Klargjør siden...
Annonse

Artikler om Volda Kommune

Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.

– Er det slik nye Ålesund vil bruke makta si?

Reagerer på prisauke for vertskapskommune-avtalar:

– Er det slik nye Ålesund vil bruke makta si?

Publisert:

Varaordførar Sverre Leivdal (Ap) reagerer på at Ålesund kommune skrur opp prisane for interkommunale samarbeid der dei er vertskapskommune. – Det er ikkje rettvist overfor kommunane i omlandet til Ålesund.

Arbeidstilsynet åtvarar om tvangsmulkter

Har ikkje garderobe – Må skifte bak brannbilen:

Arbeidstilsynet åtvarar om tvangsmulkter

Publisert:

Arbeidstilsynet meiner dei tilsette i brannvernet på Grodås vert utsette for kjemisk eksponering og varslar tvangsmulkter om dette ikkje vert retta opp i.

Kjøper ikkje Bratteberg barnehage - enno

Kjøper ikkje Bratteberg barnehage - enno

Publisert: - Oppdatert: 17.12.2019 kl 14:43

Kommunestyret vil vente med eit kjøp av barnehagen på Bratteberg til det er greia ut om dette er eit betre økonomisk og fagleg alternativ enn å bygge nytt for Oppigarden og Sollia.

Annonse
Annonse
– Eit klart løftebrot

– Eit klart løftebrot

Publisert:

I eit brev til kommunen seier VTI Symjegruppa at dei ser på det som eit klart løftebrot at politiske vedtak om ny symjehall ikkje har blitt følgt opp. – No står vi her sju månadar etter stenginga av symjehallen, og framleis er det ikkje laga noko grunnlag for konseptval eller skisseprosjekt.

- Avhengig av gode løysingar for foreldre og elevar

Håpar å halde på Indre Volda skulekrins:

- Avhengig av gode løysingar for foreldre og elevar

Publisert: - Oppdatert: 10.12.2019 kl 14:00

Dersom Austefjord skule skulle bli lagt ned, håpar Stig Olav Lødemel (H) at ein kan kome fram til løysingar som gjer det mogleg for elevane å kome til Hornindal. – Elles fryktar eg at den nye kommunen aldri veks saman.

Frå rådmann til kommunedirektør

Frå rådmann til kommunedirektør

Publisert:

I den nye kommunelova er nemninga «rådmann» skifta ut med «kommunedirektør». Kommunestyret har avgjort at Nye Volda skal nytte denne tittelen på sin øvste administrative leiar.

- Bevar Sollia barnehage

Ber kommunestyret sette foten ned:

- Bevar Sollia barnehage

Publisert:

Anita Arnesen Kragset i Eiendomsmegler Vest håpar kommunestyret vil satse på Sollia barnehage i staden for eit kjøp på Bratteberg. – Dette tilbodet har vore eit stort salsargument til dei som tenkjer på å etablere seg i Volda.

– Fellesnemnda sitt vedtak ligg fast

Skal vere høyring:

– Fellesnemnda sitt vedtak ligg fast

Publisert:

Ordførar Sølvi Dimmen seier at fellesnemnda sitt vedtak om ny høyringsrunde i tilfelle skulenedlegging i Austefjorden ligg fast

– Vi må lytte til elevane og foreldra

Krev høyringsrunde om skulekrinsar:

– Vi må lytte til elevane og foreldra

Publisert:

Arild Iversen (KrF) meiner det vil vere ein sakshandsamingsfeil å hoppe over ei høyringsrunde om skulekrinsar dersom Austefjord skule vert nedlagt. – Om ikkje kommunestyret rettar opp i dette, vil eg klage inn avgjerda til Fylkesmannen.

– Mange kan få ei ekstrem utfordring

Ber innstendig om at krinsgrensene kjem opp på ny:

– Mange kan få ei ekstrem utfordring

Publisert:

I eit brev til politikarane i Nye Volda ber FAU og foreldre i Austefjorden innstendig om at krinsinndelinga vert teken opp på ny dersom skulen deira vert lagt ned. – Mange kan få ei ekstrem utfordring med å få kvardagen til å gå opp.

Usamde om Bratteberg-kjøp

Usamde om Bratteberg-kjøp

Publisert:

Høgre og KrF vil stoppe eit kjøp av Bratteberg barnehage, men fleirtalet i formannskapet vil at rådmannen skal gå i forhandlingar med eigarane.

Håpar å avgrense sommarstenginga

Nye barnehage-vedtekter:

Håpar å avgrense sommarstenginga

Publisert:

Formannskapet ønskjer ei løysing for dei kommunale barnehagane slik at det maksimalt vert to veker med full sommarstenging.

- Hårreisande å gjere slikt over hovudet på folk

Ser vekk frå fellesnemnd-vedtak:

- Hårreisande å gjere slikt over hovudet på folk

Publisert: - Oppdatert: 03.12.2019 kl 13:22

Formannskapet vil vurdere ei nedlegging av barnehagen og skulen i Austefjorden, men dei ønskjer ikkje å sjå på kva skulekrins Austefjord-borna skal høyre til.

Varaordførarløna ut på høyring

Varaordførarløna ut på høyring

Publisert:

Eit fleirtal i formannskapet vil at varaordførar i Nye Volda skal ha lønn som svarar til 40 % av ordførarløna. Ordføraren i Nye Volda får betalt det same som ein stortingsrepresentant.

Kraftig auke for voldingane, reduksjon for honndølane

VA-gebyret neste år:

Kraftig auke for voldingane, reduksjon for honndølane

Publisert:

Voldingane vil oppleve eit kraftig hopp i vatn og avløpsgebyra neste år, men for Honndølane vil prisen gå ned.

Konflikt om arbeidstider

Nye Volda:

Konflikt om arbeidstider

Publisert:

Kommuneleiinga og arbeidstakarane i kontoradministrasjonen er usamde om kva arbeidstida skal vere i Nye Volda kommune. Partane står langt frå kvarandre og det kan bli vanskeleg å kome fram til ei løysing før den nye kommunen ser dagens lys 1. januar.

Blir Samfunnshuset «ungdomshus»?

Blir Samfunnshuset «ungdomshus»?

Publisert:

Formannskapet vil sette av midlar til opprusting av Samfunnshuset og nytt amfi i kinosalen. Dei vil også flytte ungdomsklubben attende til Samfunnshuset, men vil gje klubben pengar til å innreie sine eigne lokale.

Vurderer kulturhus ved ungdomsskulen

Vurderer kulturhus ved ungdomsskulen

Publisert:

Fleirtalet i formannskapet vil undersøkje om det er mogleg å byggje kulturhus som eit byggjesteg 2 for ny ungdomsskule.

Formannskapet klare med sitt budsjettframlegg

Formannskapet klare med sitt budsjettframlegg

Publisert:

Formannskapet er samde om budsjettframlegg der det ligg pengar til kontaktlærarar, nytt amfi og opprusting av Samfunnshuset, samt reguleringsarbeid i Engesetvegen.

Uroa over inneklimaet ved ungdomsskulen

Kommuneoverlegen trekk attende godkjenning:

Uroa over inneklimaet ved ungdomsskulen

Publisert:

Kommuneoverlegen har gjennomført tilsyn ved Volda ungdomsskule etter at fleire elevar har klaga på innemiljøet. Resultatet av tilsynet er at kommuneoverlegen vil trekke attende godkjenninga av skulen. Men vedtaket om at det skal byggjast ny ungdomsskule gjer at kommunen får halde fram...

Oppvask etter Loen-opphaldet

Oppvask etter Loen-opphaldet

Publisert:

Det som byrja som ein diskusjon i formannskapet om godtgjersle til ordførar og varaordførar i Nye Volda fram til nyttår, utvikla seg til noko liknande ein oppvask etter hotellopphaldet i Loen.

Slepp meir «frivillig arbeid»

Slepp meir «frivillig arbeid»

Publisert:

Ordførar og varaordførar i Nye Volda tiltrer ikkje i rollene sine før 1. januar, men fortel at det allereie fører med seg mykje arbeid.
– Det går ut over arbeidsgjevarane våre, og vi får ikkje nokon kompensasjon, seier Sølvi Dimmen og Sverre Leivdal. Men no har formannskapet bestemt at...

– Vi må berre flire av korleis vi er lurt

Færre P-plassar fekk begeret til å flyte over:

– Vi må berre flire av korleis vi er lurt

Publisert:

Det var tydeleg irriterte politikarar som kom med ei real breiside til Volda Campus Arena då dei vart informerte om at det vert færre p-plassar enn førespegla i den kommunale parkeringskjellaren under idrettshallen.

Stenger vegen over Aldalen

Stenger vegen over Aldalen

Publisert: - Oppdatert: 14.11.2019 kl 10:35

Volda kommune melder at vegen over Aldalen vert vinterstengt i dag.

Legg ned Nilletun

Legg ned Nilletun

Publisert: - Oppdatert: 14.11.2019 kl 22:21

Volda kommune legg ned omsorgsbustadane på Mork, også kalla "Nilletun". - Ein er i dialog med dei ni bebuarane og pårørande for å finne alternativt butilbod som er eigna for kvar enkelt, skriv kommunen i ei pressemelding.