Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 05.03.2020 kl 14:00
Etter presentasjonen av Voldabadet i folkemøtet på Volda Turisthotell, vart det opna for spørsmål frå salen. Det enda med eit engasjert ordskifte mellom heidersgjesten Dag Lindebjerg og kommuneleiinga ved varaordførar Sverre Leivdal.
Publisert: 05.03.2020 kl 12:00 - Oppdatert: 05.03.2020 kl 12:47
Dette var den sterke oppmodinga frå tidlegare symjetrenar i Volda og mangeårig NRK-profil Dag Lindebjerg under folkemøtet om nytt symjeanlegg. – Det er utruleg at symjebygda med stor S har hamna i denne situasjonen.
Publisert: 05.03.2020 kl 11:00 - Oppdatert: 05.03.2020 kl 12:49
Tysdag kveld var det fullt i amfiet på Volda Turisthotell då Stiftinga Voldabadet presenterte sitt forslag til nytt symjeanlegg i Volda sentrum.
Publisert: 05.03.2020 kl 10:00
Helse Møre og Romsdal ber alle pasientar som er innkalla til time, og som kan ha vært utsett for smitte av koronavirus om å ta kontakt.
Publisert: 03.03.2020 kl 17:00
Volda-ordførar Sølvi Dimmen (Sp) og justispolitisk talsperson for Senterpartiet, Jenny Klinge, reagerer kraftig på framlegget frå regjeringa til ny domstolstruktur. - For vår lokale domstol på Søre Sunnmøre ligg det an til at sorenskrivaren forsvinn og at vi ikkje lenger blir ein...
Publisert: 03.03.2020 kl 13:00
Volda Rideklubb planlegg å byggje ridehall på Vollane, men har venta på klarsignal frå kommunen. No kan leiar i Volda Rideklubb, Edle Holmin, juble over dispensasjonsvedtaket i TFU. – Dette er startskotet for ridehall i Volda!
Publisert: 03.03.2020 kl 09:20 - Oppdatert: 03.03.2020 kl 12:42
Drifta av dei store tenestene oppvekst og helse-/omsorg hadde eit meirforbruk i 2019, men samla sett fekk Volda kommune eit mindreforbruk. - Det er i all hovudsak på grunn av ei auke i skatte- og finansinntekter, seier økonomisjef Kari Mette Sundgot.
Publisert: 02.03.2020 kl 15:15 - Oppdatert: 02.03.2020 kl 15:15
Regjeringa vil behalde alle rettsstadane i Noreg, men kan kome til å gjere justeringar i rettskrinsane. Det opnar for at heile Møre og Romsdal kan verte ein rettskrins, med ein tingrett som hovudsete og rettsstad der dei andre tingrettane ligg i dag. - Vi stiller oss positivt avventande til...
Publisert: 02.03.2020 kl 11:01
Det vert byrja gravearbeid på Vikeneset ved Volda ferjekai denne veka.
Publisert: 01.03.2020 kl 10:00
I dag har Volda ingen reinseanlegg av avløpsvatn på Vikeneset. Dermed går avløpsvatnet rett ut i Voldsfjorden. Frå artikkelen Møre hadde for nokre veker sidan, veit ein at det ikkje berre er avføring folk trykkjer ned i do.
Publisert: 28.02.2020 kl 11:05 - Oppdatert: 28.02.2020 kl 11:43
Grunna reparasjon av ein ventilator blir det ein ny periode med kolonnekøyring når Rotsethorntunnelen vert nattestengt frå måndag 2. mars til torsdag morgon 5. mars.
Publisert: 27.02.2020 kl 15:00
Leiar i den kommunale byggenemnda, Jan Henning Egset, har orientert nemnda om møtet mellom kommuneleiinga og Stiftinga Voldabadet, og han er usamd i framstillinga frå stiftinga. – Frå det eg har lese i avisa, så har vi ikkje vore på same møtet.
Publisert: 27.02.2020 kl 13:30 - Oppdatert: 27.02.2020 kl 13:55
Byggenemnda vil at kommunen skal undersøke nærare kva moglegheiter som finnes for betre samordning mellom idrettshallen og nytt symjeanlegg. - Litt av grunnen til at kommunen vil bygge symjeanlegg på denne tomta er jo eit håp om synergiar mellom dei to anlegga, meiner nestleiar i nemnda, Ivar...
Publisert: 27.02.2020 kl 13:00
Byggenemnda tek med planane til Stiftinga Voldabadet i arbeidet med å legge fram fire alternativ for nytt symjeanlegg i Volda. Nemnda vil også at kommunen undersøker moglegheitene for integrering og sambruk med den nye idrettshallen som er under bygging på same tomt.
Publisert: 27.02.2020 kl 10:20 - Oppdatert: 27.02.2020 kl 12:37
Etter at Fylkesmannen i Møre og Romsdal har bedt Volda kommune oppdatere smittevernplanen sin etter kommunesamanslåinga, er det kome spørsmål om kommunen har gjeldande smittevernplan som omfattar dei nye delane av kommunen; Bjørke, Viddal og Hornindal.
Publisert: 23.02.2020 kl 15:00
Det er vedteke nytt reglement for den kommunale byggjenemnda, som får stort ansvar i bygginga av m.a. ny ungdomsskule og nytt symjeanlegg. Men ikkje alle er samde i utforminga av reglementet. - Det er ikkje tydeleg kven som sit i førarsetet, politikarane eller kommuneadministrasjonen, seier...
Publisert: 23.02.2020 kl 13:00 - Oppdatert: 23.02.2020 kl 18:11
Kommunestyret har vedteke fullstendig liste over eigedomar som vert fritekne frå eigedomsskatten i nye Volda. Men først kom den årvisse diskusjonen om fritak for Studentsamskipnaden.
Publisert: 22.02.2020 kl 15:00
Kommunestyret vil ha meir informasjon om fleksible opningstider og foreldrebetaling for SFO før dei fastset nye vedtekter.
Publisert: 22.02.2020 kl 08:00
Ordførar Sølvi Dimmen inviterte Stiftinga Voldbadet til møte med kommuneleiinga, og seier betre dialog var målsetjinga med møtet. – God dialog er viktig om vi skal kome i mål med ny symjehall, samstundes som kommunen leitar med lys og lykter etter ting vi kan spare på.
Publisert: 22.02.2020 kl 07:00
Etter at Stiftinga Voldabadet la fram sitt forslag til ny symjehall, vart dei kalla inn på teppet av kommuneleiinga. – Vi fekk kort og godt beskjed om å halde fingrane av fatet, seier Stiftinga Voldabadet til Møre.
Publisert: 21.02.2020 kl 13:30
I kommunestyret kom Raudt med forslag om å kutte i ordførarløna i Volda kommune. – Det er riktig å syne moderasjon i politikargodtgjersle når vi pålegg andre å spare, meiner Gudrun Kløve Juuhl.
Publisert: 20.02.2020 kl 13:00
Ein rapport frå Nordplan seier tydeleg at det ikkje er plass til noko kulturhus på ungdomsskuletomta. - Bygging av både skule og kulturhus vil sprenge arealet på tomta, og vil redusere skulen og eit evt. kulturhus si moglegheit for utvikling i framtida.
Publisert: 19.02.2020 kl 12:42
Kommunestyret vil ha ei ekstern evaluering av det interkommunale samarbeidet om PP-tenesta. – Dette er ei teneste som skal ta vare på dei aller, aller svakaste blant oss, og vi har fått blanda tilbakemeldingar frå brukarane, seier leiar i TOK, Rebecca Riise Bjerknes.
Publisert: 18.02.2020 kl 16:27
Statsminister Erna Solberg (H) seier regjeringa kjem til å leggje bort eit omstridd forslag om endringar i vasskraftskatt som ville ha teke frå kommunane vasskraftinntekter på 3,7 milliardar kroner.
Publisert: 16.02.2020 kl 13:00
Formannskapet gav klarsignal til at landmåling og geodata skulle samlast i Ulsteinvik, men kommunestyret sette på bremsene. Dei vil heller at Volda skal byggje opp si eiga teneste, eller gå i samarbeid med Ørsta.