Klargjør siden...
Annonse

Artikler om Volda Kommune

Dette søket viser alle nyheter som redaksjonen har merket med nøkkelordet Volda Kommune. Ønsker du å utføre et fritekstsøk for nyheter som inneholder dette ordet kan du bruke den ordinære søkefunksjonen.

Kan vurdere oreigning

Øyralandet:

Kan vurdere oreigning

Publisert:

Volda kommune kan vurdere å nytte oreigning på Øyralandet for å få framgang i utviklingsplanane for området. – Dette vil vere ein siste utveg, men det verkar vere brei politisk semje om dette, seier ordførar Jørgen Amdam (Ap).

– Må vise ambisjonar for Volda sentrum

Planar på Øyralandet:

– Må vise ambisjonar for Volda sentrum

Publisert:

Coop har sett på moglegheitene for utviding på Øyralandet i Volda sentrum. Leidulv Langvatn seier han er kontakta om sal av grunn i området. Han er open for ideen, men meiner ein må satse mykje større enn berre ei butikkutviding.

– Endeleg er det vår tur

Ungdomsskulen skal pussast opp:

– Endeleg er det vår tur

Publisert:

Rektor ved Volda ungdomsskule, Inger Anne Kvamme, er glad for at det er funne plass til oppussing av skulen i økonomiplanen for 2018–2021.
– Dette har vore framme ved jamne mellomrom, men no er det endeleg vår tur.

Annonse
Annonse
Mangel på markering av fartsdumpar

Mangel på markering av fartsdumpar

Publisert:

Møre fekk denne veka ein mail i frå ein lesar, som ikkje var nøgd med at det var mangel på markering av fartsdumpar fleire plassar i Volda kommune.

- Har vurdert andre alternativ

Bompengeplassering:

- Har vurdert andre alternativ

Publisert:

Arbeidsgruppa som har arbeidd med ein felles samferdslepakke for Volda og Ørsta kom førre veke med eit forslag om bomplassering og pris. Einaste bomplasseringa som var nemnt i førsteutkastet var på Klippa og i Furene.
- Det er og vurdert andre områder for plassering, seier Cathrine...

Store utfordringar i åra som kjem

Hovudplan for vatn og avløp i Volda:

Store utfordringar i åra som kjem

Publisert:

I arbeidet med ny hovudplan for vatn og avløp i Volda, kjem det fram store utfordringar knytt til vedlikehaldsetterslep og store investeringsbehov. Størst av alt er behovet for nytt reinseanlegg.

Plass til idrettshall, basseng og ungdomsskulen

Rådmannen ryddar i investeringsbudsjettet

Plass til idrettshall, basseng og ungdomsskulen

Publisert: - Oppdatert: 09.11.2017 kl 14:54

Rådmann i Volda kommune kjem i dag med sitt framlegg for budsjett 2018 og økonomiplan for perioden fram til 2021. Det er «rydda» i investeringsbudsjettet og det vert ikkje nokon auke i eigedomskatten for komande år.

Stor beredskapsøving ved sjukehuset

Stor beredskapsøving ved sjukehuset

Publisert:

I dag vert blir det gjennomført ei fullskala beredskapsøving ved Volda sjukehus. Målsettinga er å øve på massetilstrøyming av pasientar.

Håpar på brei semje

Samferdselspakke for Volda og Ørsta:

Håpar på brei semje

Publisert:

Ordførarane i Volda og Ørsta er samde om ein felles samferdselspakke knytt til Voldatunnelen. No byrjar arbeidet med å «selje» denne pakken til resten av politikarane i Volda og Ørsta. – Tiltaka i pakken er tenlege for heile Volda-Ørsta området, meiner Jørgen Amdam (Ap).

Kvit brur? Eller raud eller blå …

Kommunale vigslar:

Kvit brur? Eller raud eller blå …

Publisert:

Under kommunestyredebatten om kven som skal få mynde til å utføre vigslar på kommunen sine vegner, kom forslag om at brurefolket skal kunne velje kven som står for vigsla etter politisk synspunkt. Arild Iversen (KrF) meiner det vert feil å «gjere politikk» av ein så viktig seremoni.

Evig optimist

Evig optimist

Publisert:

Gunnar Strøm (SV) har arbeidd i mange år for at Volda skal få kulturhus, og seier InnOvata er det største politiske nederlaget han har opplevd. No går enno eit kulturhus-prosjekt over ende, men Gunnar gir seg ikkje av den grunn.

Bompengar mellom Volda sentrum og Mork

Voldatunnelen:

Bompengar mellom Volda sentrum og Mork

Publisert: - Oppdatert: 02.11.2017 kl 15:04

Volda og Ørsta har arbeidd for ein felles samferdselspakke knytt til bygginga av Voldatunnelen. No har gruppa kome fram til eit førsteutkast om kvar bom skal stå og kor mykje det skal koste å passere.

– Ingen automatikk i at den vert nedlagt

Austefjord skule:

– Ingen automatikk i at den vert nedlagt

Publisert:

Arild Iversen (KrF) har røyst spørsmål ved at skulen i Hornindal skal totalrenoverast for over 25 millionar kroner, samstundes som ein vurderer å leggje ned skulen i Austefjord. Ordførar Jørgen Amdam seier det ikkje er nokon automatikk i at skulen i Austefjord vert nedlagt sjølv om den vert...

For dyrt!

Det vert ikkje kultursal ved Høgskulen:

For dyrt!

Publisert:

Statsbygg har orientert ordføraren om kostnadane ved å byggje ny kultursal og kino i mediebygget ved Høgskulen. Kostnadane vert så store at kommunen legg frå seg planane. – Det vert nesten dobbelt så dyrt som vi har sett føre oss, seier Amdam.

Utforkøyring på Skjåstad

Utforkøyring på Skjåstad

Publisert: - Oppdatert: 31.10.2017 kl 07:36

Politiet melder om ei utforkøyring på Skjåstad måndag morgon.

Kommunen treng ein frivillig til styret

Volda Skisenter AS:

Kommunen treng ein frivillig til styret

Publisert:

Volda kommune treng ein person til å representere seg i styret i Volda Skisenter. Valnemnda har enno ikkje funne nokon som vil ta på seg vervet, og går no ut og ber interesserte om å ta kontakt.

Eid støttar Volda i ferjekampen

Volda-Folkestad:

Eid støttar Volda i ferjekampen

Publisert:

Formannskapet i Eid kommune stiller seg bak skrivet som Volda kommune har sendt samferdselsdepartementet om ferjetilbodet Volda-Folkestad.
– Dette er eit viktig samband for heile regionen, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

– Vi treng ein plan B

Lanserer nytt kulturhus-alternativ:

– Vi treng ein plan B

Publisert:

Dan Helge Bjørneset (H) har sett fram eit alternativt forslag til nytt kulturhus i Volda. Han vil synleggjere at det finst alternativ til å leggje kultursal i det nye mediebygget til Høgskulen.
– Vi treng ein plan B om kultursal ved Høgskulen vert for dyr, seier han.

Volda kan bli vertskommune

Skule og oppvekst i Hornindal:

Volda kan bli vertskommune

Publisert:

Volda kan bli vertskommune for skule- og oppvekstsektoren i Hornindal kommune fram til samanslåinga i 2020.

Ny branningeniør i Volda kommune

Ny branningeniør i Volda kommune

Publisert:

Volda kommune har tilsett Knut Øystein Ekroll i stilling som branningeniør.

Krev avklaringar om Volda-Folkestad

Volda kommune:

Krev avklaringar om Volda-Folkestad

Publisert:

Volda-politikarane protesterer på dei nye ferjerutene som er planlagt på strekninga Volda-Folkestad frå 2020, og har sendt ein felles uttale til Samferdselsdepartementet og politikarane på Møre-benken.

Føreslår sentralisering av sjukehuskjøkken

Bygningsmessig utviklingsplan i Helse Møre og Romsdal:

Føreslår sentralisering av sjukehuskjøkken

Publisert:

Både Volda sjukehus og Ålesund sjukehus kan misse kjøkkena sine om konsulentråd vert tekne til følgje.

Ikkje pengar til betre kollektivtransport

Nye Volda:

Ikkje pengar til betre kollektivtransport

Publisert:

Volda og Hornindal har tidlegare fått fire millionar kroner frå kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til infrastruktur i den nye kommunen. Pengane skulle gå til fiberutbygging og betre kollektivtransport mellom Volda og Grodås. Men pengane strekk ikkje til begge deler.

Grunnavtalane er i boks

Turvegen Sentrum–Prestholmen:

Grunnavtalane er i boks

Publisert:

Ein ventar berre på godkjenning av pristilbod før alt er klart for bygging av turveg frå sentrum til Prestholmen og vidare i Elvadalen. Grunneigarane har gjort avtalar med kommunen, og Sparebanken Møre gjev eit bidrag på 300.000 kroner til prosjektet.

Reguleringsplanen er sendt til kommunen

Volda Campus Sparebank 1 Arena:

Reguleringsplanen er sendt til kommunen

Publisert:

Volda Campus Arena AS har saman med Per Mulvik AS utvikla ein reguleringsplan for bygging av ny idrettshall på Joplassen. Planforslaget er no sendt til Volda kommune for vidare handsaming.