Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 25.09.2015 kl 09:33
– Vi ville ha eit lettvint hus på ei flat tomt. Det fann vi her på Egset. Det staselege huset med søyler og fjordutsikt flytta Signe Moldskred og Olav Arne Mo og familien inn i for to år sidan.
Publisert: 23.09.2015 kl 15:48 - Oppdatert: 23.09.2015 kl 15:58
I ein vel ti minutt lang film om å lese multiple tekstar, er elevane i 10A ved Volda ungdomsskule dei store stjernene. I ulike tekstar som handlar om ulven sin rett til å leve, skaper dei ein undervisingssituasjon som skal vise lærarar over heile landet korleis ein kan arbeide med medietekstar i...
Publisert: 02.10.2015 kl 13:18
Når dagane blir gråare og våtare tek vi vare på kvar solstråle som treff oss. Ta med sola inn, i varmt gule Krysantemum, Begonia og Hibiscus!
Publisert: 18.09.2015 kl 15:01 - Oppdatert: 18.09.2015 kl 15:28
Fredag var det sushiworkshop ved Ørsta ungdomsskule. Sjølv om elevane ikkje var like begeistra då dei laga det, var det fleire som fekk seg ei positiv oppleving då dei fekk smake på sushi for første gong.
Publisert: 14.09.2015 kl 09:38
- Vi synest det bør skje noko på Sæbø heile året, seier Erlend Walseth. Han og sju andre unge foreldre har starta filmklubb på bedehuset i turistbygda Sæbø.
Publisert: 08.09.2015 kl 09:51
I helga vart det arrangert kretsmeisterskap i dressurriding både i Florø og i Bergen. Ein volding og to ørstingar hevda seg heilt i toppen.
Publisert: 07.09.2015 kl 13:30
- Dette er staden for dei gode samtalene, seier Siril Grevsnes Bratten. Ho studerer i Volda og set stor pris på omsorga Betel har for ungdommane i studentbygda.
Publisert: 01.09.2015 kl 12:59
Det høyrest kanskje ekstremt, og kanskje umogleg ut, å vere klar for ekstremsport tolv timar etter du ligg på sjukehuset og får intensiv cellegiftbehandling. Ikkje for 30 år gamle Christopher Woldsund frå Ørsta.
Publisert: 24.08.2015 kl 09:48
Stig Petter Hovde har knivmakar som hobby, og han er dyktig til det også. Alle knivane han lagar, lagar han med personlegdom. - Det å få skape noko med eigne hender har alltid fasinert meg, seier Stig Petter.
Publisert: 01.09.2015 kl 15:10
Du kan framleis plante nye plantar sjølv om hausten har inntatt hagen. Etter sommaren ser ein kva som manglar eller må flyttast i blomsterbeda, og kanskje har du fått ny inspirasjon etter å ha besøkt andre hagar?
Publisert: 17.08.2015 kl 13:25 - Oppdatert: 17.08.2015 kl 15:40
Draumen om å gå Langedalen vart verkeleg for fleire av turdeltakarane som var med på overgangsturen frå Steinstøylen i Romedalen via Ørstaskaret og heim til Mosetra. Og ja, dei fleste av oss fann ut at Langedalen ber sitt namn med rette, for den er til tider dryg. Men i godt selskap går det...
Publisert: 18.08.2015 kl 15:31 - Oppdatert: 18.08.2015 kl 15:54
På kyrkjegarden ved Dalsfjord kyrkje har det den siste tida gått føre seg ei omfattande oppussing. Jamnare grunn, nye flotte murar, større parkeringsplass og fleire tappepunkt for vatn er noko av det som har vorte gjort.
Publisert: 13.08.2015 kl 15:45
For andre år på rad har Ålesund-Sunnmøre Turistforening arrangert Hjørundfjorden rundt. På det meste var 29 personar med.
Publisert: 24.08.2015 kl 09:36
Hagesesongen er på ingen måte over sjølv om hausten kjem nærare.
Publisert: 07.08.2015 kl 15:28
Etter fem dagar på reise åleine, vart undulaten «Blue» endeleg gjenforent med familien sin fredag.
Publisert: 07.08.2015 kl 13:50
Desse orda seier mykje om Edith Flakk, trønderjenta som gjorde Norangsfjording av seg. Ho boblar av energi, entusiasme og gode idear.
Publisert: 03.08.2015 kl 14:12
Uno Lundberg talar myten om at det ikkje har skjedd så mykje i Volda dei siste 40–50 åra midt i mot. Som eit synleg bevis på utsegna peikar han på at det som før var utkantar og utmark, har blitt sentrumsområde. No ser han at tida er komen for at Volda sentrum må vekse i høgda.
Publisert: 17.08.2015 kl 14:28 - Oppdatert: 17.08.2015 kl 14:33
Forny blomsterkassene dine etter ferien. Etter sommarferien kan nokre sommarblomster sjå litt sletne ut.
Publisert: 02.08.2015 kl 07:00
Det summar i øyra, folk snakkar og hygger seg i godt lag over ein kopp kaffi eller noko anna godt. Det dårlege vêret trekk voldingane til kafeane.
Publisert: 01.08.2015 kl 07:00
Fredag var siste feriedag i fellesferien, og på måndag startar arbeidet igjen for dei aller fleste. Vi har snakka med ordførarane og lensmannen for å høyre kva dei brukar ferien sin på.
Publisert: 31.07.2015 kl 08:37
Kameratane Jan Olav Hoggen og Tore Vinjevoll, har halde i hop i tjukt og tynt sidan den gongen dei sat i sandkassa. Sjølv om dei etter nesten 40 år har endra seg mykje, har dei ei stor felles interesse, nemleg dikting.
Publisert: 30.07.2015 kl 07:00
Eit yrande folkeliv og stort lokalt engasjement møtte Noregsturneen til AMCAR Norway Cruise i Ørsta søndag.
Publisert: 29.07.2015 kl 18:00
Sommarles er populært blant born i Volda, og i år er langt fleire med i konkurransen, enn tidlegare.
Publisert: 28.07.2015 kl 07:00
Kaldt sommarvêr har redusert lynaktiviteten over Møre og Romsdal. Mot normalt har dei ikkje registrert lynskade i sommar.
Publisert: 26.07.2015 kl 13:00
– Ørstaelva er ei nydeleg elv å fiske i, smiler Frank Rune Bakkom frå Lillehammer som til no i år har fått to laksar i elva.