Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 29.11.2018 kl 07:00
Ørsta Formannskap gjekk tysdag inn for tilrådinga frå rådmannen, og sa nei til ein felles samferdslepakke med Volda for E39 Voldatunnelen, på noverande vilkår. Berre Paul Kristian Hovden (KrF) var usamd. – Vi risikerer at Voldatunnelen ikkje vert bygd, og at vi må leve med konsekvensane i...
Publisert: 27.11.2018 kl 16:36 - Oppdatert: 27.11.2018 kl 16:45
Tysdag orienterte politiet og Ørsta Rødekors i Ørsta Formannskap om status for leiteaksjonen etter sakna Maja Justyna Herner. Redningsaksjonen er avslutta, men leiteaksjonen og etterforskinga held fram for fullt.
Publisert: 26.11.2018 kl 16:06 - Oppdatert: 26.11.2018 kl 16:14
Politihelikopteret leverte søndag ettermiddag over 2600 RAW-foto til støtte for etterretning og dei vidare punktsøka som skal gjennomførast. Politiet i Ålesund går no gjennom fotoa, ein omfattande og krevjande prosess.
Publisert: 25.11.2018 kl 07:00
13. desember vert Voldatunnel-saka handsama i Ørsta kommunestyre. Administrasjonen i Ørsta rår til at kommunen trekk seg ut samferdslepakken, og tek initiativ til ein eigen bompengesøknad.
Publisert: 23.11.2018 kl 13:00
Fleire har allereie sikra seg julemiddagen hjå Johs Jacobsen i Volda. I fjor selde kjøtbedrifta meir julemat enn nokon gong, med ein vekst på 30 prosent. – Det er litt tidleg å seie enda, men førebels ser salet ut til å verte like bra i år, seier dagleg leiar, Stig Jacobsen.
Publisert: 21.11.2018 kl 07:00
I 2017 var Møre og Romsdal i landstoppen om å disponere dyrka og dyrkbar jord til andre formål enn landbruk. – Matjord er ein viktig og knapp ressurs som vi treng for å produsere mat til ei aukande befolkning. Dette må vi ta ansvar for.
Publisert: 20.11.2018 kl 07:00
Tommy Riise Olsen, med fleire, vil byggje ein fjordsauna med utplassering i Rotevatnet eller Flyndra. Kommunen er positive til tiltaket, men foreslår å leggje saunaen til Andaneset.
Publisert: 19.11.2018 kl 07:00
PE Bjørdal er i vekst og satsar stort, både lokalt og internasjonalt. I løpet av dei siste åra har dei gjort fleire utvidingar, men har framleis behov for meir plass og fleire tilsette for å møte den veksande marknaden.
Publisert: 18.11.2018 kl 07:00
Arctic Nutrition lagar «gull av havets sølv». Ved hjelp av silderogn har dei utvikla eit naturleg kosttilskot, Romega, samt eit produkt som dei jobbar for å få godkjend som legemiddel.
Publisert: 16.11.2018 kl 13:13
13. desember 2017 vedtok fylkestinget å auke prisane for ferjesambanda Volda-Lauvstad og Årvik-Koparnes. Saka skapte sterke kjensler for innbyggjarar på vestsida av Voldsfjorden, og tysdag kveld fekk dei klare svar frå politikarane, nesten eitt år etter at vedtaket vart fatta.
Publisert: 16.11.2018 kl 07:00
Saueeigarar som har sauer på sommarbeite i området Lisje-Standal, Molladalen, Barstadvika og i Romedalen vil ha utvida bandtvang for hundar.
Publisert: 15.11.2018 kl 07:00
No er heile konsernet samla i Hovdebygda. Tussa-24 flytte inn før sommaren, og Tussa Energi kom på plass i månadsskiftet november. – Å vere samla på eitt plan gjev store fordelar. Arbeidet vert meir dynamisk, effektivt og slagkraftig.
Publisert: 14.11.2018 kl 09:02
Volda kulturskule har 300 elevar. Eit utval av desse fekk vist seg fram på 12-konserten laurdag. Alle leverte gjennomarbeidd stoff som dei gledde publikum med.
Publisert: 13.11.2018 kl 07:00
Ei mor har kontakta Møre for å gje ros til mattilbodet ved FFO i Volda. – Dei serverer god og variert varmmat og sonen min er storfornøgd, seier Cecilie Vartdal Almestad.
Publisert: 12.11.2018 kl 07:00
Volda Røde Kors sin julekalender er lokaltradisjon, og i desse dagar byrjar salet. – Nytt av året er auke i prisen, men samstundes er det auka vinnarsjansar, seier Audun Kr. Høidal.
Publisert: 11.11.2018 kl 07:00
Ulstein Arena van Statens pris for byggkvalitet. Voldafirmaet Per Mulvik AS har vore med som uavhengig kontrollør på prosjektet.
Publisert: 10.11.2018 kl 07:00
Denne veka har kunstnarane Hilde Franzen og Anna Christina Lorenzen gjennomført eit kunstprosjekt i Ørsta. Laurdag kan ein sjå dei i ein aksjon ein siste gong i Vikegata, før dei reiser vidare på nye oppdrag.
Publisert: 09.11.2018 kl 09:11
– «Éin svale gjer ingen sommar». Ved å spele på lag med fylket og vegvesenet har vi fått ein flott og moderne bussterminal som vi kan vere stolte av, sa ordførar Stein Aam, då han klipte snora og opna den nye busshaldeplassen.
Publisert: 08.11.2018 kl 07:00
VTI Symjegruppa har teke initiativ og laga skisser til eit nytt badeanlegg i Volda – «Voldabadet». – No må vi samarbeide om å lande dette prosjektet. Det er heilt naudsynt med ein symjehall i kommunen, og det hastar!
Publisert: 07.11.2018 kl 18:00
Brørne Ivar og Johan Olaisen har donert kunst dei har samla i over 40 år til Volda og Ørsta kunstlag. Dei kjende grafiske verka vert stilt ut for sal og auksjon på Spinneriet i ei veke, og inntektene av salet er øyremerka til Olav Strømme- galleriet.
Publisert: 06.11.2018 kl 07:00
Over sju prosent av jentene på ungdomsskulen i Ørsta fortel at dei vert mobba. No etterlyser politikarane mobbeknappen som skal gjere det enklare å varsle om mobbing.
Publisert: 04.11.2018 kl 07:00
Ørsta kommune vil samlokalisere helsestasjon og heimebasert omsorg i det gamle legesenteret i Ørsta. Politikarane har kome med innspel til fleire tenester i bygget, og no er saka utsett til budsjettmøtet 13. desember.
Publisert: 03.11.2018 kl 07:00
Dan Helge Bjørneset (H) har vore ein forkjempar for å reversere skiltplanen i sentrum, og peikar no på fleire kritiske punkt som kommunen bør ta tak i.
Publisert: 02.11.2018 kl 12:50
Berre ein tredjedel av kommunestyret i Ørsta var til stades på kveldsmøtet med K. A. Aurstad. Dagen etter vart Klubben-saka trekt. Dette har skapa spekulasjonar, og i kommunestyret torsdag vart det teke eit oppgjer om møtet og etiske retningslinjer for politikarane.
Publisert: 01.11.2018 kl 07:00
Ørsta kommune må løyve 22,9 millionar kroner ekstra for å renovere det gamle legekontoret i Ørsta. – Vi bør byggje eit nytt og tenleg bygg etter dagens standard, meiner Kolås.