Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 29.01.2016 kl 14:40
Sivert Heltne Nilsen kan sjå tilbake på to innhaldsrike år, i to norske storklubbar, i to ulike divisjonar. No er han igjen klar for eliteserien med Brann, og takkar mellom anna moderklubben Volda for suksessen.
Publisert: 22.01.2016 kl 13:39 - Oppdatert: 22.01.2016 kl 13:43
Dei «gule englane», det vil seie ambulansearbeidarane ved Volda sjukehus, har ein svært viktig jobb. Den kan vere utfordrande og tøff, men kjennast veldig meiningsfull.
Publisert: 15.01.2016 kl 15:19 - Oppdatert: 15.01.2016 kl 15:19
Frå gardsdrift på Humberset, til industrisamfunn i Volda. Frå verktøy og kjerrer, til bilar og boremaskiner. Smia frå Humberset har opplevd flytting i både tid og stad, og over 100 år etter at den vart bygd, står den framleis, midt i Volda Sentrum.
Publisert: 08.01.2016 kl 09:06 - Oppdatert: 08.01.2016 kl 09:09
I 2015 sin siste månad signerte Martin Ove Roset (17) proffkontrakt med Molde Fotballklubb, og håpar på å få sjansen på A-laget til våren. Viljen til å nå sine mål, har alltid vore til stades. – Eg har alltid hatt ein indre driv for å nå dei måla eg har, seier det unge...
Publisert: 29.12.2015 kl 11:04
Mange av ferjene som har gått av med pensjon i Noreg, lever i dag vidare i tropiske farvatn i Karibia.
Publisert: 22.12.2015 kl 10:39
Voldakvinna Gerd-Mette flytta heimanfrå i 1990. For nokre veker sidan vart ho VM meistar i rafting, i Indonesia. No er neste mål VM i Japan i 2017.
Publisert: 22.12.2015 kl 11:36
Oddbjørn Røys byrja på Volda Filmteater på 60-talet, har vore sentral der sidan 70-talet og har jobba som kinosjef i snart 30 år. 1. mars er det slutt, og den komande pensjonisten gruar seg litt til å avslutte karriæra.
Publisert: 29.12.2015 kl 10:35 - Oppdatert: 29.12.2015 kl 10:37
Opplysningskontoret for blomster og planter (OBP) gir deg tre tips til å pynte nyttårsbordet.
Publisert: 11.12.2015 kl 17:14
Ragnar Myklebust frå Vartdal har drive med bil i ein mannsalder. I godt vaksen alder byrja han med restaurering av bilar, som eit lærlingprosjekt for Bil og Gummiservice, kor han jobbar. Det har resultert i ei samling på 19 bilar veteranbilar.
Publisert: 04.12.2015 kl 09:55
Har du vakse opp på Sunnmøre blir du automatisk litt forelska i den vakre naturen som er her. Flyttar du og får heimlengsel, ja då er det godt å ha eit foto frå dei majestetiske fjella heime, på veggen. Oddbjørn Flø har i alle fall selt mange foto til heimlengtarar.
Publisert: 27.11.2015 kl 14:14 - Oppdatert: 27.11.2015 kl 14:14
Hildegunn Bondhus og mannen hennar flytta nyleg frå Ørsta sentrum til Åmdalen. Her har dei funne seg ei perle som passar perfekt både for dei sjølve og hundane. Hildegunn driv oppdrett av rasen Lagotto.
Publisert: 22.11.2015 kl 07:00
Det var godt med folk i kantina på Volda Omsorgssenter onsdag, då Hamna Dagsenter for eldre og funksjonshemma, arrangerte myldredag.
Publisert: 19.11.2015 kl 14:24 - Oppdatert: 19.11.2015 kl 14:24
Olav Harald Hovdenakk starta opp mekanisk verksemd i reiskapshuset heime i Åmdalen. No gir bedrifta arbeid til far, son og svigerson. Dei har nettopp flytta inn i nye lokale som er fire gongar så store som dei var under oppstarten.
Publisert: 19.11.2015 kl 07:00
Som firma har A.Våge over 60 års fartstid. Men som spesialistar innan betongkaier, har dei noko kortare fartstid. – Omstilling har vi alltid vore flinke på, seier dagleg leiar Askjell Våge.
Publisert: 13.11.2015 kl 15:27
Kåre Snipsøyr vart rådd til å ikkje ta medievegen av skulen. "Kvifor ikkje bli ingeniør i staden?" sa dei. No er Kåre veldig glad for at han ikkje høyrde på dei. For i dag meiner han at han får vere med og lage Noregs beste morgonshow i lag med Noregs beste programleiarar.
Publisert: 06.11.2015 kl 16:25
I ti år leverte han karikaturteikningar til lokalavisa, og set igjen med over 400. No vert eit utval gjeve ut i bokformat. – Dette har mange spurt etter, seier teiknaren.
Publisert: 17.11.2015 kl 11:23
Midt i mørkaste november dukkar dei opp. Herlege, ferske og fargesprakande tulipanar rett frå gartneriet. Raude, gule, oransje, lilla, rosa, kvite – lat tulipanane lyse opp ein elles så mørk og fargelaus november, oppfordrar planterådgivar Tonje Bergh ved Plantmania.
Publisert: 30.10.2015 kl 10:03
Tore Mork og sambuaren Marita Dalebø har over 400.000 bier som, til trass for ein kald sommar, har produsert over 200 kilo honning.
Publisert: 19.10.2015 kl 11:45
Amalie Lien Nordstrand frå Folkestad er ein av tre kokkar som fekk karakteren Meget Godt på fagprøva. Det er fyrste gong lærlingar frå Hurtigruta har fått høgste karakteren på ti år.
Publisert: 07.10.2015 kl 11:09 - Oppdatert: 07.10.2015 kl 11:14
-Det er ikkje ein hobby, det er ein livsstil. Slik forklarer Astri Vikestrand det som driv dei frivillige i organisasjonen Norske Redningshundar.
Publisert: 05.10.2015 kl 10:33 - Oppdatert: 05.10.2015 kl 11:06
Anders Finnøy (snart 91) kunne allereie i august notere sin åttiande tur på Saudehornet, og han har ei imponerande liste over nyleg gjennomførte fjellturar.
Publisert: 02.10.2015 kl 16:08 - Oppdatert: 02.10.2015 kl 16:48
Barn som har mobil, vert yngre og yngre. –Snittalderen er på 8 år, seier høgskulelektor Marianne Hagelia. Ho seier barn treng å lære, også i den digitale verda.
Publisert: 02.10.2015 kl 13:05
- Eg er takksam og glad for alt eg har fått vere med på. Det har vore ei fantastisk reise, seier avtroppande ordførar Arild Iversen.
Publisert: 24.09.2015 kl 11:26
Noko som har vorte eit fast innslag i Hjellbakkane barnehage, er utevekene. Dette har dei tre gongar i året, under ulike årstider. Fredag fekk dei også storfint besøk frå Askeladden Friteater under uteveka si.
Publisert: 25.09.2015 kl 08:58 - Oppdatert: 28.09.2015 kl 09:43
Ingeborg Rørvik Lejon og Tord Lejon har rehabilitert eit gammalt hus. Dei har teke vare på nokre gamle element og lagt til nye. Huset ligg øvst på Klepp i Volda.