Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.
Publisert: 16.01.2018 kl 12:58
Fredag kom vedtaket frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Kjøs krins fortsett skal vere ein del av Hornindal og Nye Volda. Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), meiner sin ordførarkollega i Hornindal, Stig Olav Lødemel (H), har opptredd barnsleg og lite reflektert under saksgangen.
Publisert: 15.01.2018 kl 13:06
Norsk Enøk og Energi (NEE) skuldar Volda kommune for å sette verksemda i ein vanskeleg økonomisk situasjon. No skal partane møtast for å prøve å finne ei løysing.
Publisert: 14.01.2018 kl 13:00 - Oppdatert: 14.01.2018 kl 19:28
I debatten om kva kommune Bjørke skal høyre til i framtida, har helse- og omsorgstilbodet vore diskutert. Mange har gode erfaringar med Hjørundfjordheimen, og er uroa for kva som skjer med omsorgstilbodet om ein skiftar kommune.
Publisert: 13.01.2018 kl 13:00
Kommunaldepartementet har avgjort at Hornindal beheld Kjøs krins, og ordførar Stig Olav Lødemel (H) er glad for vedtaket. No håpar han at ein kan legge bak seg usemja.
Publisert: 12.01.2018 kl 10:25 - Oppdatert: 12.01.2018 kl 15:51
I ei pressemelding stadfestar Kommunal- og moderniseringsdepartementet at grendene i Markane vert samla i Stryn kommune, men resten av Kjøs krins held fram som del av Hornindal kommune.
Publisert: 11.01.2018 kl 18:00
Leiar i fellesnemnda for Nye Volda kommune, Stig Olav Lødemel, har merka seg at somme stiller spørsmål ved fellesnemnda sine mandat og mynde. – Fellesnemnda er lik kommunestyret i Nye Volda kommune, slår han fast.
Publisert: 11.01.2018 kl 13:23
Ørsta-politikar Synnøve Rekkedal Hill (Sp) set spørjeteikn ved om Fellesnemnda for Nye Volda kommune kan kome med lovnader før det er valt kommunestyre i den nye kommunen.
Publisert: 25.12.2017 kl 13:00
Ørsta-politikar Inge Kolås (FrP) er forundra over avgjerda til kommunestyret i Volda om å setje i gang reguleringsarbeid med sikte på oreigning dersom det ikkje kjem ei løysing på Øyralandet. – Eg håpar dei tenkjer seg om ein gong til i denne saka.
Publisert: 23.12.2017 kl 13:00
Ordførar i Hornindal kommune, Stig Olav Lødemel (H), er ikkje nøgd med tilrådinga Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sendt til kommunaldepartementet om grensejustering for Kjøs krins. Han set spørjeteikn ved både argumentasjonen som er nytta og ved habiliteten til Fylkesmannen i saka.
Publisert: 21.12.2017 kl 18:00
Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H) har kontakta kommunaldepartementet for å diskutere grensejusteringa for Kjøs krins. Departementet inviterer til møte rett etter nyttår.
Publisert: 19.12.2017 kl 15:13
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rår til at heile Kjøs krins vert ein del av Stryn kommune. Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, seier at han ikkje er overraska over avgjerda, men av argumentasjonen Fylkesmannen nyttar.
Publisert: 19.12.2017 kl 12:58
Odd A. Folkestad (FrP) er sterkt usamd i at kommunen byrjar ei moglegheitsstudie som tek med alternativ om ei utbygging av ungdomsskulen for opp til 400 elevar. Han meiner dette ikkje kan sjåast på som noko anna enn at ungdomsskulane i kommunen skal sentraliserast. – Dette er eit reint...
Publisert: 18.12.2017 kl 18:00
Formannskapet i Volda har vedteke å setje i gang ei moglegheitsstudie for opprustinga av ungdomsskulen, men dei ynskjer ikkje nokon debatt om skulestrukturen i kommunen på noverande tidspunkt.
Publisert: 16.12.2017 kl 13:00
Om det ikkje kjem ein frivillig avtale om sal av areal på Øyralandet i løpet av første halvår 2018, så vil Volda kommune setje i gang reguleringsarbeid med sikte på oreigning. Det vart vedteke av eit samrøystes kommunestyre under budsjetthandsaminga torsdag ettermiddag.
Publisert: 15.12.2017 kl 14:09 - Oppdatert: 15.12.2017 kl 14:13
- Men då må planleggingsmidlar til Ørstafjordkryssing vere med i pakken. Det er eit ufråvikeleg krav, seier Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp).
Publisert: 09.12.2017 kl 13:00
Rundt 50 næringsdrivane i Volda sentrum har signert eit krav om at det vert laga ny skiltplan for sentrumsområdet. Eller rettare sagt, dei vil ha attende den gamle skiltplanen.
Publisert: 04.12.2017 kl 14:38
Elias Brattli Eide er ny leiar for ungdomsrådet i Volda. Nestleiar Sigurd Tverberg sit i ei arbeidsgruppe som skal jobbe med kulturbygging i Nye Volda kommune.
Publisert: 01.12.2017 kl 14:15 - Oppdatert: 01.12.2017 kl 18:30
Volda Sanitetslag sin advokat, Odd Arne Nilsen, har problem med å skjøne Tomteservice AS sine truslar om søksmål mot Kragset Eigedomsmekling.
Publisert: 30.11.2017 kl 13:00
Johs Jacobsen har for lengst byrja å sende ut julematen til butikkane, og mange har sikra seg julemiddagen ved å kome innom utsalet i kjøtbedrifta. – Vi har hatt ein vekst i salet av julemat på 30 prosent samanlikna med i fjor, seier dagleg leiar, Stig Jacobsen.
Publisert: 30.11.2017 kl 07:00
Volda kommune skal byggje fire nye omsorgsbueiningar for yngre personar på Doktorhaugen i Volda. No vil dei ha inn tilbod på totalentreprisen.
Publisert: 29.11.2017 kl 13:00
Tenoren Bror Magnus Tødenes (24) frå Eiksund i Ulstein, vann tysdag kveld Statoil sitt talentstipend i klassisk musikk.
Publisert: 28.11.2017 kl 12:51 - Oppdatert: 29.11.2017 kl 10:36
Sanitetshuset vart i sommar selt for 4,9 millionar kroner frå Volda Sanitetslag til Tomteservice AS. Innan overtakinga fann stad bestemte Tomteservice AS seg for å heve kjøpet. No går saka til retten.
Publisert: 27.11.2017 kl 13:00
Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjev tilskot til Volda kommune og VTI-symjegruppa for å drive symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. Noko av målsetjinga med støtta er å redusere risikoen for ulykker i samband med bading.
Publisert: 26.11.2017 kl 13:00
Volda kommune har no orientert VTI om planane for nytt lysanlegg i Elvadalen. Målet er å starte på arbeidet kring nyttår.
Publisert: 25.11.2017 kl 13:00
Det tek for lang tid før mørke gatelys vert skifta, noko som er til irritasjon og i verste fall kan skape farlege situasjonar. No vil Volda kommune møte BKK.