på moglegheita for å dele opp Hjørundfjorden i to samband, med to ferjer. – For å få til dette, må vi ha godkjenning frå kommunaldepartementet. Vi har sendt søknad, og så langt har vi fått positive tilbakemeldingar.
Publisert: 11.03.2019 kl 07:00
Ragnhild og Ståle Høydal har vore aktivitetsvennar for personar med demens ved Volda omsorgssenter i eitt år. No skal kommunen i gong med nytt aktivitetsvennkurs, og paret anbefaler alle å melde seg på.
Publisert: 10.03.2019 kl 07:00
Brua som bind Bratteberg til Røyslida/Heltne vert mest sannsynleg fjerna på måndag. – Brua er øydelagt av rote og ikkje forsvarleg å nytte lenger, seier Malvin Kile i Volda kommune.
Publisert: 09.03.2019 kl 13:00
Om to år fyller dei eldste bygga ved Ørsta VGS heile 75 år. Det er på høg tid med ny skule, og fylkesordførarkandidat Kristin Sørheim (Sp) lovar å ta saka opp til ny handsaming i fylkestinget 8. april.
Publisert: 08.03.2019 kl 20:35 - Oppdatert: 08.03.2019 kl 20:40
Voldingen Nora Aurdal gjekk vidare under kveldens The Voice-konkurranse.
Publisert: 07.03.2019 kl 14:15 - Oppdatert: 08.03.2019 kl 20:15
Voldingen Nora er aktuell som deltakar i The Voice. Ho har gått gradene frå kor og ballettskule, via Grand Prix på Volda ungdomskule, Ungdomens Kulturmønstring og no går ho på Tonheim folkehøgskule. Draumen er å bli musikalartist.
Publisert: 08.03.2019 kl 07:00 - Oppdatert: 08.03.2019 kl 14:45
Onsdag 13. mars har russen innsamling til «Krafttak mot kreft», kreftforeininga sin årlege innsamlingsaksjon. – Vi håpar folk vil ta godt i mot oss når vi kjem rundt med bøssene, seier Julie Kolnes.
Publisert: 07.03.2019 kl 07:00
7.000 pasientar frå 72 kommunar er ramma av medisinmangel, deriblant pasientar frå Volda, Ørsta, Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven.
Publisert: 06.03.2019 kl 07:00
Utslepp av gummigranulat frå fotballbaner er eit stort miljøproblem, men VTI Fotball fortel at dei tek problemet på alvor. – Vi er i dialog med fleire aktørar om tiltak som skal hindre at gummigranulat kjem på avvege.
Publisert: 05.03.2019 kl 07:00
Volda pensjonistlag har bidrege med 25.000 kroner til ny beintettleiksmaskin, ekstrautstyr og opplæring. – Jo fleire funksjonar sjukehuset har, jo sterkare står vi.