Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 31.10.2018 kl 07:00
I 2016 vart Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere (NFUK) avdeling Nordvest danna. Denne vert styrt frå Volda. Laurdag opna dei haustutstilling i Ørsta kunsthus.
Publisert: 29.10.2018 kl 07:00
J05 har hatt eit fantastisk fotballår, som vinnarar av Lerum Cup og Hessa Cup, og den største bragda: kretsmeistrar med null tap.
Publisert: 28.10.2018 kl 07:00
Ørsta kommune ynskjer å samlokalisere helsestasjonen i Ørsta og heimebasert omsorg i det gamle legesenterkontoret, Dalevegen 24. Men bygget må renoverast og kommunen må løyve heile 22,9 millionar kroner til dette arbeidet.
Publisert: 27.10.2018 kl 07:00
I år er det ti år sidan Volda og Ørsta vart Fairtrade-kommunar. Det vart markert med jubileumsfest på Ivar Aasen-tunet onsdag med besøk frå ordførarane og Fairtrade Norge, talar og flott underhaldning.
Publisert: 26.10.2018 kl 18:00 - Oppdatert: 28.11.2018 kl 13:52
Trondheimsbandet Valerio & his Intentions avslutta sin fyrste turné med intimkonsert på Det Grøne Treet. Det ferske bandet har planar om å gje ut ein EP, og håpar på ny konsert i Volda.
Publisert: 26.10.2018 kl 15:42
Vartdal Helsetun vart heldige vinnarar av Plantasjen si konkurranse, og fekk velje ut plantar til ein verdi av 10.000 kroner. – Vi har lenge ynskja oss plantar og blomar ved det nye uteområdet vårt, så dette var midt i blinken, seier ein takksam einingsleiar, Kirsti Hånes Vartdal.
Publisert: 26.10.2018 kl 07:00
Anwar Salam kom til Noreg som flyktning frå Irak for tre år sidan. På kort tid har han etablert seg som gründer i Volda, med bilpleie i Holtegården.
Publisert: 25.10.2018 kl 07:00
– Dagens legevakt er bakoverlent og passar ikkje til framtida. Vi ynskjer no eit prinsippvedtak om at Volda og Ørsta samarbeider om felles legevakt, og at legevaktsentralen vert lagt til ambulansestasjonen i Furene/Hovdebygda.
Publisert: 24.10.2018 kl 07:00
H I Giørtz sønner AS ynskjer å kjøpe opp marka ved Kiwibygget i Ørsta, ei kommunal tomt. Ørsta kommune er positive til eit sal.
Publisert: 22.10.2018 kl 07:00
Frå 2019 kjem Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) til å starte innsamling av matavfall/våtorganisk avfall frå eigen behaldar kvar fjortande dag.
Publisert: 21.10.2018 kl 15:00
Etter den store flaumen på Skjåk, har brannvesen frå Ørsta, Herøy og Stranda blitt tilkalla for å hjelpe til med opprydding.
Publisert: 21.10.2018 kl 07:00
Grunna sprengt kapasitet på dei to skulane Velle og Vikemarka i Ørsta, foreslår kommunen at 7. klassene får undervising i Ørstahallen. FAU meiner bygging av sentrumsskule må få høgare prioritet framover, slik ein unngår at dette vert ei langvarig løysing.
Publisert: 19.10.2018 kl 07:00 - Oppdatert: 19.10.2018 kl 10:43
Onsdag opna Løvland – spiseri og pub dørene til sitt nye lokale etter å ha helde stengt i over to månadar, og mange svoltne hønndølingar tok turen.
Publisert: 18.10.2018 kl 07:00
No er parkeringsplassen ved Volda skisenter asfaltert. Det betyr mange nye moglegheiter for området, både sommar og vinter.
Publisert: 04.10.2018 kl 07:00 - Oppdatert: 04.10.2018 kl 13:48
I helga vart det arrangert storturnering i Voldahallen med fleire norske eliteserielag i volleyball. - Finalen vart ei batalje av ein kamp, og aldri før i norsk volleyhistorie har eit sett vart så lenge!
Publisert: 03.10.2018 kl 09:32
Hans og Reidun Høydalsvik stengjer dørene til lampeforretninga, Elbo Elektriske AS. Etter 47 år med elektrobutikk er dei som ein institusjon i lokalmiljøet å rekne. – No ser vi fram til å verte pensjonistar og endeleg kunne ha fri saman.
Publisert: 02.10.2018 kl 07:00 - Oppdatert: 02.10.2018 kl 13:26
Hovden & Vatne Statsautoriserte Revisorar AS melder at statsautorisert revisor Arvid Hovden vil gå av med pensjon og slutta som oppdragsansvarleg revisor frå 1. oktober.
Publisert: 01.10.2018 kl 07:00
Astrid Simonnes hadde eit litt annleis bryllaup førre laurdag. Ho vart nemleg både ført til alters og vigsla av faren sin Asbjørn Simonnes.
Publisert: 30.09.2018 kl 13:00
Kvar veke får elevane ved Øyra skule bryne seg på sjakk i langfriminuttet. – Dette har gått over all forventing. Sjakk har vist seg å vere veldig populært, og elevane elskar det!
Publisert: 30.09.2018 kl 07:00 - Oppdatert: 30.09.2018 kl 10:58
700 elevar frå heile Søre Sunnmøre har denne veka delteke på karrieredagane i Volda, for å lære meir om kva dei fire vidaregåande skulane i regionen kan tilby.
Publisert: 28.09.2018 kl 18:00
Ståle Ervik deltok nyleg i den raskaste klassa på Drag Finals ved Gardermoen Raceway. Til neste år satsar voldingen på fleire løp både i NM og i European Drag Racing Series (EDRS).
Publisert: 27.09.2018 kl 16:04 - Oppdatert: 27.09.2018 kl 16:05
Outlet Shop Volda vil vere ei motvekt til den veksande netthandelen. Fyrste veka i oktober startar butikken opp i to ledige lokale på Spinneriet.
Publisert: 25.09.2018 kl 07:00
Kommunane på Søre er i gong med ein ny kommuneplan for klima og energi. Ørsta vil leggje vekt på kollektivtilbodet, plast i sjøen, redusering av emballasje, forsøpling langs vegane, bosbøtter og toalett for reisande.
Publisert: 24.09.2018 kl 07:00
Fleire har søkt om tiltak til attraksjonar og aktivitetar i Hjørundfjorden etter at fjorden fekk status som utvald kulturlandskap. Mellom anna Hjørundfjord sogelag som vil opprette eit dokumentasjonssenter for skred- og fonnulykker.
Publisert: 23.09.2018 kl 13:00
I pøsregnet onsdag skapte Mathias Kalvatsvik allsong og varme på omsorgssenteret.